liten familie med far og to døtrer leikar i hagen ein solskinnsdag

lågne opp på bustaden
– eller ta opp forbrukslån?

Kan det verkeleg lønna seg med forbrukslån? Ja, i visse tilfelle. Om du treng å låne pengar, er det nemleg ikkje gitt at det billegaste er å utvida bustadlånet. Her ser du kva som blir lurast for deg.

 

Nokon månader er utgiftene høgare enn normalt, til dømes når vi skal pusse opp bustaden, eller når det dukkar opp noko uventa som ei større verkstadsrekning på bilen, ein skjebnesvanger tur til tannlegen eller ein vasskade som må utbetrast. Når bufferkontoen går tom, kan det bli nødvendig å låne pengar.

Mange bustadeigarar vel å låne opp på bustaden til slike formål. Kanskje har du eit rammelån som gjer opplåning veldig enkelt og fleksibelt, eller du har moglegheit til å refinansiere bustadlånet. Dette lågnet har jo ei mykje lågare rente enn til dømes forbrukslån og kredittkort, så det er openbart ei fornuftig løysing.

Eller?

Svaret er ikkje nødvendigvis så enkelt. Same løysing vil ikkje passe for alle. For enkelte vil det faktisk vere billegast over tid med eit forbrukslån.

 

Låge månadlege utgifter eller låge totalkostnader?

Kva er viktigast for deg? Lågast mogleg månadlege utgifter eller lavest mogleg totalkostnader på lånet?

Har du ein trang privatøkonomi, kan du ha behov for å trekke nedbetalinga ut i tid for å få endane til å møtast frå månad til månad, sjølv om dette aukar totalkostnaden. Då vil nok den beste løysinga vere å utvide bustadlånet.

Har du likevel romsleg nok økonomi til at du klarer å betale høgare avdrag kvar månad og derfor betale ned lånet raskt, kan det lønne seg med eit forbrukslån.

Dame sit i lenestol og sjekkar mobilen. Illustrasjon.

Framleis usikker?

Snakk gjerne med bankrådgjevaren din om kva som lønner seg for akkurat deg.

Astrid Kvernes Hyldmo

Viss låge månadlege utgifter er viktigast for deg, bør du gå for å utvide bustadlånet. Er det først og fremst totalkostnaden som betyr noko, bør du sjekke om forbrukslån blir billegare i ditt tilfelle.

Kredittsjeff Astrid Kvernes Hyldmo i Kredittbanken

Dame sit i lenestol og sjekkar mobilen. Illustrasjon.

Døme:

Jenny har eit bustadlån på 3.000.000 kroner til ei nominell rente på 5,5 % og 20 år gjenverande løpetid. Ho treng å låne 100.000 kroner.

I dette tilfellet blir eit forbrukslån til 15 % rente billegast, sjølv når ho bruker maksperioden på 5 år til å betale det ned:

Opplåning blir totalt 21.000 kroner dyrare enn forbrukslånet viss ho beheld løpetida på bustadlånet og aukar terminbeløpet, og hele 167.000 kroner dyrere viss ho istadenfor å auke terminbeløpet forlenger løpetida på bustadlånet. Jo kortare nedbetalingstid på forbrukslånet Jenny vel, desto større blir besparinga med eit forbrukslån.

 

Det du gjer kan påverke kva som blir billegast

Renta på eit forbrukslån er høgare enn på eit bustadlån. Korleis kan då forbrukslån i nokre tilfelle bli billegare? Svaret på det ligg i nedbetalingstida.

Lånar du opp på bustaden og har mange år igjen på bustadlånet, vil du også betale rente på det ekstra lånet i alle dei åra.

Astrid Kvernes Hyldmo

Det aller rimlegaste vil typisk vere å låne opp på bustaden og så betale ned den ekstra lånesummen like raskt som du ville betalt ned eit forbrukslån.

– De fleste ender imidlertid opp med å halde seg til nedbetalingsplanen på bustadlånet og betaler ikkje inn ekstra, sjølv om det kanskje var planen. Dermed betaler dei for oppussinga eller tannlegebehandlinga over helie den gjenverande løpetida til bustadlånet. Det kan gi langt større renteutgifter totalt sett enn eit forbrukslån, seier kredittsjef Astrid Kvernes Hyldmo (biletet) i SpareBank 1 sitt kredittselskap Kredittbanken.

Når er forbrukslån best?

  • Når det er viktigare for deg med låge totalkostnader på lånet enn lågaste mogleg månadlege utgifter
  • Når du ønsker ein føreseieleg nedbetalingsplan
  • Når alternativet ditt er kredittkort og du treng noko tid på å betale ned

Prisdøme: Effektiv rente 16,6 %. Låner du 70.000 over 5 år, koster lånet 30.848, og du betaler totalt 100.848 kroner.

Når er opplåning best?

  • Når du treng lågaste mogleg månadleg kostnad
  • Når du betalar ned den ekstra lånesummen like raskt som du ville betalt ned eit forbrukslån (eller raskare)

 

Bør eg velje forbrukslån eller opplåning?

Bruk bustadlånskalkulatoren vår for å sjå korleis rentekostnadane endrar seg når du aukar bustadlånet ditt tilsvarande det ekstra lånebehovet, fordelt utover di løpetid på bustadlånet. Du kan så bruke forbrukslånskalkulatoren vår og sjå kva kostnaden blir med eit tilsvarande beløp over inntil 5 år. Då ser du fort kva som blir billigast for deg.

Bruker du mange år på å betale renter på det du har kjøpt, kan det bli dyrt. Samtidig kan for høge månadlege avdrag gjere det utfordrande å betale i rekningane frå månad til månad, noko som kan gå ut over livskvaliteten.

Ingen situasjon er lik, og du må vurdere kva som blir riktig for deg.