BankID-appen har overtatt for engangskode-appen
No har SpareBank 1 gått over til BankID-appen! Det betyr at du må lasta ned og ta i bruk BankID-appen i staden for engangskode-appen.
No har SpareBank 1 gått over til BankID-appen! Det betyr at du må lasta ned og ta i bruk BankID-appen i staden for engangskode-appen.
Det kan vere fleire årsaker til at BankID-appen ikkje fungerer. Her er nokre feilsituasjonar som kan oppstå, sjekk om rettleiinga kan hjelpe:
Då har du mest sannsynleg slått av varslingar på mobilen din. Opne BankID-appen og slå på varslingar ved å trykke på meldinga som ligg på heim-skjermen. Då får du ein snarveg inn i appen kvar gong du skal godkjenne ein førespurnad.
Du må velje BankID, og ikkje BankID på mobil, når du skal logge inn med app. Når du loggar inn første gong med app, vel du app som metode: klikk på "Vel annan BankID" under feltet for eingongskode. Så vel du ønska kodeapp i lista, trykker deg vidare og følger instruksjonane på mobilen din.
Dersom du ikkje får opp pushmeldingar frå BankID-appen, må du først sjekke om du har skrudd på varslingar på mobilen eller nettbrettet du bruker. Dette blir gjort i innstillingane på telefonen eller nettbrettet. Dersom du har skrudd på varslingar, men framleis ikkje får pushvarslingar frå BankID-appen når du loggar inn, bør du sjekke om du har aktivert fokusmodus som «Ikkje forstyrr». I innstillingane kan du velje kva appar denne modusen ikkje skal gjelde for.
Dersom du ikkje fekk trykt på pushvarselet frå BankID-appen når du skulle gjere ein innlogging, kan du gå inn i appen for å godkjenne innlogginga. Deretter må du gå tilbake til brukarstaden der du gjorde innlogginga, for å taste inn BankID-passordet ditt.
Viss du prøver å logge inn med BankID-appen og den blir ståande å rulle utan at noko skjer, har du mest sannsynleg ikkje fått trykt på pushvarselet som kom opp. Då kan du manuelt gå inn i BankID-appen for å bekrefte at det er du som prøver å logge inn.
Viss appen blir sperra etter at mange forsøk på innlogging må du kontakte banken din for å låse opp BankID-appen igjen. Det hjelper ikkje å aktivere appen på nytt.
På bankid.no kan du finne endå fleire detaljar viss du har problem med BankID-appen.
Du må laste ned appen på den nye mobilen din, og aktivere den på nytt. Når BankID-appen er aktivert på ein ny telefon eller nettbrett vil den slutte å fungere på den gamle.
BankID-appen støttar aktivering med telefonnummer frå ei rekke europeiske land, samt USA og Australia. Hugs at det utanlandske telefonnummeret må vere registrert som kontaktinformasjon hos oss i SpareBank 1.
Ja, BankID-appen har støtte for blinde og svaksynte, og følger vanleg standard for mobiltelefon. Dette kan du sjølv aktivere i innstillingane på mobilen din.