Dra nytte av å satse på berekraft i bedrifta
Å tenke på berekraft er ikkje berre noko kundane og myndigheitene masar om. Det handlar faktisk om å sikre bedrifta si framtid.
Å tenke på berekraft er ikkje berre noko kundane og myndigheitene masar om. Det handlar faktisk om å sikre bedrifta si framtid.
Ved å ta tak i berekraftsutfordringar kan bedrifter få betre kontroll på risikoar og lære å handtere desse.
Dette vil hjelpe til for å:
Når bedrifta di tar skritt mot ei meir berekraftig framtid, opnar det dører for:
Alle verksemder er tent med å ta inn berekraft som ein del av sin forretningsmodell.
Både for å redusere risiko og identifisere nye moglegheiter.
Det blir stilt krav til berekraft i di verksemd, uansett kva du driv med.
Alle verksemder har eit ansvar for at vi når våre felles mål for berekraft. Dette gjeld både våre felles internasjonale mål, som FNs berekraftsmål og Parisavtalen, og våre eigne nasjonale mål.
Våre felles, internasjonale mål:
FNs berekraftsmål er som ei slags to-do-liste for heile verda, der vi jobbar saman for å bli kvitt fattigdom, redusere forskjellane mellom folk og stoppe klimaendringane innan 2030.
Parisavtalen er ein internasjonal avtale der landa har lova å gjere sitt beste for å hindre at kloden blir meir enn 2 grader varmare (og helst ikkje meir enn 1,5 grader) innan vi går inn i det neste hundreåret.
Norske mål:
ESG-risiko er potensielle tap bedrifter kan møte på grunn av miljøutfordringar, sosiale forhold og styringsproblem. Det krevst og blir forventa meir frå bankar, investorar og kundar i dag.
ESG er eit viktig berekraftsomgrep som omhandlar selskapsforholda miljø (Environment), sosialt ansvar (Social) og selskapsstyring (Governance). ESG-risiko handlar ganske enkelt om bedrifta sin risiko knytt til nettopp dette.
For eksempel kan klimaendringar vere ein risiko for di bedrift, og det vil vere spesielt viktig å følge med på nye reglar og teknologiar knytt til dette for å tilpasse seg.
Det handlar også om å ha kontroll på heile bedrifta si verdikjede, spesielt når det gjeld saker som barnearbeid, arbeidsrettar og sikkerheit.
Korleis bedrifta behandlar menneske, og unngår å bli innblanda i saker som for eksempel skatteunndraging og korrupsjon, er også viktige punkt.
Tidlegare var alt dette kanskje mest viktig for omdømet til bedrifta, men no er det essensielt for å overleve som bedrift.
Det er stor interesse for berekraft i næringslivet, og både kundar, politikarar og andre har eit høgt fokus på korleis bedrifta i landet tar si del av ansvaret mot ei meir berekraftig framtid.
I dagens samfunn er det meir enn berre lønnsemd som tel. Bedrifter blir utfordra til å vise sitt engasjement for berekraftig utvikling.
Kundane krev miljøvennlege produkt, politikarar innfører strengare miljølovgjeving, og investorar ser etter bedrifter som tar sitt samfunnsansvar på alvor.
Det er ikkje lenger nok å berre generere forteneste, bedrifter må også bevise at dei bidrar til ei betre og meir berekraftig verd.
Utover å følge lover og forventningar, så handlar det også om kva di bedrift vil vere. Vil de vere ei ansvarleg bedrift som bidrar til ei betre verd både for eigne tilsette og dei som arbeider i leverandørkjeda dykkar? Bryr de dykk om dei som er påverka av det de driv med, om det er kundar, lokalmiljøet, klima eller naturen?
Det er dette som kallast å ha ein berekraftig og ansvarleg forretningsplan og forretningsmodell. Dette vil bedrifter i aukande grad bli utfordra på framover. Både på grunn av endra lover og rammevilkår, men også fordi kundar og samfunn stadig vil forvente meir ansvarlegheit frå næringslivet.
I samband med dette er det òg viktig å identifisere der bedrifta di har størst påverknadskraft. Alle bedrifter har både positiv og negativ påverknad på klima, miljø og samfunn – ved å forstå dette, er du allereie eitt skritt nærare å finne riktig retning for bedrifta.
Nokre selskap begynner allereie rekneskapsåret 2024, medan andre har litt betre tid på seg.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium