Alle bedrifter som handlar i finansielle instrument må ha eit LEI-nummer.
LEI-nummer
Kva er LEI?
LEI står for Legal Entity Identifier, og er ein global standard for å kunne identifisere selskap. Tenk på det som eit internasjonalt organisasjonsnummer. LEI-kode eller LEI-nummer er ein unik kode som består av 20 symbol, og består av både tal og bokstavar.
LEI-nummeret er gyldig i eitt år, og må fornyast minst ein gong i året for at den skal vere gyldig.
Kven må ha eit LEI-nummer?
Alle bedrifter som handlar i finansielle instrument må ha eit gyldig LEI-nummer. Aktuelle finansielle instrument inkluderer aksjar, obligasjonar, renteswap, FX forward og FX swap, opsjonar og andre derivat. FX spot blir ikkje omfatta.
Kvifor må bedrifta ha LEI-nummer?
Ifølgje MiFID II-direktivet er ein LEI-kode obligatorisk for alle juridiske einingar som deltar i transaksjonar i finansmarknadane, og som er registrert i Europa.