Banken til idretten

Idrett gir glede og mestring, samhald og bulyst, i både små og store lokalsamfunn.​ Bak all idrettsgleda er frivillighet og dugnadsvilje den viktigaste drivkrafta.

Som støttespelaren til idretten og samarbeidspartnar med Norges idrettsforbund, bidrar vi til gode rammer der vi kan. Med støtte til dei gode prosjekta, og enkle og trygge løysingar for økonomien. 


Rekneskap og bank same stad

Samle alt rundt økonomien i idrettslaget på éin stad. SpareBank 1 Regnskap er enkelt å bruke, og kan hente informasjon rett frå NIFs medlemsbase via KlubbAdmin.

Kravet til idretten om mellom anna dobbel godkjenning av betalingar, blir òg tatt vare på.

For å prøve SpareBank 1 Regnskap må idrettslaget ha nettbank bedrift. Viss ikkje, vel å bli kontakta.

– No blir det lettare å overta jobben min 

EINAR FAGERJORD, kasserer i Porsgrunn roklubb

Enklare medlemshandtering med KlubbAdmin

KlubbAdmin er eit medlemssystem av og for idretten. Rekneskapsprogrammet vårt snakkar med KlubbAdmin, slik at medlemshandteringa blir enklare for idrettslaget.

Verktøykasse frå Norges idrettsforbund

Visste du at NIF har ei smart verktøykasse for klubbar og idrettslag på nettsidene sine? Her finn du idretten sine eigne lovnormer, rettleiing, informasjon, forslag til interne rutinar, malar og verktøy de står fritt til å bruke. Gå til verktøykassa på nif.no


Ja til brukt!

Dessverre set økonomi ein stoppar for at mange barn og unge kan delta i idretten. Sånn kan vi ikkje ha det! Derfor ønsker vi å gi fleire moglegheita til å vere med i fellesskapet.

Skibanken

Skibanken er Norge sin einaste bank med ski som valuta. Sportsbransjen ryddar lageret for utstyr som elles ikkje ville ha vorte selde, og Sparebank 1-bankane deler ut utstyret til dei som tar ansvar for at det blir brukt igjen og igjen.

Bytehelga

Bytehelga blir arrangert av klubbar over heile landet, og er Norge sin største dugnad for kjøp og sal av brukt skiutstyr. Både seljar, kjøpar og klubb får litt betre økonomi gjennom bruktmarknadane. Bytehelga blir arrangert to gonger i året. 

Søk støtte til eit godt prosjekt

Utvikling i lokalmiljøet gjer at vi har det bra der vi bur. Det ønsker SpareBank 1 å bidra til, og i fjor gav vi tilbake 278 millionar i samfunnsutbytte og 100 millionar til sponsorater – lokalt og nasjonalt. Har idrettslaget ein god idè eller eit prosjekt de treng støtte til? Kanskje vi kan hjelpe.

Berekraft i idrettslaget

Idretten er ein viktig pådrivar for å skape forståing og engasjement for berekraft. For å bidra i dette arbeidet bør idrettslaget jobbe målretta innanfor tre overordna dimensjonar: Grøn omstilling, sosial inkludering og ansvarleg drift.
Sjekk korleis idrettslaget kan jobbe med berekraft

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }