Krigen i Ukraina – slik blir du påverka som kunde

Vi i SpareBank 1 har den djupaste medkjensla for alle som er berørt av krigen i Ukraina.

Som samfunnsaktør er tankane våre med alle som er påverka av krigen – og som finansaktør har vi eit særleg ansvar for følge opp dei internasjonale forpliktingane som Norge har tatt på seg i samband med sanksjonane mot Russland.

Kva dette betyr for deg som kunde, har vi samla på denne sida. Finn du ikkje svar på det du lurer på? Ta gjerne kontakt med oss. 

Ukrainas flagg i gult og blått.

Betaling til og frå utlandet

Sanksjonane mot Russland kan påverke utenlandsbetalinger, ved at desse kan ta lengre tid enn normalt.
 

Betalingar til Russland og Belarus

SpareBank 1 og andre norske bankar kan ikkje gjennomføre transaksjonar som er underlagt internasjonale sanksjonar.

Transaksjonar til eller frå mottakarar i Russland og Belarus kan bli vanskeleg å gjennomføre framover, for både privatkundar og bedriftskundar. Vi anbefaler å vente med å sende pengar til desse landa.

Betalingar til bankar i Russland


Betalingar til Ukraina

Sikkerheitssituasjonen i Ukraina og pågåande cyberangrep mot ukrainske bankar gjer det også usikkert om betalingar til Ukraina vil komme fram. Pengane kan komme i retur, bli låst eller forsvinne.

Transaksjonar til og frå områda Krim, Sevastopol, Donetsk og Luhansk kan bli spesielt vanskeleg å gjennomførw.


Sparing

Internasjonale sanksjonar mot Russland betyr at vi har sett avgrensingar på nokew fond og aksjar. 
 

Fond med russisk eksponering

SpareBank 1 har stengt for kjøp av fond som har høg andel i russiske aksjar. Det betyr at du ikkje kan kjøpe desse fonda no.

Desse fonda er i tillegg stengt av forvaltar, som gjer at du heller ikkje kan selje andelar. Eksisterande spareavtaler i dei aktuelle fonda blir òg stoppa.

Vi stenger for kjøp av fond med høg andel i russiske aksjar


Urolege aksjemarknader

Krigen i Ukraina skaper naturleg nok noko uvisse og uro på aksjemarknaden. Du må derfor forvente større svingingar i marknaden i tida framover.

Historisk sett ser vi god avkasting i den globale aksjemarknaden, trass i fleire krigar og kriser. Det er derfor ikkje lurt å gjere nokre store endringar i den langsiktige sparinga di akkurat no.

Slik kan krigen påverke fondssparinga di


Spørsmål og svar

  • Visa-korta våre vil ikkje fungere på brukarstadar (inkludert netthandel) i Russland. Dette fordi desse brukarstadane gjerne har innløysar-avtalar med russiske bankar, og desse innløysarane er suspenderte av Visa. Sjå nyheitssenteret til Visa.
  • Det same gjeld for kredittkorta våre (Mastercard).

Som følge av krigen i Ukraina har Norge og ei rekke andre land innført strenge sanksjonar mot Russland. Fleire av desse sanksjonane treffer det russiske bankvesenet, og påverkar evna vår til å samarbeide med dei.

Transaksjonar til eller frå mottakarar i Russland og Belarus kan dermed bli vanskeleg å gjennomføre framover, for både privatkundar og bedriftskundar. Vi anbefaler å vente med å sende pengar til desse landa.

Betaling til bankar i Russland

Frå vår side er det ikkje noko som hindrar at pengar kan sendast frå Russland til ein konto i banken vår.

Det er likevel mogleg at det finst slike hindringer hos den russiske banken, eller hos samarbeidsbankane den russiske banken bruker for å sende pengar til Norge. Vi har dessverre ingen måte å påverke dette på.

Vi anbefaler kundane våre å be avsendaren kontakte det russiske banksambandet sitt, for å undersøke moglegheita for å sende pengar til kontoen din i Norge.

På grunn av den svært usikre situasjonen i Ukraina, innføring av sanksjonar og pågåande cyberangrep mot ukrainske bankar, er det usikkert om betalingar til mottakarar i Ukraina vil komme fram. Til og frå følgjande område kan det bli spesielt vanskeleg å overføre pengar: Krim, Sevastopol, Donetsk og Luhansk.

Korrespondentbankane våre, som er involverte i å gjennomføre internasjonale betalingar, gjer sine eigne risikovurderingar. SpareBank 1 kan derfor ikkje garantere at betalingar du initierer i nettbanken faktisk vil komme fram. Pengane kan bli frose eller i verste fall gå tapt.

Vi ønsker ikkje å gi deg råd og tips om korleis du kan omgå sanksjonane ved hjelp av eventuelle alternative måtar å overføre pengar på. Vi vil heller fråråde deg dette. Først og fremst er det viktig å rette seg etter sanksjonane som styresmaktene har innført.

Det er òg viktig å vere klar over at det er stor risiko for at pengar overført gjennom alternative løysingar ikkje kjem fram. Det er også fare for å bli utsett for svindel dersom ein nyttar ukjente betalingsløysingar. 

Angrepa har gjort utslag på børsen, det er det ingen tvil om. I krisetider er det likevel ekstra viktig å ha is i magen, og ikkje få panikk. Sjølv om børsen går kraftig ned ein dag, tilseier all historikk at det vil ta seg opp igjen. Tenk deg om før du sel.  

Slik kan krigen påverke fondssparinga di

SpareBank 1 forheld seg til dei økonomiske sanksjonane som det internasjonale samfunnet har innført, og har stengt for kjøp av fond med høg andel i russiske aksjar. Vi stoppar òg eksisterande spareavtaler i desse fonda. Sparebank 1-kundar kan ikkje kjøpe seg inn i dei aktuelle fonda no.

Fonda er i tillegg stengt av forvaltar, noko som betyr at det heller ikkje går an å selje andelar i desse fonda inntil vidare. SpareBank 1 har òg valt å stoppe eksisterande spareavtaler i desse fonda.

Russiske fond som er stengt for kjøp

Vi veit at svindlarar utnyttar situasjonar som skaper kaos. Ver ekstra oppmerksam på e-post, SMS og liknande som kjem i desse dagane.

Ein viktig hugseregel er STOPP – TENK – SJEKK:

  • Spelar dei på hastverk? Lokkar dei eller truar? Spør dei etter personleg informasjon? – STOPP
  • Forventar eg å få dette? Kva er det avsendaren eigentleg vil at eg skal gjere? – TENK
  • Er det lenker til ukjente nettstader? Hald musepeikaren over lenka (utan å klikke) for å sjekke om teksten i lenka stemmer overeins med domenet den fører til. – SJEKK

Dette dekker reiseforsikringa

UD har komme med nye reiseråd til Ukraina, Russland og Belarus. Reiseforsikringa dekker avbestilling av reiser hit, og evakuering for reisande som er i dei berørte landa. Har du fleire spørsmål om reiseforsikringa di? 

Spørsmål og svar om reiseforsikring


Støtt Ukraina

Spleis har gjort det enkelt å støtte hjelpeorganisasjonar som bidreg med hjelp til Ukraina. Du kan òg starte di eiga innsamling til offera for krigen. Spleis tar ingen gebyr for innsamlingar til offera i Ukraina.


Auka fare for svindel

Erfaringsmessig aukar aktiviteten til svindlarar under kriser, du bør derfor vere ekstra oppmerksam på dette i tida framover.

Svindelmetodar du bør vere klar over

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }