Samsung Pay
Med Samsung Pay™ kan du enkelt og raskt betale med Samsung mobil eller klokka på nett, i appar og i butikken.
Legg til kortet ditt i appen, så er du i gang.
Med Samsung Pay™ kan du enkelt og raskt betale med Samsung mobil eller klokka på nett, i appar og i butikken.
Legg til kortet ditt i appen, så er du i gang.
Samsung Wallet er ei digital lommebok på mobilen. Den gir deg moglegheit til å betale med bankkort og kredittkort i butikkar og på nett med Samsung Pay.
Husk å registrere medlemskort når du betaler
Har du medlemskort eller fordelskort må du hugse å scanne strekkoden før du betaler med Samsung Pay. Du kan legge inn desse korta i appen slik at dei er lett tilgjengeleg. Les meir om medlemskort og Samsung Pay.
Samsung Pay kan òg brukast som betalingsmåte på eit stort utval nettstader og appar. På denne måten slepp du å legge inn kortinformasjonen din og opprette betalingsprofilar på fleire stader.
Du kan legge til bankkorta og kredittkorta dine frå Sparebank 1 i Samsung Wallet og betale med Samsung Pay.
Det kan vere ulike grunnar til at du ikkje får betalt med Samsung Pay. Vi har følgjande tips du kan prøve.
Du treng ein Samsung mobil eller klokke med støtte for NFC betaling og Samsung Wallet. Du må ha Samsung Wallet installert og eit kreditt- eller debetkort lagt inn i Samsung Pay.
Vi anbefaler at du sikrar mobilen din/nettbrett med kode, då vil sannsynet for misbruk bli avgrensa.
Viss du har mista mobilen din anbefaler vi deg å kontakte kundeservice slik at vi kan sperre det digitale kortet knytt til Samsung Pay. Du vil framleis kunne bruke det fysiske kortet som vanleg.
Ta kontakt med oss på 57 82 97 00 eller +47 57 82 97 00 viss du er i utlandet.
Viss du har ei ukjend betaling eller transaksjon med Samsung Pay, kan du opprette ei reklamasjonssak.
Det finnast fleire måtar du kan legge til eit kort i Samsung Pay.
Prøv ein av følgjande metodar:
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium