Tips og råd
Fastrenteinnskot
Skal du spare på konto, kan du få den beste innskotrenta til banken ved å binde renta og pengane i ein avtalt periode.
Skal du spare på konto, kan du få den beste innskotrenta til banken ved å binde renta og pengane i ein avtalt periode.
Du kan ikkje setje inn eller ta ut pengar på kontoen i løpet av bindingstida. Dersom du likevel må gjere uttak før bindingstida er slutt, må du betale eit uttaksgebyr. Gebyret blir berekna av uttaksbeløpet for resten av bindingstida.
Avkastinga er avhengig av rentesatsen på det tidspunktet som avtalen blir inngått. Renter blir kreditert kontoen på utløpsdato.
Med eit fastrenteinnskot bind du pengane og sparerenta i ein avtalt periode, ofte 6 eller 12 månadar.
Renta du får i bindingstida blir ikkje påverka av at renta i marknaden endrar seg. Du veit på førehand kva du får i avkasting.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium