Kven er SamSpar?
SpareBank 1 SamSpar AS (SamSpar) er ein av 5 eigarar i SpareBank 1 alliansen. Selskapet leverer tenester til våre 8 eigarbankar som utgjer SamSpar-alliansen. Oppgåvene våre er å organisere og drifte selskapet SamSpar og interessene våre i SpareBank 1 alliansen.
Samarbeidet i SpareBank 1 alliansen er organisert gjennom dei felleseigde selskapa SpareBank 1 Gruppen AS og SpareBank 1 Utvikling DA med dotterselskapa deira, i tillegg til fleire andre direkte eigde selskap av SpareBank 1-bankane. Vi samarbeider om ei rekke forhold til det beste for kunden og marknaden innanfor felles innkjøp, teknologi og merkevare.
Les meir om SpareBank 1 alliansen.
Kva gjer vi?
På eit overordna nivå kan ansvaret og rolla til selskapet beskrivast gjennom følgande fire kategoriar:
- Forvalte selskap og verdiar
- Fagleg leiing
- Representasjon på vegne av eigarbankane i SpareBank 1 alliansen
- Tenester og forretningsutvikling
Historia vår
SamSpar har vore ein del av SpareBank 1 alliansen sidan 20. desember 1996 og har såleis vore med sidan starten av SpareBank 1. Historia for SamSpar starta i 1995 fordi 16 bankar på sentrale austlandsområde innleia samtalar for å finne ut om ein kunne etablere eit samarbeid på område som innkjøp, merkevare og teknologi.
Opphavleg var det 12 bankar som var med under etableringa av SamSpar-alliansen, men talet på bankar på eigarsida har vore i kontinuerleg endring sidan etableringa. På det meste var det 18 bankar i SamSpar og i løpet av komande år vil talet bankar vere 9.
Openheitslova
Openheitslova er ei lov som skal fremme verksemder si respekt for
grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre
allmennheita tilgang til informasjon.
Samspar er eit selskap som blir omhandla av lova, og vi jobbar systematisk med å førebygge og avdekke risiko for forhold knytta til verksemda vår som er i strid med grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Vurderingane våre kan du lese meir om under.
Har du lyst til å jobbe hos oss?
Selskapet ønsker å vidareutvikle eit fagleg og sosialt arbeidsmiljø med dei beste føresetnadane for å levere gode tenester og roller til eigarane våre.
Vi ser etter menneske som ønsker å lære og utvikle seg sjølv. SpareBank 1 SamSpar er eigd av lokale og regionale sparebankar og du må kjenne på interessa for å støtte, bygge og utvikle samfunnet vi alle er ein del av. Skal vi følge opp ambisjonane våre og nå måla våre, er vi avhengig av dyktige og engasjerte medarbeidarar. Synest du dette er spennande høyrer vi gjerne frå deg.
Du kan også ta kontakt for open søknad - sjå kontaktinformasjon under.