Kva betyr det eigentleg å vere berekraftig?

Berekraft handlar om meir enn berre klima og miljø. Vi ser nærare på kva berekraftig utvikling betyr for ei bedrift.

placeholder image

Omgrepet «Berekraft»

Skal ein definere omgrepet berekraft viser ein som regel til Brundtlandkommisjonen, som på starten av 80-talet fekk i oppdrag av FNs generalforsamling å lage «A global agenda for change». I rapporten «Our Common Future / Vår felles framtid» definerast berekraftig utvikling, og det er den definisjonen dei fleste refererer til, også i dag:
 

«Utvikling som imøtekjem dagens behov utan å øydelegge moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekka sine behov.»


Ei god kjelde med enkle forklaringar av berekraftsomgrepet er FN-sambandet, som er ein organisasjon som jobbar for å spreie kunnskap om FN i Norge.

Tre sentrale element

Dei fleste assosierer berekraft med miljø og klima, men berekraftig utvikling handlar også om sosiale forhold og økonomi.

Sosiale forhold dreier seg om bedrifta sin påverknad på samfunnet, menneska, og lokalmiljøet. Økonomidelen dreier seg for eksempel om å unngå økonomisk kriminalitet og å styre bedrifta på ein god måte.

Kanskje ender du opp med å jobbe meir med sosiale forhold eller økonomi enn med miljø og klima? Det vil framleis vere berekraftsarbeid.

Eit viktig prinsipp for berekraftig utvikling, er at du må ha positiv påverknad på eitt av desse elementa utan å ha negativ påverknad på nokon av dei andre. Viss du for eksempel installerer solceller med bruk av sosial dumping eller svart arbeid, så er jo ikkje det særleg berekraftig.

Ansvarleg næringsliv 

Berekraft for ei bedrift handlar om å ta samfunnsansvar, eller drive ansvarleg næringsliv. Mange bruker dette omgrepet, og definerer det som at bedrifter har gode rutinar for å handtere risiko for skade på menneske, samfunn og miljø.

Næringslivet er sentralt for økonomisk vekst, jobbar og utvikling, men dei har også eit ansvar for å skape eit samfunn der både menneske og natur trivast. Utan næringslivet sitt bidrag kan vi ikkje nå FNs berekraftsmål eller klimamåla.

Derfor blir det stilt høgare krav til bedrifter om ein «berekraftig og ansvarleg profil». Lovreguleringar rundt menneskerettar, naturvern, klima og økonomisk kriminalitet varierer mellom land og bransjar – men trenden er klar: det kjem berre meir og meir av dette!

Når må bedrifta di rapportere på berekraft?

Nokre selskap begynner allereie rekneskapsåret 2024, medan andre har litt betre tid på seg.