Av og til dukkar det opp uventa utgifter, eller eit kortsiktig behov for pengar. Då kan forbrukslån vere eit alternativ. Her er nokre konkrete tilrådingar til deg som av ulike grunnar vurderer eit slikt lån.
Når kan det vere fornuftig med forbrukslån?
Lån til tannhelse
Plager i tenner og munnhòle kan vere smertefullt, og kan påverke kvardagen til både deg og familien din veldig negativt.
Tilrådingane våre:
- I Norge er hovudregelen at vaksne må betale tannlegerekninga sjølv. Det finst nokre moglegheiter for å få dekt nokon av utgiftene. Helsestyresmaktene har vedtatt enkelte tilstandar som gir rett til delvis dekning av tannhelseutgifter. Sjå om du fell innanfor nokon av desse før du søker om lån.
- Er det ein tannskade kan du vere dekt av forsikring. Les meir om forsikringane som dekker tennene.
- Viss du ikkje har nok pengar til å betale for nødvendig behandling, og heller ikkje kvalifiserer til støtte gjennom refusjonsordningane, kan du søke støtte hos NAV. Kontakt ditt lokale NAV-kontor for meir informasjon.
- Viss du verken kvalifiserer til refusjonar eller ei støtteordning, og du endar opp med å betale ein eigenandel sjølv, kan det framleis vere meir kostbart for deg å utsetje behandlinga. Eit lån gir deg moglegheit for å ta vare på tannhelsa di. Vi skal gi deg ein nedbetalingsplan tilpassa økonomien din.
Lån til verkstadsrekning
Dei fleste familiar treng bil for å få levert barn i barnehagen eller handla mat. Ikkje alle bilar har ei forsikring som dekker alle typar skadar. Ved større utlegg som ikkje blir dekt av forsikringa kan forbrukslån vere aktuelt.
Tilrådingane våre:
- Kontakt oss for å vere sikker på at forsikringa ikkje dekker skaden din.
- Kontakt fleire verkstader for å få ein lågast mogleg pris på reparasjonen.
Lån til vasskade
I mange tilfelle vil forsikringa di dekke vasskade. Det er viktig å få utbetra vasskadar hurtig for å unngå at bustaden din får følgeskadar.
Tilrådingane våre:
- Kontakt oss for å undersøke om forsikringa di dekker skaden.
- Kontakt fleire handverkarar for å få ein lågast mogleg pris på utbedringa.
- Les omtaler av handverkarane før du vel ein.
Lån til skade eller sjukdom
Uventa skade eller sjukdom kan skape hindringar i kvardagen, og gjere det vanskeleg å komme seg på jobb. Nokre behandlingar kan du få refusjon for, og nokon må du dekke sjølv. Eit alternativ er behandling hos private helseføretak finansiert med forbrukslån.
Tilrådingane våre:
- Sjekk om skaden eller sjukdommen blir dekt av forsikringa di.
- Avklar med det offentlege om du får refusjon for utlegget.
- Er ventetida for å få refusjon lang kan du mellomfinansiere med eit forbrukslån.
Samanlikn prisar
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no