10 gode grunnar til å ha fakturasal i verktøykassa

Riktig val av finansiering er avgjerande for bedrifter som ønsker å vekse, eller som av andre grunnar treng pengar på bok. Her får du ti gode grunnar til kvifor du bør ha fakturasal tilgjengeleg i den finansielle verktøykassa di.

Mann tel lagervarer.

1. Du får pengane på kontoen din umiddelbart

Når vi kjøper fakturaen din, får du utbetalt pengane seinast neste virkedag. Dette gjeld heilt uavhengig av den opphavlege forfallsdatoen til fakturaen.

2. Du betaler berre ved bruk

Det kostar ikkje noko å ha fakturasal tilgjengeleg. Når du sel ein faktura, betaler du berre ein provisjonsprosent av fakturabeløpet.

3. Du har full fleksibilitet og ingen binding

Når du inngår ein fakturasalsavtale med oss forpliktar du deg ikkje til noko. Du bestemmer sjølv kva faktura du ønsker å selje, og når du vil selje dei.

4. Du frigjer tid til kjerneverksemd

Når vi kjøper fakturaen din, tar vi over kravet og gjer resten av jobben for deg. Du kan fokusere på di eiga kjerneverksemd.

5. Du set pengane dine tilbake i arbeid med ein gong

Når du sel ein faktura, får du betalt for jobben du har gjort eller for varen du har levert med ein gong. Du slepp å forhalde deg til betalingstida av kunden din og du kan setje pengane tilbake i arbeid med det same.

6. Mindre risiko

Når vi kjøper fakturaen din, overtar vi både fakturakravet og risikoen for manglande betaling frå kunden din.

7. Du får mindre behov for anna finansiering

Dersom bedrifta di er prega av periodevise svingingar eller sesongvariasjonar, kan du bruke fakturasal til å handtere betalingstoppane. På den måten reduserer du behovet for andre og meir kostbare finansieringsløysingar.

8. Du får færre kostnadar

Med fakturasal betalar du berre ein provisjonsprosent av fakturabeløpet ved bruk. Dermed slepp du å forhalde deg til andre finanskostnadar som for eksempel rammeprovisjon eller løpande renter.

9. Du får opptil 99 % belåning

Når du sel ein faktura får du belåning på opptil 99 % av fakturabeløpet, avhengig av provisjonsprosenten din.

10. Du får raskt tilgang til finansiering der du er

I kundeportalen vår kan du når som helst laste opp og selje ein faktura til oss. Dersom du bruker Azets eller Xledger kan du i tillegg selje fakturaen din til oss direkte i økonomi- og rekneskapssystemet ditt. 

Oppsummert: Betre betalingsevne på premissane dine!

Det er nettopp desse 10 fleksible eigenskapane som gjer at vi anbefaler deg å ha ein fakturasalsavtale liggande i den finansielle verktøykassa di. Med fakturasal får du raskt og enkelt pengar på kontoen når du treng det.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }