Berekraft i idrettslaget

Idretten er ein viktig pådrivar for å skape forståing og engasjement for berekraft. 


Slik kan idrettslaget jobba med berekraftsmåla

For å bidra i arbeidet med berekraft, bør idrettslaget jobbe målretta innanfor tre overordna dimensjonar: Grøn omstilling, sosial inkludering og ansvarleg drift.

Grøn omstilling 

Kva miljøtiltak jobbar de målretta med i kvardagen? Bruk gjerne desse køyrereglane: 

  • Vi skal redusere matsvinn.
  • Vi kildesorterar og pantar tomgodset vårt.
  • Vi serverer kortreist mat på arrangement.
  • Vi har fokus på gjenbruk.
  • Vi oppmodar til å gå, sykle, reise kollektivt eller samkøyre til og frå trening.
  • Vi har sett i verk tiltak for å unngå at granulat frå kunstgrasbane hamnar i naturen. 
  • Vi bruker sparepærer i eigne anlegg.

Sosial inkludering 

Korleis jobbar de med å ta ned barrierar for deltakinga til barn og unge i idretten?

Barrierane kan vere knytte til

  • kjønn
  • kultur 
  • økonomi
  • fysiske føresetnader 


Ja til brukt!
Som bank er vi spesielt opptatt av å ta ned dei økonomiske barriererne. Med "Ja til brukt" ønsker vi å gi fleire moglegheita til å vere med i fellesskapet. 

Ansvarleg drift

Har idrettslaget gode løysingar for økonomistyring og drift?

For å ta vare på idrettens eigne lovkrav og gjere kvardagen enklare i idrettslaget, bør de sørge for å ha:

  • Nettbank med dobbel godkjenning av betalingar. 
  • Rekneskapsprogram som er kopla saman med både nettbank og KlubbAdmin.

Rekneskap og bank på same stad

Alt rundt økonomien i idrettslaget samlast på éin stad, samtidig som lovkrava for idretten blir tatt vare på. Les meir om rekneskap