Det er mange ting du kan gjere ute for å førebyggje skadar på bustaden din. Det kan vere å sørgje for at vatn vert leia vekk frå huset, sjekke tak og ytterside, rake lauv og måke snø. Dette bør gjerast med jamne mellomrom gjennom året.
Oversikt over oppgåvene på denne sida
- Reins takrenner og nedløp.
- Sørg for at vatn vert leia vekk frå huset
- Sjekk taket
- Sjekk ytterside og beslag over vinduer og dører
- Sikre bustaden mot skadedyr.
- Gjennomfør hagearbeid
- Vask husvegg, terrasse og gjerde
- Gjennomfør årets malejobb
- Rak lauv.
- Reingjere garasje/garasjeport
- Sjekk om det lekker av utvendig varmepumpe
- Diverse førebuingar før vinteren
- Måke snø ved behov
Reins takrenner og nedløp.
Kvifor?
Velfungerande takrenner reduserar risiko for store skader på husvegg og rør.
I løpet av hausten og andre årstider kan lauv, barnåler og gjørme samle seg i takrennene og danne ei propp som tettar igjen nedløpsrøret. Dette gjer at ikkje alt vatn renn ned. Når vinteren kjem, kan vatnet fryse og slå sprekkar i røret. Vatn som renn ut frå ei øydelagt takrenne eller eit øydelagt nedløp kan trenge inn i husveggen og forårsake vasskader på huset. Eit øydelagt takrennesystem og vasskader på husveggen kan koste deg dyrt, men heldigvis er det lett for deg å reinse takrenner og utløp for å førebyggje desse skadene.
Kva trengs? Stige, takrennerensar, gummihanskar, liten spade eller plastflaske, pose
Korleis?
- Bruk ein stødig stige for å komme opp til takrenna.
- Prøv å ikkje lene deg for mykje til sidene, men heller å flytte stigen ofte.
- Eventuelt kan du bruke ein takrennerensar med langt skaft frå bakken. - Fjern lauv, barnåler og anna som har hamna i takrenna eller i nedløpet med gummihanskar og ein liten spade og kast det i ein pose.
- Eventuelt kan du lage deg ein «skuffe» ved å klippe av nederste del av ei plastflaske.
- Her er det lurt å begynne å skuffe der vatnet renn ned i avløpet og jobbe seg bortover takrenna vekk frå nedløpet. På denne måten unngår du å dytte lauv og skitt ned i avløpet, noko som moglegvis kan tette avløpet. - Spyl takrenna med vatn så alt av sand og gjørme forsvinn.
- Sjekk takrennene etter helning og groper for å sjå om vatn samlar seg.
- Sjekk festet og skjøtane på nedløpsrøret.
- Sjekk at vatn vert leia vekk frå huset.
- Dette kan dobbeltsjekkast ved å gå ut i regnvêr og sjekke om det er vassansamling nær husveggen og kvar vatnet renn.
- Følg vedlikehaldsrådet om å leie vatn vekk frå huset.
Sørge for at vatn vert leia vekk frå huset.
Kvifor?
Unngå at vatn trenger inn i huset.
Dersom vatn renn ned frå takrenna og det blir mykje liggjande vatn tett inntil husveggen etter nedbør, kan det på sikt skape store problem for huset. Dersom dreneringa er gammal eller dårleg, eller skade på yttermuren og grunnmur, kan regnvatn trenge inn i huset og forårsake vasskader på vegg og gulv. Dette krev mykje arbeid for å utbetre. Heldigvis er det noko du kan gjere for å leie vatn vekk frå huset og hindre at vatn legg seg inntil grunnmuren.
Kva treng ein? Bøyelege drensrør
Korleis?
- Kople bøyelege drensrør til nedløpa som går ned til bakken og legg røra ut på plenen eller i eit blomsterbed nokre meter vekk frå huset for å hindre at vatn forblir ved grunnmuren.
- Sjekk helningen frå bustaden og tilrettelegg for at fallet er vekk frå bustaden.
- Om du ser at helninga leiar mot huset, anbefaler vi å flytte jordmassar og lage avskjæringsgrøfter, eventuelt å starte eit større arbeid for å leie vatn vekk frå huset. Då bør det kontaktast fagfolk.
i) Ved større prosjekt må ein ta omsyn til gjeldande reglar for overvatn frå Byggteknisk forskrift paragraf 13-11 Overvann (TEK 17). - Sjekk dreneringa ved å sjå etter teikn på at vatn kjem inn i kjellaren.
- Dette blir den same oppgåva som å sjekke kjeller for fukt.
- Du kan òg kontakte fagfolk som går inn med kamera for å sjå i røra i dreneringssystemet.
- Dersom dreneringa er gammal, kan det vere at den ikkje toler det våtare vêret vi opplever no og at drenssystemet må skiftast. Dette krev fagfolk.
- Levetida til eit dreneringssystem er variabel og kan vere frå 20 år til 50 år.
Sjekk taket
Kvifor?
Eit tett tak reduserar risiko for vatn- og fuktskader.
I løpet av året kan dårleg vêr skade eller bevege takstein og takpapp. Mose og anna vegetasjon kan vekse på takstein og lage sprekkar og fuktskader. Å byte taket kan virke som eit stort prosjekt, men viss du sjekkar taket jamleg og handterer skadar med ein gong du finn dei, kan du vere sikrare på at taket er i god stand og redusere både skade- og kostnadsomfanget.
Kva treng ein? Stige, sele eller sikkerheitsline
Korleis?
- Sjå etter takstein som har sprokke, ligg skeivt og anna som ser feil ut frå bakkeplan.
- Bruk ein stødig stige for å få kome høgare opp og få betre oversikt.
- Ver sikker på at du er eigna til å gå opp på taket sjølv og sikre deg godt.
- Du kan eventuelt kontakte fagfolk som kan gjere jobben med ein lift. - Fjern lauv, mose og skitt som har samla seg på taket.
- Sjå etter sprukne og lause takstein.
- Rett opp takstein som ligg skeivt og bytt sprokne takstein.
- Når du rettar opp takstein, kan du løfte dei opp for å sjekke at underlagspappen er heil og fin.
- Sjekk at lektene (plankane taksteinen heng på) er i god behold.
- Sjekk at vindskiene (bordet som er festa langs kanten av taket) er heile, sit godt og at malinga ikkje flassar av.
- Vindskiene sin funksjon er at det ikkje skal drive inn vatn. Vassinntrenging kan føre til sopp- og råteskader. - Sjå etter fuglereir ved pipa og vurder behovet for å setje opp ein fuglebeskyttelse.
- Sjekk tilstanden til pipa. Du kan bruke ein skrutrekkar for å sjå om fugen byrjar å losne og sjekke at pipebeslaget sit godt fast og at det ikkje er rust eller lekkasjepunkt på beslaget.
- Vurder behovet for reparasjon av pipa. Dette bør du kontakte fagfolk for.
Vil du setje opp eit sparemål for å fikse taket?
Har du behov for å låne pengar for å fikse taket?
Sjekk yttervegg og beslag over vinduer og dører
Kvifor?
Ein yttervegg beskyttar bærekonstruksjonen til huset.
Over tid kan maling byrja å flasse, ytterveggen bli fuktig og sopp og råte byrje å vekse. Slike skadar kan oppstå over tid, og er ikkje alltid like lett å sjå. Difor er det lurt å jamleg sjekke ytterveggen og beslag slik at du tidleg kan oppdage skadeteikn. Slike typar skade kan ha stor påverknad på huset si bæreevne og lommeboka. Jo før ein oppdagar det, jo betre.
Kva treng ein? Tynn og spiss kniv
Korleis?
- Ta ei runde rundt huset og eventuelt garasjen for å sjå etter stader der den utvendige malinga har byrja å flasse av eller blitt matt.
- Sjekk den nedre delen av kledninga for sopp og råte.
- Sopp og råte legg seg som eit svart møkkete lag på veggen.
- Det er lett å forveksle det med skitt og prøve å spyle det vekk med høgtrykksspylar, men det vil berre tilføre meir fukt.
- Følg råda for å reingjere husvegg til sommaren. - Stikk ein tynn og spiss kniv eller liknande inn i treverket. Glir kniven lett inn er det eit teikn på at treverket har byrja å råtne.
- Nokre gongar held det å bytte enkeltbord, men viss store område er skada av sopp og råte bør det vurderast å bytte heile kledninga.
- Vi anbefalar å kontakte fagfolk før ein set i gang med å bytte kledning. - Sjekk beslag over vindauger og dører og sjå etter råte og muggvekst på veggpartiet under og rundt vindauget, døra og beslaget.
- Sjekk at det ikkje veks vegetasjon som mose, busker og tre på eller under kledninga.
- Dette er spesielt viktig dersom det er vegetasjon i nærleiken av huset.
Sikre bustaden mot skadedyr.
Kvifor?
Ein heim utan øydelegging og ubehag frå skadedyr.
Mus, rotter og andre skadedyr kan trenge inn i heimen og gjere store skader . De kan gnage eller øydelegge treverk i vegger, golv og tak, bite over leidningar, øydelegge møblar og tekstilar, ete av mat og bere med seg smittsomme sjukdomar. I tillegg er det ubehageleg å ha skadedyr i hus. Det er heldigvis nokre grep du kan gjere sjølv for å førebyggje at skadedyr føler seg velkomne til heimen din.
Kva treng ein? Spegel, stålull, stållister, søppelposar, rake, beskjæringssaks, grensaks, stige, trillebår, hanskar, feller
Korleis?
- Sjekk om musebanda, altså dei tynne stållistene under kledninga, er i god stand og tettar sprekker og hull for å hindre mus og rotter i å komme inn.
- Legg eventuelt nye stållister viss dei gamle er skada eller ikkje lagt på bra nok. - Sjå etter sprekkar og hull ved overgangen mellom grunnmur og nederste del av husveggen, område der kablar og leidningar går gjennom husveggen og ved lufteluker, ventilar, sluk og kjellervindauge.
- Bruk ein spegel for å sjå betre viss det er vanskeleg å komme inn under husveggen. - Tett alle sprekkar og hull du har oppdaga med stålull, stålnetting eller stålplater.
- Rydd hagen og fjern vedstablar eller plankehaugar der gnagarane kan gøyme seg.
- Eit tips er å ha minst mogleg vegetasjon langs husveggane. - Rydd vekk dyrefôr, kompost, fuglefrø, frukt og søppel frå hagen då det tiltrekker skadedyr.
- Rydd vekk stigar som står inntil huset, då dette kan hjelpe gnagarar med å klatre inn i ventilar eller vindauge høgare opp på veggen.
- Skjer av tre som har lange grener inn mot huset, då dette kan hjelpe gnagarar med å klatre inn i ventilar eller vindauge høgare opp på veggen.
- Sjekk at det ikkje er hol i avfallsdunkane og at lokket alltid er tett.
- Dersom du oppdagar at det har vore skadedyr i eller rundt heimen din, anbefaler vi å setje ut feller, ikkje gift.
- Barn kan få i seg gift som står ute, og husdyr kan ete på døde skadedyr som har ete gift og bli sekundærforgifta.
Gjennomføre hagearbeid
Kvifor?
Ein fin og sunn hage reduserar risikoen for skadedyr.
I løpet av våren begynner hagen å vokse for fullt. Om frukttre får vokse for mykje kan det faktisk redusere frukttrea si evne til å bere frukter. Frukttre bør bli skorne til for å stimulere utviklinga av frukt og for å hindre at vanlege sjukdomar kjem inn i treet. Når tre og buskar får voks fritt kan det òg gjere skade på huset. Ein vilt voksande hage med nedfallsfrukt på bakken, komposthaugar og vegetasjon inntil huset kan tiltrekke skadedyr som kan gjere stor skade på huset. Heldigvis kan litt hagearbeid om våren redusere risikoen for skader og sørge for at hagen er vakker og sunn.
Kva treng ein? Søppelposar, rake, beskjæringssaks, greinsaks, stige, trillebår, hanskar
Korleis?
- Skjer til frukttre og andre tre og busker ved å kutte av nye smågreiner som peikar oppover, døde greiner og store greiner som nærmar seg leidningar eller er nære husveggen.
- Ein fin hugseregel er at greiner som peikar oppover ber lite eller ingen frukt, mens greiner som peikar bortover eller svakt nedover ber frukt.
- Kutt av greinene heilt inntil stammen eller greina dei veks ut frå. - Rydd vekk dei avkutta greinene.
- Rydd vekk anna skrot som søppel, gamalt lauv, greiner, vedstablar, plankehaugar eller store komposthaugar i hagen, fall og grøfter der gnagarar kan gøyme seg.
- Dersom du oppbevarer avfallet midlertidig i hagen, bør avfallshaugen vere eit lite stykke unna huset, og helst vere der i så kort tid som mogleg.
Vask husvegg, terrasse og gjerde
Kvifor?
Ein yttervegg beskyttar bærekonstruksjonen til huset.
Over tid kan ytterveggen bli fuktig og dei minste sprekkar i veggen kan skape grobotn for sopp og råte. Det er ikkje alltid lett å sjå slike skadar før sopp og råte er godt i gang med å legge seg som eit svart og skittent lag på kledningen. Difor er det lurt å jamleg sjekke ytterveggen, samt terrassen og gjerder, slik at ein har moglegheit til å oppdage skadar raskt og redusere skadeomfanget og kostnader. Det same for terrassen og gjerder. Ein real vask av utandørs treverk kan redusere risikoen for at sopp og råte veks, i tillegg til at husvegg, terrasse og gjerder vil sjå så godt som nymalte ut igjen. Vask av treverk er òg nødvendig før ein eventuell malejobb!
Kva treng ein? Hageslange, vatn, vaskemiddel til trepanel, påføringsflaske, kost med forlengarskaft, hanskar, vernebriller
Korleis?
- Spyl over veggen med ein hageslange.
- Ver forsiktig med bruk av høgtrykksspylar då kraftig trykk kan skade trepanelet og vatn kan komme inn i treverket. - Bruk ønskeleg vaskemiddel tilpassa utandørs trepanel og påfør nedanfrå og opp.
- Bruk ein kost med forlengarskaft og skrubb veggen.
- Pass på at du held det fuktig undervegs – legg på meir såpe ved behov. - Bruk hageslangen til å spyle av såpa ovanfrå og ned, og la veggen tørke godt før vidare behandling (dersom du f.eks. skal male).
- Spyl garasjeporten med hageslange for å få vekk det meste av skit som har lagt seg.
- Ikkje bruk høgtrykksspylar. - Vask porten med en svamp og mildt såpevatn som Zalo.
- Sterke vaskemiddel kan skade overflatebehandlinga. - Poler eller voks garasjeporten dersom din garasjeport har belegg som toler den typen behandling.
- Spyl terrasse og gjerder med hageslangen.
- Bruk passande reinhaldsmiddel og påfør med ein kost eller svamp.
- Skyll med hageslange.
Gjennomfør årets malejobb
Kvifor?
Eit fint maleresultat som varer og beskyttar yttersida av veggen.
Over tid kan maling begynne å flasse, ytterveggen bli fuktig, og sopp og råte byrjer å vokse. Slike skader er ikkje alltid like lett å sjå, og dei kan påverke isolasjonen i veggen og bæreevnen til huset. Derfor er det lurt å jamleg sjekke og vaske ytterveggen for å tidleg oppdage skadeteikn, og male på nytt når maling flassar eller når levetida til malinga nærmar seg slutten.
Kva treng ein? Skrape, dekkplast eller noko anna til å dekke med, rørepinne, grunning, maling, rulle, penslar, forlengerskaft, wipes til flekkfjerning på hender og overflate, malekle som toler å få malingssøl på seg, malehanskar
Korleis?
- Sjå etter stader der malinga har byrja å flasse av eller har blitt matt.
- Mål fukt i treverket ved å putte dei to piggane i fuktmålaren inn i treverket.
- Fuktmålarar kan ofte lånast der ein kjøper maling.
- Om det er lenge sidan det har regna, og treverket likevel ikkje blir tørt nok, bør du sjekke om du har eit problem med fukt som trenger inn i treverket frå innsida. - Vask ytterveggane før du maler.
- Følg vedlikehaldsoppgåva «Vask husvegg, terrasse og gjerde» dersom du ikkje alt har gjort det. Dersom ein malar oppå eit skittent treverk, kan ein få dårleg vedheft og eit mindre pent resultat. - Bruk ei skrape for å skrape av maling som har flassa av.
- Dekk til flater der du ikkje vil ha maling, som terrassegolv, takrenner og nedløpsrør.
- Grunn endeveen (under og nederst på panelbordet) fleire gongar til treverket sluttar å trekke til seg grunninga.
- Påfør grunning på områda som har blitt skrapa og vent til det tørkar.
- Mal ytterveggen. Begynn med å male detaljar ved taket, deretter mal sjølve veggen og til slutt mindre flater som vinduskarmer.
- Ver nøye med at malinga ikkje renn nedover. - Pakk dei brukte penslane i plast eller vask dei mens malinga tørkar.
- Mal eit nytt strøk på same måten som tidlegare: først detaljar ved taket, så veggen og mindre flater.
- Vask penslar og rydd vekk det du har dekka til med.
Tips!
Rak lauv.
Kvifor?
Sunnare plen og mindre mosevekst.
Når tre fell blad om hausten, legg dei seg som eit lag over plenen, som ikkje er bra. Det er ikkje bra for plenen å ha det laga over seg. Det vanlegaste er å rake det saman i store haugar. Blir slike haugar liggande for lenge, kan det skade plenen under, tiltrekke skadedyr, og du kan risikere at blada bles ut av haugen slik at du må rake dei saman på nytt. Heldigvis finst det grep du kan gjere for å redusere rakejobben og samtidig gi næring til plenen.
kva treng ein? Rake, søppelposar, grasklippar
Korleis?
- Rak lauv i haugar og putt lauvet i søppelposar om du har mykje lauv i hagen og det ligg i tjukke lag.
- Sett grasklipparen på det høgaste klippenivået (slik at det klipper minst mogleg) og gå over plenen med grasklipparen.
- Dette gjer at lauvet blir mala i mindre bitar som legg seg mellom grasstråa og lettare blir tilgjengeleg som næring.
- Merk at du ikkje skal bruke oppsamlaren til grasklipparen, då lauvet skal ligge igjen på plenen i mindre bitar.
Reingjer garasje/garasjeport
Kvifor?
Knirkefri og haldbar garasjeport.
Når det går mot vinter og kaldare temperaturar, treng garasjeporten litt ekstra merksemd. Fjører og andre metallmekanismar er spesielt utsett når det blir kaldt og dei kan ofte trekke seg saman og bli øydelagt om dei alt er slitt. Vedlikehald og vinterklargjering av garasjeporten kan auke levetida til porten, og i tillegg slepp du irriterande knirkelydar. Om vinteren er det òg mogleg at snø og is kan skade mekanismane og sjølve garasjeporten, men heldigvis er det enkelt å førebue seg før kulda kjem og vere klar over kva ein bør sjå etter gjennom vinteren.
Kva treng ein? Mikrofiberklut, sprayfett, tetningslister
Korleis?
- Ta ein visuell sjekk for å sjå om fjærer og andre metallmekanismar har skadar eller er øydelagt. Du kan òg sjekke dette ved å sjå om rørsla er brå eller rykkete når du opnar eller lukkar garasjeporten.
- Vask alle mekanismar som skinner, fjører, beslag og hjulakslingar så det ikkje er skitt på dei
- Smør sprayfett på alle mekanismane.
- Unngå oljebaserte produkt då desse fungerer som avfettingsmiddel og ikkje fungerer godt ved låge temperaturar. Bruk sprayfett som fungerar innanfor -30 til +50 grader og som held seg flytande. - Ha ein klut klar til å tørke viss du søler med fettet.
- Sving dørene og beveg mekanismene fram og tilbake for å sjekke at nok fett har blitt påført og at det sprer seg.
- Sjekk om tetningslista er tør, sliten eller flatklemt.
- Dersom du ikkje har tetningslist på garasjeporten, bør du kjøpe inn nye lister. - Sjekk om tetningslista ved underkanten av porten er tett ved å kjenne med handa om det er kaldt eller trekker, eller ved å halde flammen til ei fyrstikk eller lighter forsiktig ved underkanten av porten for å sjå om det blafrar. Om det er utett og trekker, bør du bytte ut tetningslistene.
- Montere eller byte ut tetningslista på underkanten av porten.
- Tørk vekk all fukt og dugg du ser slik at det ikkje frys til is når temperaturen fell.
- Rydd i garasjen og sørg for at ting du ikkje vil skal bli øydelagt står på hyller eller forhøga.
Sjekk om det lekk vatn frå utvendig varmepumpe
Kvifor?
Utnytt varmepumpa og unngå vasskader.
Ein del av varmepumpa er festa utanfor huset, og i løpet av året kan det samle seg vegetasjon, lauv, snø og anna på eller rundt varmepumpa. Dette kan redusere pumpa sin yting. Det er normalt at mellom to og ti liter vatn renn ut frå utedelen i løpet av eit døgn, spesielt på kaldare dagar. Vatn som frys til is langs ytterveggen kan skape fuktproblem og vasskadar på ytterveggen. Heldigvis kan du førebyggje dette ved å sjekke utedelen til varmepumpa med jamne mellomrom.
Kva treng ein? Lunkent vatn, klut
Korleis?
- Sjekk at utedelen av varmepumpa ikkje er tildekt av lauv, snø, is eller annan vegetasjon og at det er nok luft rundt varmepumpa, spesielt framfor.
- Fjern alt av skit, lauv, snø og is frå varmepumpa ved å børste vekk eller bruke lunkent vatn.
- Tørk varmepumpa så det ikkje ligg att vatn på den som kan fryse.
- Sjekk om det har lekt vatn frå varmepumpa og at vatn vert leda vekk frå husveggen.
Diverse førebuingar før vinteren
Kvifor?
Unngå vasskader og forleng levetida på utstyr og utemøblar.
Om vinteren fell temperaturen, og snø og is kan skape problem. Sjølv frostsikre utekraner kan gje vasskader på ytterveggen dersom hageslangen ikkje er kopla av i spesielt kalde periodar. I tillegg kan det oppstå skader på utstyr som grasklipparar, maling og utemøblar dersom det ikkje berast inn eller blir dekka til godt før vinteren. Det går raskt å gjere enkle førebuingar før vinteren, og du kan spare mykje på å ta godt vare på tinga dine.
Kva treng ein? Oppbevaringsplass, klut
Korleis?
- Ber inn balkongmøblar, malingsspann og andre ting som kan ta skade av snø og frost
- Sjølv om ting er laga for å tole frost og vinter kan det forlenge levetida til utstyret å sleppe å stå ute om vinteren. - Steng utekraner ved å skru igjen innvendig stoppekran og slepp ut vatnet.
- Sørg for at vatnet renn vekk frå huset.
- Fjern hageslangen frå utvendig kran og legg den inn.
- Lad opp robotgrasklipparen på heimstasjonen.
- Trekk ut kablar og leidningar til robotgrasklipparen.
- Plukk av gras og tørk grasklipparen med ein tørr klut eller fille.
- Ikke bruk vatn, det kan skade elektronikken på grasklipparen. - Sett robotgrasklipparen ein frostfri stad over vinteren.
- Lad robotgressklipparen éin gong i løpet av vinteren for å forlenge levetida på batteria.
Måk snø ved behov
Kvifor?
Unngå fuktskader på kledninga.
Når det snør mykje, er det nødvendig å måke innkjørsel og foran dører. Dersom ein måkar snøen inn mot hus- eller garasjeveggen kan det føre til fuktskader på kledninga og i rammer, og når snøen smeltar kan ein risikere å få små vassdammar heilt inntil husveggen. Snø på balkongar kan òg gi fuktskader på vegg og rammer, og mye snø på taket kan belaste konstruksjonen til huset og òg føre til vannskader på tak og loft. Med enkle grep kan du unngå slike skader.
Kva treng ein? Snøskuffe
Korleis?
- Måk snø på bakken vekk frå veggane til huset så fort det byrjar å snø, før snøen blir tung.
- Måk snø vekk frå verandadører og av verandaer og balkongar.
- Følg med på snømengda på taket og vurder behovet for å måke.
- Om du høyrer knirkelydar og smell i bærekonstruksjonen til huset, eller om dørene og vindauga er treigare å opne enn vanleg, kan det bety at du bør måke vekk snø frå taket. - Følg med på snømengda på hytta og måk snø dersom snømengda blir for stor.
- Få hyttenaboar til å gi beskjed om snømengda viss du ikkje har moglegheit til å sjekke sjølv.
Oversikt over oppgåvene på denne sida
- Reins takrenner og nedløp.
- Sørg for at vatn vert leia vekk frå huset
- Sjekk taket
- Sjekk yttervegg og beslag over vindauge og dører
- Sikr bustaden mot skadedyr.
- Gjennomfør hagearbeid
- Vask husvegg, terrasse og gjerde
- Gjennomfør årets malejobb
- Rak lauv.
- Reingjere garasje/garasjeport
- Sjekk om det lekk av utvendig varmepumpe
- Diverse førebuingar før vinteren
- Måk snø ved behov