Medlemmer
Saman med Spond ønsker vi å bidra til ein enklare kvardag for deg som driv eit lag, foreining eller ein klubb.
Spar tid med å både kommunisere og ta betalt frå medlemmene dine med Spond Club.
- Gratis
- Full oversikt
- Kommuniser med medlemmer gjennom Spond
- Enkel betalingsløysing
- Integrasjon med NIF
Dette kan du gjere med Spond Club
Spond har på kort tid vorte Noregs leiande teneste for organisering av lag og foreiningar. Spond appen sparer trenarar og lagleiarar over 2 timar med administrasjon kvar veke - med Spond Club kan òg klubbleiarar spare tid.
Løysinga snakkar med den vanlege Spond-appen, slik at klubben alltid har oppdatert medlemsinformasjon. Spond har ein NIF integrasjon som gjer at idrettsklubbar ikkje treng å forhalde seg til fleire løysingar.
Spond Club gjer det enkelt for klubbleiinga å kommunisere direkte til medlemmene sine - enten til alle eller til bestemde grupper i klubben. Innhenting av medlems- og treningsavgifter blir gjort enkelt via appen og du har fortløpande oversikt over kven som har betalt. Med Spond cash-back og Spond sin digitale innsamlingsløysing kan klubben også tene pengar på ein enkel og risikofri måte.
Økonomi
Med nettbank og mobilbank bedrift kan de kjapt betale rekningar og hente ut kontoinformasjon. Vi tilbyr òg ulike betalingsløysingar, som kan forenkle kvardagsøkonomien.
Nettbank bedrift
- Passar for klubbar, lag og foreiningar av ulik storleik.
- Kan integrerast med rekneskapssystemet dykk nyttar.
- Lett å finne bilag, detaljerte transaksjonslister, kontoutskrifter og saldo på alle kontoar.
- De kan ha fleire brukarar med ulike tilgangar som innsyn, registrering og godkjenning.
OCR
- Passar for både små og store klubbar, lag og foreiningar, og kan brukast ved fakturering av faste og enkle rekningar.
- Med OCR kan de fakturera med KID-nummer.
- Mindre manuelt arbeid fører til færre feil.
- Gjer bankavstemming og purringer enklare.
efaktura
- Passar for klubbar, lag og foreiningar som sender mange fakturaer.
- KID og annan informasjon følger med betalinga så de veit kven som har betalt, og for kva.
- Innfrir kravet frå offentlege kundar om å få efaktura i elektronisk handelsformat (EHF).
- Etter godkjenning, blir fakturaen automatisk betalt på forfallsdato.
avtalegiro
- Passar for klubbar, lag og foreiningar som har faste kundar som skal betale jamleg, f. eks. abonnement.
- KID og annan informasjon følger med betalinga så de veit kven som har betalt, og for kva.
- Fleire betaler rekningane, og de slepp å sende purringar.
- Fakturaer blir betalt automatisk på forfallsdato.
Les meir om Avtalegiro
Rekneskapstenester
- SpareBank 1 Regnskapshuset tar gjerne rekneskapen for klubben, så kan de bruka tida på andre ting.
- Sett bort alt, eller berre dei tinga du ikkje vil gjere sjølv.
- Du kan vere trygg på at rekneskapen følger lovar og reglar.
- Du får ein å snakke med om økonomien i klubben.
Tips til klubben ved etablering og endring av styre
Alle lag og foreiningar må vere registrert med eige organisasjonsnummer i Enhetsregisteret i Brønnøysund for å opprette ein bankkonto hos oss. Husk òg å registrere kva roller som skal ha prokura.
Prokura er ei fullmakt til å opptre og underskrive på vegne av foreininga i samband med den daglege drifta. Ein person som har fått tildelt prokura kallast prokurist. Styret kan gi prokura til ein eller fleire personar. Viss det er fleire, kan ein velje om dei skal ha fullmakt kvar for seg, eller i fellesskap.
Dersom prokura ikkje er spesifiserte, må heile styret signera.
Opplysningar om prokura må registrerast i Einingsregisteret.
Alle klubbar, lag og foreiningar må melde riktige opplysningar til Enhetsregisteret når det har skjedd endringar i styret. Først etter at dette er gjort, kan banken sjå på forhold som til dømes kven som skal ha tilgang til nettbanken.
Tilsette
Har klubben tilsette som får lønn, er det lovpålagt med pensjonsavtale. I tillegg kan ansvarsforsikring og kriminalitetsforsikring vere aktuelt.
Ansvarsforsikring
- Ansvarsforsikringa dekker økonomiske tap dersom klubben kjem opp i erstatningsansvar.
- Ansvarsforsikring er klubbens "livsforsikring", og kan hjelpe dykk med å dekke tapet slik at de kan drive vidare.
Les meir om ansvarsforsikring
Pensjon
Dei fleste bedrifter er pålagt å spare pensjon for sine tilsette. Dette gjeld òg klubbar, lag og foreiningar. Det er det som kallast obligatorisk tenestepensjon, forkorta til OTP.
Eigedelar
Dei fleste klubbar, lag og foreiningar har bygningar og gjenstandar som er verdifulle og som bør forsikrast, slik som idretts- og administrasjonsbygg og ulike køyretøy.
Eigedelsforsikring
- For dei aller fleste klubbane, lag og foreiningar vil ei eigedelsforsikring vere aktuell.
- Eigedelsforsikring dekker kostnadene dersom du får skader på maskiner, varer eller anna utstyr som klubben eig.
LOfavør Forening
Er laget eller foreininga di knytte til eit LO-forbund? Då får de ekstra fordeler hos oss.