Idé og planlegging
For å lukkast i oppstarten er det viktig å vere godt førebudd. Sjå kva du bør ha på plass før du startar.
Idé og planlegging
For å lukkast i oppstarten er det viktig å vere godt førebudd. Sjå kva du bør ha på plass før du startar.
Enn så lenge er den geniale ideen først og fremst inne i hovudet ditt. No er det på tide å undersøke om den kjem til å fly ute i den verkelege verda. Her er nokre spørsmål du kan stille deg.
1. Finst det ein markand for det du skal i gang med?
Viss hyllene alt flaumer over av det du skal tilby, må du anten lage noko som skil seg frå dei andre, eller innsjå at svaret er «nei, dette finst det ikkje ein marknad for». Sett deg inn i kva andre som tilbyr det same, og sjekk om det framleis er marknad for ideen din.
2. Kjem du til å tene pengar?
Sett deg ned og rekne på det: Kor mykje må du selje for å tene pengar? Treng du finansiell hjelp i oppstarten? Kor kan du eventuelt få økonomisk støtte? Her kan svaret vere alt frå foreldre og vener til banken, investorar eller gjennom dei offentlege støtteordningane.
3. Likar folk produktet eller tenesta?
La folk teste tenesta eller produktet. Tilbakemeldingane er gull! Ta dei på alvor og juster tenesta og produktet i takt med dei, viss det gir meining. Dei som testar produktet for deg kan òg bli dine første kundar (og starten på den verdifulle jungeltelegrafen).
4. Er du stolt av ideen din?
Gründerlivet inneber masse hardt arbeid. For å lykkast må det du går i gang med vere noko du verkeleg trur på – også når det gjeld verdiar som berekraft, arbeidsvilkår og forskjellen produktet ditt gjer i verda.
Er svara dine oppriktig ja på alle spørsmåla? Då er sjansane store for at du har ein GOD IDÉ!
Tenk deg at du skal fortelje om ideen bak bedrifta di i løpet av ein kort heistur. Skal du rekke å seie alt må du vere presis og overtydande. Dette kallast ein heistale.
Ein heistale er ein god øvelse for å kunne forklare ideen din til andre. Gjer det så enkelt som mogleg, slik at mottakaren forstår kva du meiner med ein gong. Er heispitchen din god nok, får du kanskje eit sal før heisen stopp!
Klarer du å selje ideen din på eitt minutt?
Bruk 15 sekund på kvart av punkta:
Ein forretningsplan eller forretningsmodell forklarer korleis du i praksis, både internt og eksternt, planlegg å setje forretningsideen din ut i livet.
Eit levande dokument
Forretningsplanen bør heile tida vere i utvikling. I Business Model Canvas ser du dei viktigaste delane av ei forretningsplan, slik at det blir lettare for deg å vite kor du skal begynne, og kva du bør fokusere på når du skal vidareutvikle bedrifta.
Du bør alltid ha ei ryddig utgåve for handa. Den blir nyttig når du skal presentere planar for samarbeidspartnerar, eller når du skal snakke med oss om finansiering.
Bruk planen aktivt
Korleis skal kundar og samarbeidspartnerar oppdage bedrifta di? Her får du ein rask innføring i identitet, logo og målgrupper.
Det å designe logo og lage nettside er noko av det morosamaste – og viktigaste – du gjer når du etablerer eit nytt selskap. Den visuelle profilen din skal:
Ver konsekvent i fargebruk, bilder og illustrasjonar – på tvers av ulike flater og medium. Det må vere lett for folk å plassere deg i rett «type bedrift». Få hjelp av fagfolk! Dei lever av å skape unike og attraktive førsteinntrykk.
Det er viktig å vite kva målgrupper du skal henvende deg til – altså kven som vil ha størst behov for dine produkt eller tenester. Når du har ei klar formening om det, kan du skreddersy ein visuell profil som vil virke tiltrekkande på akkurat dei. Test den visuelle profilen på målgruppa undervegs.
Hugs at fornøgde kundar er den beste marknadsføringa. Gjer alt du kan for å gi kundane dine ein god oppleving, slik at dei snakkar om deg der ute. Lykkast du kontinuerleg med dette, har du verdas beste marknadsføringsteam på jobb kvar dag – gratis.
For å kunne bestemme kva mål du skal sette deg for sal av produkt og tenester treng du innsikt om marknaden.
Du kan samle inn informasjon på internett, telefon, personleg intervju, eller ved hjelp av fokusgruppe, observasjonar eller eksperiment. Det kan også vere aktuelt å analysere data i eigne databasar eller annan tilgjengeleg informasjon.
Eit godt firmanamn kan gjere at bedrifta di vert lagt merke til. Namnet kan vere avgjerande for at kundar og andre hugsar deg og forstår kva du driv med.
Namnet må
Nokre likar namn som beskriver kva du gjer, medan andre føretrekk meir abstrakte namn. Eit beskrivande namn, som "Hønefoss Rørleggerservice", fortel tydeleg kva du driv med, men det kan også vere mange andre som nyttar lignande namn. Eit abstrakt namn, som "Nimbus", gjer meir rom for tolking.
På navnesok.no kan du sjekke om namnet du vil ha er ledig som domenenavn, føretaksnamn og varemerke. Det er lurt å sikre domenenavnet først, og deretter registrere firmanamnet.
Før du går i gang må du vere sikker på at du har pengar nok til å dekke oppstartskostnadane og løpande utgifter i tida før du får inntekter.
Det vanlegaste er å finansiere oppstarten med eigenkapital og lån. Eigenkapital vil seie eigne sparepengar eller pengar du skaffar på anna vis, til dømes frå familie og venner. Hugs at du må kunne dokumentere kvar du har fått pengane frå.
Det finst fleire støtteordningar og tilskot du kan søke på. Både offentlege og private.
Gründer og pizzakokk Antonio Melis følgde draumen og driv to suksessfulle restaurantar.
Langs den brusande Altaelva finn vi opplevingsbedrifta Sorrisniva. Ein gründerdraum som starta i ein elvebåt.
Så fann Stine ut at ho hadde ein designar i seg, som berre måtte ut. No sel dei kjolane til heile Europa – frå Fosnavåg.