Fakturasal
Sender du faktura til kundane dine, men treng pengane før forfallsdato? Med fakturasal kan du selje fakturaen til oss og få pengane på konto innan kort tid.
Sender du faktura til kundane dine, men treng pengane før forfallsdato? Med fakturasal kan du selje fakturaen til oss og få pengane på konto innan kort tid.
Fakturasal passar for alle bedrifter som fakturerer andre bedrifter, og som frå tid til annan har behov for at pengane kjem raskare inn på konto. Til dømes:
Inngå avtale om fakturasal, så er du klar dersom behovet oppstår. Det kostar ingenting å ha avtalen klar, du betalar berre ein prosentsats av beløpet på fakturaene du vel å selje til oss.
Når du ønsker å selje ein faktura sender du originalfakturaen til oss.
Vi godkjenner fakturaen dersom kredittvurderinga av kunden din er OK.
Du har pengane på konto kort tid etter at vi har gjort kredittvurderinga av kunden din.
Vi vidaresender fakturaen til mottakar med informasjon om overdraging og betalingsopplysingar.
Vi overtar alt ansvar og administrasjon av fakturaen, i tillegg til kredittrisikoen.
Fakturasal blir prisa som ein provisjon. Provisjonen utgjer ein prosentsats av beløpet på fakturaen. Pris varierer frå kunde til kunde, og er basert på kredittida som er gitt på fakturaen (det er høgare kostnad forbunde med å selje ein faktura med 120 dagars kredittid, enn ein faktura med 14 dagars kredittid), risikoprofilen til bedrifta di og risikoen vi vurderer knytt til den bedrifta som skal betale fakturaen (kunden din). Det er med andre ord ingen kostnader forbunde med å ha avtalen. Kostnadar kjem berre ved sal av faktura. Slik kan det fungere/eksempel:
Provisjonskostnaden blir då 2.500,- for 30 dagars kredittid. Du vil få kr 97.500,- utbetalt på dag 1 i staden for at du ventar på dei 100.000,- i 30 dagar. |
Fakturasal handlar om å selje fakturaer enkeltvis. Du får utbetalt inntil 99 % av fakturaens pålydande innan 24 timar. Factoring er ei teneste som passar best for deg som ønsker å kombinere administrasjon av kundefordringsmassen, samstundes som du får ei belåning på alle kundefordringane på inntil 80-90 %. Fakturasal er på denne måten eit mindre forpliktande og meir fleksibelt produkt enn factoring. |
Nokon av kundane dine vil truleg ikkje kjenne til fakturasal som finansieringsløysing. Du bør ta ein prat med kundane dine om fakturasal før du set avtalen i gang for fullt. Dei fleste av kundane våre og kundane til kundar opplever dette som ein heilt ryddig prosess. Med ein stadig aukande bruk av outsourcing av tenester er veldig mange bedrifter vant til å forholde seg til at det er skilje mellom den som fakturerer for varen eller tenesta og den som krev inn pengane. I mange tilfelle opplevast dette som eit svært profesjonelt skilje der ein kan konsentrere energien i kunde-/leverandørforholdet om det sentrale i dette forholdet, og ikkje oppfølging av betalingstransaksjonane. |
Fakturaen din er i utgangspunktet uendra, med unntak av to element. SpareBank 1 Finans Midt-Norge skiftar ut kontonummeret ditt med sitt sidan kunden din skal betale inn til SpareBank 1 Finans Midt-Norge-kontonummeret sitt. Du har jo allereie fått pengane dine frå SpareBank 1 Finans Midt-Norge. I tillegg set vi inn ein kort tekst som informerer kunden din om at fakturaen må betalast til SpareBank 1 Finans Midt-Norge, og ikkje til det kontonummeret kunden vanlegvis betalar til når det er du som fakturerer. Sjølve utsjånaden på fakturaen følger det designet du ønsker å ha på dei utgåande fakturaene dine. |
Fakturasal blir levert av SpareBank 1 Finans Midt-Norge.