Derfor lønner det seg å bruke Mastercard Ung
Mange er redde for å bruke kredittkort fordi dei trur det er dyrt, men visste du at det i nokre situasjonar kan lønne seg? Bruker du kortet smart, kan du faktisk spare pengar!
Mange er redde for å bruke kredittkort fordi dei trur det er dyrt, men visste du at det i nokre situasjonar kan lønne seg? Bruker du kortet smart, kan du faktisk spare pengar!
Mange forbind kredittkort med høge renter, men du kan faktisk gå i pluss ved å betale med kredittkort framfor vanleg bankkort. Du får nemleg fordelar som gratis reiseforsikring og eigenandelsforsikring på leigebil med på kjøpet. I tillegg kan du få gode rabattar og tilbod når du bruker kortet.
Det er berre viss du ikkje betaler heile kredittkortrekninga ved forfall at du må betale renter på lånet. Betaler du alltid heile beløpet i tide, kostar det deg ikkje noko. Og med verktøya du har tilgong på i nett- og mobilbanken er det såre enkelt. Bruker du eFaktura, det gebyrfrie alternativet vårt, får du varsel når rekninga kjem , og kan betale ho på forfallsdato med berre nokre få klikk.
Når du tar ut pengar i utlandet, anbefaler vi at du er påpasseleg med å bli trekt i lokal valuta, og ikkje i norske kroner. Då slepp du gebyr. Du må betale eit lite valutapåslag, men det gjeld også om du bruker vanleg bankkort.
Med kredittkortet har du også gratis reiseforsikring. Viss du betaler minst 50 % av reisa di med ditt Mastercard Ung, har du mellom anna forsikring for avbestilling ved sjukdom, skader som oppstår på reisa og tapt bagasje. Sidan Mastercard fungerer over heile verda, er du i tillegg sikra problemfri betaling nesten overalt.
Og kanskje best av alt: Om du blir svindla undervegs, er det pengane til banken som blir borte og ikkje pengar frå brukskontoen din.
Å ha kredittkort i same bank som du har dei andre kontoane dine i, er ein stor fordel. Det gjer det kjempelett for deg å halde full oversikt over økonomien din, sidan du får både kredittkort og kontoar samla i éin nettbank.
Du slepp òg å klø deg i hovudet og lure på kva PIN-koden på kredittkortet er. Koden blir den same som på det vanlege bankkortet ditt.
Betaler du rekninga ved forfall, kjem det ingen ekstra kostnader. Viss du utset betalinga, betaler du renter. Priseksempel ved utsett betaling:
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium