Er det nokre avgrensingar i vekstgarantiordninga?

Ja, følgande verksemder, sektorar og aktivitetar er sett vekk frå og kan ikkje løyvast lån gjennom vekstgarantiordninga: 

  • Bedrifter i vanskar
    Ei bedrift blir rekna for å vere i vanskar dersom bedrifta eller konsernet som verksemda er ein del av er eldre enn tre år (frå føretaksregistrering), og meir enn halvparten av den teikna kapitalen, inkl. overkurs, har forsvunne i bedrifta eller konsernet som resultat av akkumulerte tap. Teikna kapital omfattar ikkje ansvarlege lån eller andre gjeldsinstrument.

    Vidare blir ei bedrift sett på til å vere i vanskar dersom bedrifta eller konsernet som verksemda er ein del av er insolvente (grunnvilkåret for opning av konkurs). Insolvens finnast når den verdijusterte eigenkapitalen er negativ (insuffisiens) og det ikkje finst middel til å dekke løpande forpliktingar (illikviditet).

  • Tradisjonell landbruksverksemd
    Tradisjonell landbruksverksemd fell utanfor vekstgarantiordninga.

  • Eksport
    Vekstgarantiordninga kan ikkje nyttast til etablering og drift av eit distribusjonsnettverk i andre land, eller til løpande utgifter til eksportaktivitetar til land både innanfor og utanfor EU.

    I grove trekk inneber dette at lån som er direkte retta mot eksportaktivitetane til bedrifta blir ramma av eksportforbodet, medan støtte som har meir indirekte påverknad på eksport, herunder førebuande tiltak/føregåande aktivitetar, kan gå klar av forbodet.

    I tilfeller der lånet skal nyttast til arbeidskapital, vil det ikkje vere noko i vegen for at arbeidskapitalen også blir brukt til reine eksportaktivitetar. Det er likevel ein føresetnad at bedrifta kan dokumentere anna finansiering, herunder generering av eigne inntekter, som overstig kostnadane til eksport. Resonnementet blir då at det er bedrifta si eiga finansiering som dekker eksportkostnadene, medan finansieringa gjennom vekstgarantiordninga dekker andre kostnadar. Dette gjeld sjølv om bedrifta skulle gå med underskot.

  • Låntakar skal ikkje vere børsnotert
    I Norge vil dette vere selskap noterte på Hovedlisten og Axess-listen på Oslo Børs. Derimot vil selskap som er noterte på Merkur Market på Oslo Børs ikkje bli sett på som "børsnotert" i denne samanhengen.

  • Typar verksemd:
    - produksjon, handel eller annan aktivitet, som er ulovleg etter norsk lov og EU-lovgjeving
    - produksjon og handel med tobakk eller destillerte alkoholhaldige drikkevarer eller relaterte produkt
    - produksjon eller handel med våpen, våpendelar eller ammunisjon av alle slag
    - kasino, hasardspel eller liknande verksemd
    - forsking og utvikling innanfor IT-sektoren relatert til elektroniske dataprogram eller løysingar som har til hensikt å støtte sektorar og aktivitetar som nemnt i førre strekpunkter, internettgambling eller pornografi.

  • Forsking, utvikling og innovasjonsaktivitetar knytte til:
    - menneskeleg kloning
    - genmodifiseringg.

  • Tidlegare ulovleg mottatt offentleg støtte
    Det kan ikkje gjevast lån under vekstgarantiordninga til bedrifter som etter vedtak i ESA (Efta Surveillance Authority) har eit uteståande krav mot seg om å betale tidlegare tilbake ulovleg mottatt offentleg støtte.
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }