Slik kjem du i gang med berekraftsarbeidet
Finn ut kva grep du kan ta for å lukkast med berekraftsarbeidet i di bedrift.
Finn ut kva grep du kan ta for å lukkast med berekraftsarbeidet i di bedrift.
Når du har ein grei forståing om kva omgrepet «berekraft» inneber og kva dette betyr for di bedrift, er det på tide å kome i gang med den kjekke delen!
Sett av tid og jobb deg gjennom stega nedanfor.
Dette arbeidet kan du anten setje i gang med åleine, eller du kan ta med deg nokre gode kollegaer allereie frå starten av. Det viktigaste er at du sørger for å setje av rikeleg med tid til å verkeleg fokusere på det de skal gjere, og å gjere jobben så skikkeleg som mogleg.
Når du er klar til å setje i gang, jobb deg gjennom stega, så kan vi love deg at du ender opp med eit godt grunnlag for berekraftsarbeidet i bedrifta.
Lykke til!
Det finst utallige verktøy som kan vere nyttige i berekraftsarbeidet for di bedrift. Her har vi samla dei viktigaste.
Du bør kjenne til FNs rettleiande prinsipp om næringsliv og menneskerettar, eller UNGP (UN Guidelines for Business and Human Rights).
Prinsippa fortel deg heilt konkret korleis du som bedrift skal forhalde deg til menneskerettane som næringslivsaktør.
Det er også laga ein norsk handlingsplan, og der er bedriftene sitt ansvar omtalt over 10 lettleste sider. Dei bør lesast av alle.
OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap er eit internasjonalt anerkjent rammeverk som fremjar ansvarleg næringsliv. Desse retningslinjene oppfordrar bedrifter til å respektere menneskerettar, arbeidarrrettar og miljø, og motarbeide korrupsjon.
OECD samarbeider med sivilsamfunn, fagforeiningar, styresmakter og næringsliv for å utarbeide informasjonsmateriell og rettleiarar tilpassa forskjellege bransjar. Norges kontaktpunkt har forenkla og omsett fleire av desse rettleiarane, inkludert ein guide for aktsemdvurderingar, som er enkel å følge gjennom seks trinn. Norske styresmakter forventar at alle bedrifter kjenner til og følger desse retningslinjene.
OECD har òg utvikla Ansvarlegheitskompasset, som er eit verktøy bedrifta kan bruke for å få eit oversiktsbilde over i kor stor grad retningslinjene blir følgde.
Dersom du tenker at bedrifta du jobbar i vil ha nytte av å melde seg inn i eit nettverk eller ein organisasjon på berekraftsfeltet, bør du vurdere FNs Global Compact. Dette er verda sitt største initiativ for eit berekraftig og ansvarleg næringsliv.
Som norsk bedrift melder du deg inn i det norske nettverket. Der kjem du i kontakt med andre bedrifter som jobbar med berekraft, du får tilgang til seminar og ulike grupper som initiativ som kan vere aktuelle.
Global Compact har òg ei rekke ulike verktøy og hjelpemiddel du kan bruke, som du finn ope tilgjengeleg på heimesida.
Skift er eit næringslivsdrevet klimainitiativ i Norge for bedrifter med ambisiøse berekraftsmål.
Det finst i hovudsak to typar sertifiseringar: sertifisering av drifta dykkar, og sertifiseringar av produkta dykkar. Det finst sertifiseringar innan alle delar av berekraftsbegrepet. Så dersom de for eksempel har stor miljø- og klimapåverknad frå drifta dykkar, så er miljøsertifisering av drifta eit veldig viktig verkemiddel for å redusere den påverknaden.
For ein oversikt over dei mest brukte sertifiseringane i Norge, sjå Forbrukarrådet si merkeoversikt.
Det manglar ikkje på rammeverk og forkortingar ein bør kjenne til når ein skal arbeide med berekraft. Her er dei viktigaste.
Og lurer du på kva alle forkortingane eigentleg står for?
FNs berekraftsmål
Du må kjenne til FNs berekraftsmål, som ofte blir forkorta SDG på grunn av den engelske nemninga «Sustainable Development Goals».
Parisavtalen og andre viktige miljøavtalar
Det er viktig å kjenne til det globale miljø- og klimaarbeidet. Om den første miljøkonferansen i 1972. Brundtland-kommisjonen frå 1987, og Rio-konferansen frå 1992. Det er fint å ha høyrt om Konvensjonen om biologisk mangfald, Klimakonvensjonen og kva COP er. Og til sist: COP 21 i Paris i 2015, der Parisavtalen ble vedteken.
Det er også fint å vite at Norge har en Klimalov, vedteken i 2017 og at det er forskjell på kvote- og ikkje-kvotepliktig sektor. For Norge sin del kan det vere fint å også kjenne til "Klimakur 2030", der offentlege aktørar har utgreia ulike tiltak og verkemiddel som kan gi minst 50 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030. Og til sist regjeringa si Klimaplan 2021-2030.
Frå rekneskapsåret 2024 innførte EU sitt nye direktiv om berekraftsrapportering, CSRD (Corporate Sustainability Reporting Directive), eit rammeverk som skal sikra ein meir meningsfylt og standardisert rapportering av berekraftsinformasjon frå bedriftene, og gjelde for langt fleire bedrifter enn tidlegare.
Alle børsnoterte selskap og alle selskap med over 250 tilsette har no rapporteringsplikt på dette. Enn så lenge treffer CSRD for det meste større bedrifter direkte, men vil påverke heile verdikjedar indirekte.
Menneskerettar
Menneskerettane er ein viktig del av arbeidet med sosial berekraft. Arbeidstakarrettane er ein sentral del av menneskerettigheitsregelverket, og er òg globale. Av desse bør du i det minste kjenne til ILOs kjernekonvensjonar. ILO står for International Labour Organisation.
FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar;
Eit rammeverk vedteke av FN i 2011 som beskriv korleis bedrifter skal forhalde seg til og respektere menneskerettane. Rammeverket omhandlar blant anna korleis bedrifter skal gjøre aktsemdvurderingar, både i eiga drift og elles i verdikjeden.
Openheitslova
Det blir eit aukeande tal lover og reglar på berekraftsfeltet, mellom anna Openheitslova, vedtatt i 2021, som set krav til bedrifters openheit om arbeid med menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
OECDs retningslinjer
OECD utvikla prinsipp for ansvarleg næringsliv i 1976. Dette er forventningar om at selskap – uavhengig av størrelsar, kven som eig dei eller bransje – bidrar til berekraftig utvikling, og samtidig bidrar til å handtere og unngå negativ effekt som er forårsaka av eiga verksemd, leverandørkjeda eller forretningsforbindelsar.
Dette skal ein gjere gjennom å utføre aktsemdvurderingar for ansvarleg næringsliv, både i eiga drift og verdikjede. OECD har også ulike rettleiarar for ulike bransjar.
Klimarisiko er den fysiske risikoen som kjem av eit endra klima, og risikoen som overgangen til eit lågutsleppsamfunn skapar, i form av endra etterspørsel, teknologisk utvikling og regulatoriske krav.
TCFD er forkorting for Task Force on Climate-related Financial Disclosures, eit rammeverk som hjelper bedrifter å rekne ut og rapportere om hvilke risiko klimaendringane representar for bedrifta.
EU la i 2019 fram The European Green Deal, som på norsk kallast EUs grønne giv. Målet er å gjere Europa til den første klimanøytrale regionen i verda innan 2050 og er òg eit viktig verkemiddel for å oppnå FNs Berekraftsmål.
Ein viktig del av Green Deal er handlingsplanen for berekraftig finans. Formålet er å bruke «alle verktøy i verktøykassa» for å flytte pengar frå ikkje-berekraftige aktivitetar, til berekraftige aktivitetar. For å bestemme kva som er ei berekraftig aktivitet har EU laga eit klassifiseringssystem, på engelsk kalla «taxonomy», og derfor ofte på norsk kalla «taksonomien».
Berekraftsarbeid er ikkje veldedighet
Det handlar ikkje om å gi pengar til ein barneheim eller støtte ein innsamlingskampanje. Sjølvsagt er det viktig at bedrifter bruker av overskotet sitt til å støtte gode føremål. Men det er ikkje berekraftsarbeid. Grunnen til det er fordi det ikkje handlar om bedrifta si verksemd. Det handlar ikkje om å forsterke den positive påverknaden eller redusere den negative.
Berekraftsarbeid kan ha heilt feil fokus
Medieinteresse rundt eit tema eller interesseorganisasjonars merksemd og fokus på eit spesielt område, kan få bedrifter til å jobbe med heilt andre berekraftstema enn dei burde. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere noko. Fokuser på dei områda som blir identifiserte i analysen dykkkar, og jobb godt med desse.
Lureri og grønvasking
Det er heldigvis eit fåtal bedrifter som beviss lurer kundar, men skjønnmaling og uvitenheit er meir vanleg. Mange har nok litt feil fokus i berekraftsarbeidet, og det er ikkje uvanleg at bedrifter tenker meir på kortsiktig inntening enn kva tiltak som gir den beste berekraftige påverknaden.
Nokre selskap begynner allereie rekneskapsåret 2024, medan andre har litt betre tid på seg.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium