Slik byter du bank for bedrifta

Byte bank til oss? Det er faktisk enklare enn du trur. Hos oss får du alt bedrifta treng på éin stad, og ein sparringspartner som kjenner det lokale næringslivet.

mann og dame jobbar på ein laptop

Korleis byte bank?

1. Bli bedriftskunde her

For å byte bank til oss må du bli kunde først. Det gjer du enkelt ved å klikke på knappen under og følge stega. 

2. Bestill produkt

Manglar du nokre produkt og tenester etter at du har blitt kunde hos oss, kan du enkelt bestille desse her. 

3. Flytt midlar

Overfør midla frå den gamle banken til bedrifta til dei nye kontoane hos oss. Deretter seier du opp kontoar, produkt og tenester i den gamle banken. Nye kontonummer finn du i nettbanken.

4. Velkommen!

No er det aller meste i orden, og bankbytet er fullført. Det kan òg vera økonomisk gunstig for bedrifta å samle alt på éin stad, noko som i tillegg gir deg ei enklare oversikt.

Og du – husk at du når som helst kan snakke med oss om du treng hjelp til litt meir.

Treng du hjelp? Ingen problem!
Sjekk kva andre lurer på, eller ta kontakt med oss for å bli guida gjennom prosessen.

Hos oss skal bedrifta føle seg sett, høyrt og tatt vare på

For oss er dette meir enn ein jobb, og vi står på kvar dag for å bidra til at folk og bedrifter når måla sine. Hos oss kan du vere trygg på at du får verktøya du treng for å gjere ting sjølv og hjelp når du treng det.


Vanlege spørsmål om bankbyte

I tillegg til dei vanlege produkta som du får når du blir kunde, er òg desse viktige å få på plass for å sikre ein sømløs økonomisk kvardag for deg og bedrifta di:

Som regel tar det inntil 1-2 veker før bankbytet er fullstendig.

Det som tar lengst tid er behandlinga av anti-hvitvaskingsdelen under skipinga av kundeforholdet.

Dette er noko alle bankar er påkravde å gjennomføre, og vil vere likt uansett kva bank du går til. Det er strenge krav til anti-hvitvasking som alle norske bankar må forhalde seg til.

Betalingstenestene til bedrifta, bortsett frå Avtalegiro, må bestillast på ny hos oss.


AvtaleGiro

Med AvtaleGiro kan bedrifta sende faktura automatisk til kundar, eller de kan betala fakturaer frå faste leverandørar automatisk. Dersom du har AvtaleGiro i den gamle banken din, kan vi flytta dette for deg.


eFaktura

Den enklaste måten å sende og få eFaktura er å bruke eit rekneskapsprogram, men du kan òg bestille sending og betaling av eFaktura via fakturatenesta i nettbanken.


EHF

EHF (elektronisk handelsformat) er bedrift-til-bedrift-versjonen av eFaktura. Viss du skal sende faktura til ei offentleg verksemd, må ho sendast som EHF.

Innbetalingstenestene til bedrifta må bestillast på ny hos oss. 


Faktura med KID (OCR)

Med ein OCR-avtale blir alle innbetalingane bokførte med KID automatisk.


eGiro og Cremul

eGiro og Cremul er ulike namn på same produkt. Med eGiro eller Cremul får de elektroniske meldingar om innbetalingar, og slepp derfor å registrere innbetalingar utan KID manuelt. 

Om de skal ha eGiro eller Cremul kjem an på kva rekneskapsprogram de bruker. Ta kontakt med oss, så hjelper vi dykk med riktig løysing.

Skattetrekkskontoen til bedrifta kan vi flytte over frå den gamle banken din for deg. Då slepp du å frigi middel for så å overføre til ein ny konto.

Du kan velje å flytte rekneskapen sjølv i SpareBank 1 Regnskap, eller så kan vi gjere det for deg. Det er enklast å byte rekneskapsprogram ved årsslutt, men du kan sjølvsagt gjere det når som helst gjennom året òg.

Dei aller fleste rekneskapsprogramma kan koplast saman med nettbank bedrift. Dette kallast bankintegrasjon. 


Bruker du SpareBank 1 Regnskap hjelper vegvisaren deg med å kople rekneskapsprogrammet til nettbanken.

For at rekneskapsførar skal kunne godkjenne betalingar, må nettbanken til rekneskapsbyrået og nettbanken til bedrifta blir saman kopla. Dette ordnar nettbankadministratoren til rekneskapsbyrået. 


Då får rekneskapsførar godkjenningsrett på aktuelle kontoar i nettbanken sin. Deretter bestemmer de i rekneskapsprogrammet at rekneskapsførar skal godkjenne betalingane.

Nyttige tips til deg som skal byte bank

  • Hugs at betalingar som er lagt til forfall hos den gamle banken må leggast inn på forfallsregisteret på nytt hos oss. 
  • Når du seier opp kundeforholdet ditt i gamal bank, mistar du ofte tilgang til historikk og kontoutskrifter. Viss du veit at det noko historikk du treng å ta vare på, er det smart å lagre eller skrive ut kontoutskriftene.
  • Betal eventuelle papirfakturaer i overgangsfasen: Som regel vil fakturaer sendast som EHF dersom Avtalegiro er avslutta utan at ein ny er sett opp. Dette er òg ein rekneskapsmessig fordel for bedrifta. Skulle du likevel få papirfaktura på ei rekning du eigentleg har Avtalegiro-avtale på betaler du ho. 
  • Hugs å informere om nytt kontonummer for innbetaling viss du fakturerar utan betalingsteneste.

Samle alt på éin stad

Det kan vere både økonomisk gunstig og meir oversiktleg å samle produkta til bedrifta og tenester på same stad.

Forsikring

Gode forsikringar trygger framtida til bedrifta. Vi skreddarsyr bedriftsforsikringar for små og store bedrifter.

Pensjon

Visste du at vi har Noregs mest fornøgde pensjonskundar?

rekneskap

Her får du alt du treng for å halde orden på rekneskapen i bedrifta – du vel sjølv kor mykje du treng hjelp til.

Leasing

Visste du at bedrifta kan leige køyretøy, utstyr og maskiner gjennom oss i staden for å kjøpe det sjølv?


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }