Tenesta BankID på mobil blir no fasa ut. Du må bruke BankID-appen eller kodebrikke når du skal logge inn i nettbanken og på offentlege tenester.
No kan du ikkje lenger bruke BankID på mobil
Kva betyr dette for deg?
- BankID-appen erstattar BankID på mobil.
- Utfasinga gjeld for alle bankar og brukarstadar.
Lurer du på noko?
Denne tenesta har blitt avslutta for kundane våre etter kvart som som BankID på mobil-sertifikata har gått ut, og i midten av juni 2024 blei tenesta stengt for dei siste av Sparebank 1-kundane.
Teknologien bak BankID på mobil er gammaldags, og kom før smarttelefonane var allemannseige. Løysinga er avhengig av eit fysisk SIM-kort for å få referanseord på SMS, noko fleire teleoperatørar tar betalt for. BankID på mobil støttar heller ikkje signering av dokument i nettbanken, noko som gjer at du i tillegg til BankID på mobil også må ha BankID. Med BankID-app kan du enkelt logge deg inn i nettbanken, signere dokument og identifisere deg på offentlege tenester.
Nei. Kodebrikka forsvinn ikkje. Den vil fungere for alle dei som føretrekk å bruke den.
Ja. når du loggar deg inn eller signerer med BankID, bruker du BankID-appen om du har den, og kodebrikke om du har det.
Ja, bankane som eig BankID har vedtatt å avvikle tenesta fordi BankID på mobil baserer seg på gammal teknologi frå 2009 som ikkje kan vidareutviklast når det gjeld sikkerheit og brukardialog.
Har du ikkje moglegheit for å bruke appar, er kodebrikka framleis eit alternativ. I framtida vil du måtte bruke BankID-appen dersom du ønsker ein BankID på mobilen.
Sjå opp for svindel!
Hugs at du aldri må gi frå deg opplysningar om din BankID eller annan personleg informasjon via SMS, e-post, telefon eller usikre nettsider.
Har du mottatt noko du er usikker på om kan vere svindelforsøk, er det viktig at du ikkje klikkar på lenker, vedlegg eller svarar tilbake. Er du i tvil, ta kontakt med oss.
Svindlarar kan sende ut SMS-ar der dei prøver å utnytte at BankID på mobil no blir stengt ned. Ikkje la deg lure av denne typen meldingar! Hugs at vi ikkje sender deg lenker uoppfordra på SMS.
Døme på svindel-SMS.