Kvifor du bør ha Mastercard

Det er mange gode grunnar til det, og netthandel er ein av dei.

unge-voksne-gruppe-mobil

I 2017 blei Norge kåra til verdas mest digitaliserte land av forskingsinstitusjonen Etla. Samtidig viser ei undersøking frå Norsis at norsk ungdom skårar elendig på digital sikkerheit. Dei bekymrar seg lite for misbruk av kort, sensitiv informasjon på avvege og identitetstjuveri. Det kan bli dyrt.

I takt med den aukande netthandelen aukar også mengda med svindlar og identitetstjuveri. Sidan unge menneske handlar mest på nett er dei også mest sårbare.

Kredittkort er den tryggaste måten å betale på når du er ute og reiser.

Å betale med kredittkort når du handlar på nett reduserer sjansen for å bli lurt. Kredittkortet gir deg nemleg ekstra vern mot svindel gjennom Finansavtaleloven. Har du kjøpt ei vare som viser seg å ha feil eller manglar, så kan vi hjelpe deg å reklamere på kjøpet.

Trygt å utsetja betalinga

Å betale med Mastercard betyr at du utset å betale. Det er banken som betaler seljaren, mot at du betaler pengane tilbake til banken på eit seinare tidspunkt. I praksis betyr det ofte at du har fått vara i hus før fakturaen kjem . Det gir deg god tid til å sjekke at vara er som bestilt.

Fast følge på reisa

I Mastercard har du òg gratis reiseforsikring. Viss du betaler minst 50 % av reisene dine med Mastercard har du mellom anna forsikring for avbestilling ved sjukdom, skadar som oppstår på reisa og tapt bagasje. Sidan Mastercard fungerer over heile verda er du i tillegg sikra problemfri betaling nesten overalt. Om du blir svindla undervegs er det pengane til banken som blir borte og ikkje pengar frå brukskontoen din.

Begynn i det små

Nokon meiner at det er for lett for attenåringar å få Mastercard. Haldninga vår er at unge vaksne må få høve til å lære seg sunn og riktig bruk av kredittkort. Hos oss kan du få ditt første Mastercard som attenåring, sjølv om du ikkje har same moglegheit til å dokumentere fast inntekt og betalingsvilje som foreldra dine. Men for din eigen tryggleik får du ei låg kredittgrense på ditt første kort. Og så kan du be om at kredittgrensa blir auka når du har bevist for deg sjølv og banken at du handterer kredittkortet på ein god måte.

Derfor bør du ha Mastercard i banken din

Når du er ung er det klokt å ha Mastercard i banken du er kunde i frå før. Vi kjenner deg og er opptatt av at du skal få ein trygg økonomisk start. Vi sørger for å gi deg ei fornuftig kredittramme og er alltid tilgjengelege viss du har behov for å snakke med ein rådgjevar.
 


Betaler du rekninga ved forfall, kjem det ingen ekstra kostnader. Viss du utset betalinga, betaler du renter. Priseksempel ved utsett betaling:

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }