Reingjering

Reingjering gjer at tinga dine får lengre levetid og kan faktisk førebyggje sjukdom. Anten det er reingjering av sluk, vasslåser, eldstad, kjøleskap eller frysar, så bør det gjerast med jevne mellomrom.

 

Barn-jente-vaske-spink-1-ost


Reins sluk

 

 

Kvifor?

Betre vassgjennomstrøyming i dusjen.

Hår, feitt og såperestar samlar seg i sluket etter at du har dusja. Over tid kan dette tette avløpet og i verste fall forsteine. Då er det vanskeleg for vatnet å renne ned i avløpet, og det kan bli liggande mykje vatn i dusjen. Dette kan føre til vasskader. I tillegg til vasskadar kan det også danne seg ei ubehageleg lukt i eit sluk som er i ferd med å tette seg. Heldigvis kan du reinse sluk raskt og enkelt og forhindra at det tetter seg.

Kva treng ein? Oppvaskbørste, reingjeringsmiddel, oppvaskbørste, tjukk ståtråd eller liknande

Sjekk at det er fall mot sluket på badet, til dømes ved å helle litt vatn på golvet for å sjå kor det renn.


Korleis?

  1. Ta bort rista.
  2. Dersom du har eit moderne bad med moderne sluk: dra opp «koppen» frå sluket.
    - Har du eit eldre bad har du ikkje dette og kan gå rett til steg 3.
  3. Fjern hårrestane og alt synleg skitt du ser og når i sluket og på «koppen» dersom du har det. Bruk gjerne ein gamal oppvaskkost til å skrubbe på det som har byrja å forsteine.
    - Bruk gjerne gummihanskar viss du syns det er ekkelt å ta på søppelet i sluket.
  4. Skyll godt, la gjerne vatnet renne litt så du ser at alt er greitt.
  5. Sett på plass «koppen» og rista.

Det viktigaste med å reinse sluket er å fjerne avfallet frå sluket. Du kan òg bruke avløpsrens til å reinse ekstra opp om du ønskjer det. Skal du bruke avløpsreins tilråder vi å bruke flytande variantar då desse som regel er meir skånsame mot røyrene og omkringliggande materialar. Merk at avløpsreins kan vere veldig sterkt, sjølv om den er luktfri, så ver forsiktig med å bruke produktet. Bruk gjerne gummihanskar.

  1. Hell Mudin i avløpet.
    - Delvis tett sluk: Tilset 2,5 dl og la det virke i minst 15 minutter.
    - Heilt tett sluk: Tilset 5 dl og la det virke i minst 30 minuttar, gjerne over natta.
  2. Skyll med varmt/kokande vatn ned i avløpet.
Video placeholder image

Har du vasskade?

Dersom du oppdagar vasskader på badet, anbefaler vi å kontakte fagfolk og følgje råda til Direktoratet for Byggkvalitet for å sikre ei miljøvennleg og effektiv oppussing.



Reinse vasslåsar

Kvifor?

Betre vassgjenomstrømming i vasken.

Matrestar, feitt og såperestar kan samle seg i avløpssystemet over tid. Då er det vanskeleg for vatnet å renne ned gjennom avløpet, noko som kan føre til vasskader. I tillegg til vasskader kan det òg dannast ei ubehageleg lukt som kjem opp gjennom vasken. Heldigvis kan du enkelt fjerne proppar, reinse vasslåsen og forhindre at det tetter seg.

Kva treng ein? Gummihanskar, oppvaskbørste, avløpsrens

Ikkje kast matrestar i vasken! Kast matrestar i søpla ved å bruke papir/matpose.

Korleis?

  1. Demontere vasslåsen ved å løysne dei store mutrane eller boltane som held delane saman. Bruk begge hender.
  2. Demontere alle «røra» i systemet slik at alle delane er separert.
  3. Reinse kvar del for fett og skitt med varmt vatn, reinhaldsprodukt og ein gammal oppvaskbørste, og sørg for at innsida av røra blir glatte og frie for alt belegg som kan skape propper.
    - Dersom det er ei propp i sjølve vasslåsen kan du bruke ein tjukk ståtråd eller liknande, og tilpasse den slik at den kan løysne proppa.
  4. Sjekk alle delane som sit i avløpet og skift eventuelt ut øydelagde delar.
  5. Skru alle delane av vasslåsen på plass og sørg for at dei sit tett.

Har du vasslås med forventil – sjå her

  1. Sjekk om du har ein botnpropp i vasslåsen og løsne denne.
  2. Reins vasslåsen gjennom forventilhullet ved å dra ut smuss og vaske med papir eller klut der du kjem til.
  3. Om du ikkje har botnpropp reinsar du gjennom avløpet til vasken ved å skru av pungvatnlåsen, ein slags kopp, som sit i sluket.
    - Pungvatnlåsen er montert med gjenge som kan skruast av og på med henda.
  4. Reins pungvatnlåsen og der du kjem til i sluket ved å ta vekk smuss og kalk og vask over med ein klut.


Ha ein stor vårreingjering

Kvifor?

Ein rein og godt vedlikehalda heim har redusert risiko for skader og held verdien lenger.

I løpet av året samlar det seg søl, støv og skitt på stader ein ikkje alltid ser når ein tar den vanlege husvasken. Liggjande der lenge kan det potensielt krevje mykje for å få det reint og det kan oppstå skader. Derfor er det lurt å ta ein skikkeleg vårreingjering for å sjekke og vaske dei litt meir gøymde stadene i heimen.

Kva treng du? Støvsugar med ulike funksjonar, mikrofiberklut, ulike reingjeringsmiddel, svamp, nal, mopp

Dette er ei perfekt moglegheit til å ta ein ekstra sjekk i heimen for å sjå etter feil, manglar og slitasje.

Korleis?

  1. Støvsug golv, teppe, lister, sofa og lenestol.
  2. Vaske lister, karmar og brytarar og ta flekkfjerning på dører.
  3. Grundig støvtørking.
  4. Vaske baderomsmøbel (toalett, dusj, badekar osv.) og utvendig skap.
  5. Vaske bak baderomsmøbel
  6. Vaske panelomnar og radiatorar.
  7. Vaske golv.
  8. Vaske omn og mikroomnen.
  9. Vaske kjøkkenskap og skuffer utvendig og innvendig.
  10. Enkel flekkfjerning på veggar bad og kjøkken.
  11. Vaske vindauge.


Reingjer eldstad 

Kvifor?

Effektiv og rein peis med lågare risiko for pipebrann.

Ein rein vedomn brenn meir effektivt og miljøvennleg, og er i tillegg tryggare. Reine peisar produserar mindre sot enn skitne. Blir det liggjande mykje sot på innsida av pipen, kan det oppstå sotbrann som kan skade skorsteinen og auke risikoen for pipebrann. Det er heldigvis ikkje så vanskelig å reingjere peisen. Dette bør gjerast før og under peissesongen, men det er også fint å reingjere peisen etter peissesongen. 

Kva treng ein? Avispapir, ildfast bøtte, eventuelt askestøvsugar 

Skorsteinen skal feiast minst kvart fjerde år. Oftere viss det dannar seg meir sot enn normalt i skorsteinen.

Korleis?

  1. Sørg for at alle glør er sløkt og at oska i peisen er blitt kald.
  2. Fjerne sot på peisglaset ved å fukte eit krøllete avispapir, dyppe det forsiktig i oska i omnen og så gni papiret mot glasset med oskesida vendt inn mot glasset. Gjenta til det er reint. Denne metoden er miljøvennleg, effektiv og rimeleg. 
  3. Fjern oske frå peisen ved å ta ut det grovaste laget av oska frå botnen av peisen, og tøm oskeskuffa. Du treng ikkje fjerne all oska frå botnen av peisen, spre det heller utover til du får eit askebelegg på ca. éin cm. Oskebelegget beskyttar peisbotnen og isolerar, slik at du lettare får fyr og unngår sløkking. 
    - Bruk alltid ei ildfast bøtte når du fjernar aske frå omnen, og la det liggje i bøtta til du er sikker på at det ikkje er nokon glør att. Du kan også bruke ein oskestøvsugar for å fjerne oske. Her er det veldig viktig at du bruker ein oskestøvsugar og ikkje vanleg støvsugar, då glørne i omnen kan gjere at ein vanleg støvsugar blir øydelagt. 
  4. Gå over brennplatene og hvelvet i peisen, og sjekk at dei er heile. 
    - Brennplatene er dei beige platene i peiskammeret, og hvelvet er plata i taket i kammeret. Har de mindre sprekker går det fint, men viss det manglar bitar og det er større skader bør desse delane skiftast ut.
  5. Sjekk pakningane i peisdøra, og sjå at dei er heile. 
    - Dette er dei svarte eller grå snorene du finn rundt innsida av peisdøra og glasset. Pass på at pakningane rundt døra og rundt innsida av glaset er heile, slik at det ikkje blir noko lekkasje. Sjekk òg at det ikkje er noko sprekkar i kittet. Har du pakningar eller kitt på omnen din som er slite, må du skaffe nye frå ein eldstadsforhandlar. Du kan fint byte pakningar og påføre ovnskitt sjølv. 

Om du opplev mykje sot, kan det vere på grunn av fyring med fuktig ved, for lite trekk eller for lite tilgang til frisk luft. Prøv difor å halde veden tørr, og sørg for at tilgongen på trekk og luft er tilstrekkeleg. 



Smør hengslar og låsar 

Kvifor?

Knirkefrie dører og vindauge som er lette å opne.

Nokre gonger kan hengslane på dører og vindauge bli veldig knirkete, og låsar kan bli tørre, skitne og vanskelege å få nøklar inn i. Dette er både irriterande og kan gjere at det blir vanskeleg å opne dører og vindauge, spesielt når det blir kaldare. Heldigvis er det lett å fikse dette sjølv.

Kva treng ein? Smøreolje, klut, skrutrekkar 

Velg riktig type smøremiddel. Ikkje bruk kombiolje på sprayboks som både smørar og verkar rustløysande då dei kan binde salt og øydelegge låsen over tid.

Korleis?

  1. Påfør smøreolje frå boks på låsen eller hengslane.
  2. Ha ein klut klar til å tørke dersom du sølar med olja.
  3. Prøv med nøkkelen i låsen eit par gonger, eller sving dørene fram og tilbake, for å sjekke at nok olje har blitt påført og at den spreier seg.
  4. Etterstram skruane på hengslane ved behov. Pass på å ikkje skru alt for hardt.


Reingjere kjøleskap 

Kvifor?

God lukt og mathygiene.

Over tid kan kjøleskapet begynne å lukte vondt av matsøl som har festa seg i lister, på hyller eller langs veggane. Dersom matvarer kjem i kontakt med gammalt matsøl kan det i verste fall oppstå matsmitte. Eit skittent kjøleskap kan òg føre til at vassavløpet tettar seg. Det betyr at vannet som renn på baksida av kjøleskapet ikkje renn igjennom hullet og fordampar, men heller blir liggande i botnen av kjøleskapet. Blir det mykje vatn kan det lekke ut av kjøleskapet. Heldigvis er det raskt og enkelt å reingjere kjøleskapet. Etter reinhald er det lettare å få oversikt over kva matvarer ein har slik at ein kan redusere matsvinn.

Kva treng ein? Vaskemiddel, reinhaldsspray, mikrofiberklut, oppvaskbørste 

Ein lett vask av kjøleskapet bør gjerast månadleg.

Korleis?

  1. Dra ut kontakta til kjøleskapet.
  2. Ta ut all maten.
  3. Ta ut alle hyller og skuffer.
  4. Vask hyller og skuffer med varmt vatn og vaskemiddel etter behov.
  5. Vask innsida av kjøleskapet ved å spraye reinhaldsspray på flekkar og smuss og så vaske med vatn og klut. Begynn på toppen og flytt deg nedover veggane og rillane som held hyllene.
    - Bruk ein oppvaskbørste eller tannbørste om det er vanskeleg å kome til.
  6. Sjekk at hullet til vassavløpet ikkje er tett og tørk vekk eventuelt matsøl.
  7. Sjekk om det er hull, sprekkar eller rifter i dørtetningane.
  8. Plasser hyller og skuffer tilbake i kjøleskapet.
  9. Sette i kontakta og sjå til at temperaturen er satt riktig på 2-4 grader.
  10. Legg matvarene tilbake og organiser det slik at du har god oversikt over varer som bør brukast snart.
  11. Vask utsida av kjøleskapet med reingjeringsspray og mikrofiberklut.

Tips!

Unngå å bruke sterke kjemiske vaskemiddel i kjøleskapet då dei kan både skade matvarer og innsida av kjøleskapet. Varmt vatn og litt Zalo eller sitronsaft held.
Prøv å ha god oversikt over matvarer i kjøleskapet slik at ting ikkje blir liggande for lenge. På denne måten kan ein redusere matsvinn. Hugs «best før, men ofte god etter».


Reingjere fryser 

Kvifor?

Unngå høgt straumforbruk, øydelagde matvarer og vasskade.

Kvar gong fryserdøra opnast, vil varm og fuktig luft møte den kalde lufta i fryseren. Etter kvart vil vassdampen frå den varme lufta kondensere og fryse til is. Is på hyller og veggar verkar isolerande, som i praksis betyr at frysaren må jobbe hardare for å halde temperaturen kald. Det betyr høgre straumkostnader. I tillegg kan for høg temperatur i frysaren øydelegge matvarer. Om for mykje is legg seg i frysaren, kan det etter kvart bli vanskeleg å lukke fryserdøra. Dette kan føre til at døra står på gløtt utan at ein er klar over det, og over tid vil isen smelte og vatn renne utover gulvet. Nokre frysarar har automatisk avriming, Nofrost, men om ein ikkje har det, er ein nøydd til å avrime fryseren ved jamne mellomrom.

Kva treng ein? Kjøleboks og fryselement eller noko anna for å oppbevare fryste matvarer, skål, handkle, reingjeringsmiddel, oppvaskbørste, tresleiv eller slikkepott, mikrofiberklut 

Korleis?

  1. Slå av frysaren.
  2. Tøm frysaren for mat.
  3. Legg mat du vil behalde i ein kjøleboks med fryselement, i frysar nummer to, ei kjølig garasje eller ute om det er kaldt nok.
  4. Ta ut alle hyller og skuffer.
  5. Ta ut proppen eller ventilen så vatn kan renne ut, og plasser ein skål eller liknande under for å samle opp vatnet. Legg gjerne eit handkle på golvet for å vere sikker på at det ikkje kjem vatn på golvet.
  6. Vask skuffer og hyller med såpevatn.
  7. La is og frost i frysaren smelte litt.
    - Om det er veldig mykje is i frysaren kan du legge ein skål med varmt (ikkje kokande) vatn i frysaren i 5-10 minutt for at isen skal løsne raskare.
  8. Fjern is og frost ved å skrape med hendene eller uskarpe reiskaper som ein tresleiv eller slikkepott. Nokre kjøleskap kjem med ei isskrape.
  9. Vask innsida av frysaren med ein rein mikrofiberklut og såpevatn, og tørk godt med ein tørr klut.
  10. Slå på frysaren.
  11. Legg tilbake matvarene.

Tips!

Planlegg denne oppgåva litt i førevegen, slik at du kan bruke opp mat frå frysaren og ikkje handle inn så mykje nytt rett før du må tømme frysaren for mat for å defroste.
Ikkje bruk elektriske apparat som brødristar eller hårfønar til å smelte isen då det kan gjere skade på fryseren. Vatn og elektrisitet er òg ein farleg kombinasjon.

I vedlikehaldsmodus?

Gå tilbake til vedlikehaldskalendaren for å sjå oversikta over kva som bør gjerast kvar sesong.

Nyttig om forsikring

Du er sjølv ansvarleg for å vedlikehalde heimen din og melde inn skader med ein gong du ser forhold i heimen din som ikkje er som det skal. Vi anbefaler å jamleg gjere vedlikehaldsarbeid slik at du har god kontroll på feil, manglar og slitasje som kan oppstå.

På denne måten reduserar du skadeomfanget og kan unngå større konsekvensar som fukt-, vatn- og brannskader kan føre til. Dersom det oppstår brå skader, sjølv om du er flink til å gjere vedlikehaldsarbeid, kan forsikringa dekke skadene.

Logg inn for å sjå kva forsikringar du har i dag

Les meir og kjøp eller oppgrader innbuforsikring

Les meir og kjøp eller oppgrader husforsikring

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }