Du kan velje mellom aksjefond, indeksfond, rentefond eller kombinasjonsfond.
Aksjefond: Eit aksjefond består av eigardelar i fleire børsnoterte selskap. Dette betyr at du ved å investere i eit aksjefond indirekte eig aksjar i dei ulike selskapa som fondet har investert i. Bedrifta tener pengar viss den samla verdien av selskapa i fondet stig. Aksjefond passar for deg som ønsker høg avkasting og toler at investeringane svingar i verdi.
Aksjefond kan vere indeksfond eller aktivt forvalta fond. Her kan du lese meir om forskjellen på aktivt forvalta fond og fond som følger ein index.
Rentefond: Ved å spare i rentefond låner du i praksis bort pengane dine til fleire selskap. Du tener pengar på renta som selskapa betaler på lånet. I eit rentefond tener ein ikkje like mykje som i eit aksjefond, men det er ei meir forutsigbar investeringsform fordi risikioen er låg.
Kombinasjonsfond: Eit kombinasjonsfond består av både aksjefond og rentefond, og det er forholdet mellom desse som avgjer kurssvingingar og forventa avkasting. Vi anbefaler som utgangspunkt ikkje kombinasjonsfond til bedrifter, sidan det kan medføre høgare skatt.
Sjå også
Plassering i fond for bedrifter
Oversikt over alle fond vi tilbyr