Frå 2022 blei pensjonslovene for privat sektor endra slik at alle tilsette har rett til pensjonsopptening for lønn frå første dag i jobb, og første tente krone. Nytt frå 1. januar 2023 er at sparing frå første krone også omfattar bedrifter som ikkje er pliktig til å ha tenestepensjonsordning.

Worried entrepreneur young ein working at desk on laptop looking serious

Blir dykkar bedrift omfatta av endringane 1. januar 2023?

Nytt regelverk omfattar bedrifter som ikkje er pliktige til å ha tenestepensjon. Pensjonsordninga vil automatisk bli endra til å spare frå første krone.
Sparesatsen for lønn mellom 0-1 G blir endra til same sparesats som de har for lønn mellom 1-12 G. 

Vurderer de alternative sparesatsar, kan de endre spareplan ved å logge inn i kundeportalen.

Spørsmål og svar til dei nye reglane

  • De kan endre spareplanen i kundeportalen - logg inn her. Velg "Oversikt" og så "Endre spareplan".

    For å endre opptaksvilkår for alder og stillingsprosent må de fylle ut følgjande skjema.

     

  • Dersom de i dag har ein sparesats over minimum (2 %) kan de vurdere å tilpasse sparesatsen for å finansiere sparing frå første krone. De kan imidlertid ikkje velje eit nivå som er lågare enn 2 % 0-12G. Merk at ein slik tilpassing kan medføre at nokre tilsette får auka sparing og nokre tilsette får lågare sparing.

  • Slike spareplanar kan vidareførast så lenge dei oppfyller minimumskrava til sparing (tilsvarande 2 % av lønn 0-12 G).

  • Alle tilsette over 13 år og som tener over rapporteringspliktig lønn i A-meldinga skal meldast inn i pensjonsordninga. Dagens unntak for tilsette med alder under 20 år, deltid under 20 % stilling og sesongarbeidarar er ikkje gyldige etter 30. juni 2022.

    Sesongarbeidarar skal meldast inn på lik linje med andre tilsette. Desse var tidlegare særbehandla i lovverket, men denne særbehandlinga er oppheva, jf lovvedtak i Stortinget (Lov om innskotspensjon (LOI) §4-2 fjerde ledd og lov om tenestepensjon §3-5). Merk at det framleis kan vere unntak knytt til tilsette som ikkje er med i Folketrygda, tilsette som er medlem i utanlandsk pensjonsavtale eller som er over 75 år (Herunder LOI §4.1, §4-2 LOI Forskrift §2, LOI Forskrift §6-1).

    For å endre opptaksvilkår for alder og stillingsprosent må de fylle ut følgjande skjema.

  • Mindreårige arbeidstakarar under 18 år har ikkje råderett over opptent pensjon. For desse arbeidstakarane er det verge som må ta val for den mindreårige, både når det gjeld korleis midlane skal forvaltast, val av eventuell sjølvvalgt leverandør og reservasjonar av tidlegare oppspart pensjon.

    For mindreårige arbeidstakarar under 16 år er det verge som må samtykkje til at det blir innhenta helseopplysningar for den tilsette. Mindreårige arbeidstakarar kan derimot frå dei er 16 år sjølv samtykkje til at helseopplysningar blir innhenta.

  • For dei fleste er denne grensa 1 000 kroner per tilsett per år. For enkelte grupper kan beløpet vere avvikande. Les meir hos Skatteetaten.

  • For ein tilsett i 100 % stilling i ei bedrift med minimum sparing (2 %) er auka sparing 2 128 kr (2 % av 0 – 1 G,  1 G= 118.620). For deltidstilsette blir beløpet redusert i samsvar med stillingsprosenten. Auka sparing vil også påverke pris for innskotsfritak (lovpålagd forsikring) og på sikt forvaltingskostnadane. Dersom endring i opptaksvilkår medfører fleire tilsette, vil også administrasjonsomkostningane gå noko opp. Bedrifta kan sjå på ulike alternativ for spareplan på innlogga side.

  • Frå 1. januar 2023 er alle bedrifter omfatta av sparing frå første krone. 

  • Dei som skal meldast inn, skal også ha uførepensjon om avtalen har det. Det er ikkje mogleg å unnta dei for dette. Har avtalen få medlemmar må dei levere helseerklæring. Om medlemstida er kort og helseerklæring ikkje blir levert vil dei ikkje bli teken opp i uførepensjonsdelen.

  • Ja, tilsette skal informerast om endringane. Dersom bedrifta har 15 eller fleire medlemmar må bedrifta ha ein styringsgruppe for pensjon. Styringsgruppa er lovpålagt og skal bestå av minst tre personar. Minst ein av personane skal veljast av og blant medlemmane. Styringsgruppa skal uttale seg i saker som gjeld forvaltinga og praktiseringa av pensjonsordninga. Regelverket skal behandlast av styringsgruppa før det blir vedtatt eller endra.

    Aktuell lovtekst: Lov om innskotspensjon §2-6, Lov om tenestepensjon §2-4

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }