Finansiering av innovasjon og vekst
Gjennom vekstgarantiordninga til Innovasjon Norge tilbyr vi innovasjonslån og vekstkreditt til bedrifter som skal gjere ei innovativ investering eller er i vekst.
Gjennom vekstgarantiordninga til Innovasjon Norge tilbyr vi innovasjonslån og vekstkreditt til bedrifter som skal gjere ei innovativ investering eller er i vekst.
Små og mellomstore bedrifter med inntil 250 tilsette som oppfyller eitt eller fleire kriterium knytt til innovasjon og vekst. Før du søker bør du gjere deg opp ei meining om kva for nokre av kriteria bedrifta oppfyller. Enkelte verksemder, sektorar og aktivitetar kan omfattast av avgrensingar i ordninga. Bedrifta må ha beteningsevne, sjølv om den manglar tilstrekkeleg sikkerheit.
Bedrifta kan søke om enten lån eller kreditt. Ordninga kan brukast til å finansiere dei fleste kapitalbehov, det vil seie både investeringar, drift og arbeidskapital. Lån og kreditt gjennom vekstgarantiordninga kan ikkje brukast til å refinansiere eksisterande gjeld.
Lånebeløp er mellom 250.000 og 4 millionar kroner, og kan løyvast med ein avdragsfri periode på 1 eller 2 år frå utbetalingstidspunktet. Løpetida for lån er mellom 1 og 10 år. Løpetida kan forlengast undervegs, men innanfor ein total løpetid på 10 år. For kreditt er løpetida maks 3 år, men minimum 1 år. Kreditt kan gjerast om til lån, men innanfor ei samla løpetid på 10 år.
Lånet skal brukast til å investere i produksjon, utvikling eller implementering av nye, eller vesentleg forbetra:
Bedrifta har eit betydeleg innovasjonspotensial eller er forskings- eller innovasjonsdriven i kraft av å tilfredsstille eitt av følgande kriterium:
Bedrifta skal bruke lånet til å investere i digitalisering på minst eitt av følgande område:
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium