Bilde av mann med hettegenser som smiler framfor ein varebil. Tekst på varebil: Myran Rørservice ASRørlegger Myran opplevde at selskapsform utgjorde forskjell då han gjekk frå ENK til AS

Bytet frå ENK til AS

Røyrleggar Lars Morten Myran opplevde at val av selskapsform hadde direkte påverknad av korleis han blei oppfatta i bransjen.


– Eg opplevde at eg ikkje blei tatt seriøst ute i marknaden med eit enkeltpersonføretak. Rådet frå banken blei å starte eit aksjeselskap. Eg byrja med å lande anbod, og etter kvart fekk eg gode referansar. Det var då ballen verkeleg byrja å rulle, seier Lars Morten Myran.

Trønderen angrar ikkje eit sekund på at han gjekk tilbake til røyrleggarbransjen, og starta bedrifta Myran Rørservice AS som spesialiserer seg innanfor totalrenovering av bad. Men det er forskjell på å vere tilsett, og å drive for seg sjølv.

– Då eg berre var tilsett som røyrleggar kunne eg gå heim etter at jobben ute hos kunden var ferdig. Når eg starta eige firma måtte eg ta alt frå bestilling, leverandørkontakt, tilbod og administrativt sjølv. Det betydde òg at det var mykje som måtte gjerast som eg ikkje kunne, fortel Myran.

Les òg: AS eller ENK - kva skal du velje?

 

Gode råd i startfasen

Det er likevel den økonomiske situasjonen som ofte avgjer kva selskapsform ein endar opp med å velje. Då kan det vera greitt å vite at du har folk i banken som kan gi gode råd og som kan hjelpa deg om du lurer på noko.
 

– Det har vore veldig kjekt å ha kontakt med nokon som verkeleg kan det med å starte bedrift, og som har rettleia undervegs, fortel Myran.

Startfasen kan vere avgjerande for at bedrifta oppnår suksess. Då kan banken vere ein viktig støttespelar.

– Det første du bør gjere er å kontakte oss for å få råd om stega du skal ta vidare. Saman finn vi ut kva som må vera på plass før du går i gang. Døme på ting vi kan hjelpe med kan vere lovpålagte krav, yrkesskadeforsikring eller pensjon, seier Marte Mølnvik, leier på kundesenteret for bedrifter.

Les òg: Tilsette fleire? Dette må de tenke på

Video placeholder image

Vil vekse

I starten var det både lange dagar og mykje nytt Myran måtte lære, men allereie første året såg han avkastinga i form av overskot i bedrifta.

– Det er utruleg godt å ha skapt sin eigen arbeidsplass og kunne sjå at all den innsatsen ein legg inn faktisk blir vist på rekneskapen.

Det har vore dagar der han knapt har vore heime, og han har gått ein del rundar med prioriteringar i bedrifta. I framtida ønsker han å vekse, og om nokre år ser Myran for seg å tilsette fleire.

– For meg har det heile tida vore viktig å ha mål å jobbe mot, men ikkje noko er gjort på ein dag. Legg ein ned mykje innsats og verkeleg brenn for å få bedrifta til å vekse, er alt mogleg. Det hjelper med nokre ekspertråd på vegen dit, meiner røyrleggaren.

Det beste tipset til rådgivaren

Bedriftsrådgivar Marte Mølnvik i SpareBank 1 deler dei beste råda sine om kva du bør tenka over i startfasen:

  • I eit enkeltpersonføretak er du personleg ansvarleg for økonomien i bedrifta, medan du som eigar i eit aksjeselskap, i utgangspunktet ikkje er det.
  • Oppstartsfasen er kritisk uansett kva selskapsform du vel. Ta smarte vurderingar med tanke på investeringar. Det er viktig å ha full kontroll på pengane.
  • Uansett selskapsform, er det viktigaste at du kan skilje dine eigne pengar og avtaler frå pengane og avtalane til bedrifta di. Det kan gjerast enkelt og ryddig ved at du har to ulike nettbankar. Éin privat og éin for bedrifta.
  • Ha kontroll på faste utgifter, skattar og avgifter.
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }