Hand stablar pengar.

Endringar i ENK – enkeltpersonføretak

Burde du ha eit AS i staden for ENK? Skal neste generasjon ta over? Sjekk korleis du går fram ved ulike endringar i enkeltpersonføretaket.


Byte frå ENK til AS

Tenker du på å endre enkeltpersonføretaket ditt til AS? I nokre tilfelle kan det vere lurt. Før du bestemmer deg, er det uansett smart å ta ein prat med ein rekneskapsførarDei kan gi deg gode råd – spesielt med tanke på skatt og korleis du bør gå fram.

Har du planar om å gjere om ENK til AS, er det lurt å ha ein ryddig økonomi. Med ein eigen bedriftskonto skil du bedrifta sin økonomi og den private økonomien din. Du får òg trene på å styre økonomien som i eit aksjeselskap.


Avhending og sal av ENK 

Viss eigaren av enkeltpersonføretaket går bort, eller sel bedrifta, skal enkeltpersonføretaket avsluttast.

Fordi eit enkeltpersonføretak er knytt til ein fysisk person, kan ikkje føretaket – med organisasjonsnummer og firmanamn – direkte blir overført til ein ny eigar.

Ved kjøp eller avhending av eit enkeltpersonføretak er det berre verdiane og eigedelane i bedrifta som blir kjøpt eller blir overført. Kjøparen må starte si eiga bedrift, og det er denne nye bedrifta som overtar eigedelane.

Du kan overføre aktiviteten føretaket driv til eit anna føretak. Det gjer du ved å registrere endringar for enkeltpersonføretaket i Brønnøysund.


ENK og generasjonsskifte

Er det tid for at junior tar over bedrifta? Det er fint at bedrifta lever vidare gjennom generasjonar, og det er ulike måtar å gjere det på. 

Når det er tid for generasjonsskifte, har du to moglegheiter:  

  1. Eit ENK kan ikkje overførast direkte til ein annan, men du kan overføre aktiviteten bedrifta driv med. Du kan selje eller gi den bort i arv eller gåve.

    Viss junior vil halde fram med å drive bedrifta som eit ENK, må det registrerast eit nytt ENK i Foretaksregisteret. 
    Register endringar (sal, arv, gåve) og nytt ENK

  2. Vil du overføre sjølve bedrifta, må ENK-et først blir gjort om til eit AS. Såg må aksjane overførast som ei gåve. Slik byter du frå ENK til AS.

    Når aksjeselskapet er oppretta, må du lage eit "gåvebrev" der aksjane i aksjeselskapet blir overført til riktig person. I gåvebrevet kan du stille fleire krav – til dømes at gåva skal ha særeige i ekteskap.

Verd å tenke gjennom:

  • Kva eigedelar skal overførast?
  • Skal alt blir overført eller skal du vere med vidare?
  • Kva er verdien av bedrifta?
  • Korleis skal verdiane fordelast mellom familiemedlemmane? 
  • Kva er best for bedrifta di?
  • Korleis få minst mogleg samla skatt og avgift?

Avslutte ENK 

Skal du avslutte enkeltpersonføretaket ditt, må du passa på at du gjer det riktig. Du kan ha forpliktingar og oppgåver òg etter at du har lagt ned. For å unngå bot, er der smart å sette seg inn i kva du må gjere.

Sjå også

Alt om å starta AS

Å starte eit aksjeselskap treng ikkje å vere komplisert. Vi guidar deg heilt til mål.

Forskjeller AS og ENK

Sjekk dei viktigaste forskjellane mellom AS og ENK.

Finansiering i oppstarten

Sjekk moglegheitene dine for finansiering i oppstarten her.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }