Flytte til nye lokale
Å flytte til nye lokale er eit stort steg. Er du sikker på at det er riktig for bedrifta di?
Å flytte til nye lokale er eit stort steg. Er du sikker på at det er riktig for bedrifta di?
Når du tenker at bedrifta treng nye lokale, kan det vere lurt å ha klart for seg kva dei nye lokala skal gjere for bedrifta. Bruk gjerne sjekklista vår før du bestemmer deg for å flytte.
Kanskje du treng å leasa maskiner og utstyr, eller må ha eit større lån for å komme på plass i nye lokale?
Før du tar på deg nye utgifter bør du setje opp eit reknestykke som viser kva kostnader du har etter flytting og kva du forventar av nye inntekter.
Ta gjerne med dette når du møter rådgivar: Siste rekneskap, likviditetsbudsjett og forretningsplan.
Vurderer du å eige i staden for å leige bør du ha klart for deg kvifor.
Er det ei rein investering? Då bør du sjekke utviklinga i eigedomsmarknaden. Ønsker du å leige ut til andre bedrifter på same eigedom eller ser du strategiske meirverdiar ved å eige? Uansett svar, ha eit klart mål med eigarskapet.
For enkelte kan det vere smart å eige sine eigne bygg, særleg dersom du driv i ein bransje med høge kontantstraumar og lågt investeringsnivå.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium