Ofte stilte spørsmål om livsforsikring og livkonto

Kva slags avtale har eg?

På kontoutskrifta du har fått tilsendt vil det stå kva avtale du har. Du finn også kontoutskrifta elektronisk ved å logge inn med Bank-ID på www.sparebank1.no/minpensjon, velg "Dokumentarkiv".

Når blir spareverdien utbetalt?
Avtalt utbetalingsdato for sparedelen av forsikringa finn du i forsikringsbeviset.

Kva må eg gjere for å få utbetalt spareverdien?
Du vil få tilsendt eit utbetalingsbrev ca. 3 månadar i forkant av avtalt utbetalingsdato. Her ber vi blant anna om kontonummer for utbetaling, skjemaet for dette finn du her: www.sparebank1.no/skjemaer. Ønsker du tidlegare utbetaling enn avtalt, kan du avslutte (gjenkjøpe) avtalen viss vilkåra tillet det. Ved gjenkjøp opphøyrer også forsikringane knytt til avtalen. Viss du har ein livkonto har du moglegheit til å gjere uttak frå sparedelen dersom verdien er høg nok.

Kva er garantert rente?
Den garanterte renta er allereie medrekna i ytingane dine. Viss avtalen er tildelt overskot utover garantert rente vil ytingane auke.

Kan eg begynne å spare igjen på ein avslutta avtale?
Nei, det er ikkje mogleg å starte sparinga igjen på ein avtale som er avslutta.

Kan eg fortsette med forsikringane etter opphøyrsdato?

Nei, det er ikkje mogleg å forlenge forsikringstida, men du kan alternativt kjøpe nye forsikringar. Les meir på www.sparebank1.no/pensjon

Korleis kan eg følge med på utviklinga av avtalen min?
Utviklinga kan du sjå på kontoutskrifta som blir sendt ut ein gong per år.

Kan avtalar bli utbetalt (gjenkjøpt) i si heilheit?
Livsforsikring kan i nokre tilfelle bli gjenkjøpt. Ved gjenkjøp blir avtalen avslutta. For livkonto kan det ved tilstrekkeleg saldo også gjerast uttak utan at avtalen blir avslutta. Det er også mogleg å gjenkjøpe livkonto slik at eventuell saldo blir utbetalt og avtalen blir avslutta. Mer informasjon om dette finn du i forsikringsvilkåra.

Betaler eg skatt på avtalen min?
Du betaler skatt av avkastninga året etter at den er opptent. Sparesaldoen inngår i grunnlaget for formueskatt.

Kva skjer med avtalen viss eg dør eller blir ufør?
I forsikringsbeviset finn du kva reglar som gjeld for din avtale, samt kva beløp som eventuelt vil kome til utbetaling ved død eller om du blir arbeidsufør.

Kan eg sleppe å få tilsendt kontoutskrift?
Nei, kontoutskrifta er lovpålagt informasjon som blir sendt ut årleg.
 

Eigne spørsmål som handlar om livkonto:

Kan eg få utbetalt saldo no?
Du står fritt til å gjere uttak frå kontoen viss saldo er tilstrekkeleg til å dekke risikopris og kostnader for minst seks månadar fram i tid. Viss du ønsker å få utbetalt heile saldoen no, må du seie opp Livkontoen med tilhøyrande forsikringar. Saldoen i dag vil vere eit anna beløp enn det den var 31.12. Den delen av saldo som høyrer til eventuelt innvilga uføreerstatning, kan ikkje utbetalast kontant. Gjelder forsikringane fleire personar må uttak eller oppseiing bli bekrefta frå begge forsikringstakarane.

På neste side ser du både kor mykje du innbetalte i fjor, og kor mykje vi belasta kontoen. Risikoprisen vil auke med stigande alder, så gitt at alle dekningane framleis er i kraft, vil vi belaste meir i år.

Du finn informasjon om Livkonto og korleis avtalen fungerer litt lenger bak.

Er avtalt innbetaling tilstrekkeleg til å dekke risikopris og kostnadar framover?
Livkonto omfattar éin sparekonto og éi eller fleire forsikringsdekningar. Avtalen fungerer slik at du betaler eit bestemt beløp til din Livkonto éin eller fleire gonger i året. SpareBank 1 tilfører avkastning og trekker risikopris og kostnadar kvar månad. Du står fritt til å innbetale meir eller mindre når du vil, og du kan også gjere uttak frå kontoen.

Risikoprisen aukar kvart år med alderen på forsikra, og aukar endå meir viss forsikringssummen blir regulert i takt med konsumprisindeksen.

Saldo på ein Livkonto må alltid vere tilstrekkeleg til å dekke risikoprisen og kostnadane minst seks månader fram i tid.  Dersom saldoen ikkje er stor nok, sender vi eit varsel til deg om ei ekstra innbetaling slik at forsikringa ikkje opphøyrer. Dette varselet må du betale dersom du vil oppretthalde avtalen uendra. I tillegg anbefaler vi at du aukar avtalt innbetaling framover.

Korleis kan det bli for lite pengar på kontoen?
Viss du for eksempel har gjort eitt eller fleire uttak frå kontoen, viss du har hoppa over eller variert innbetalingane, eller viss du har betalt på varierande tidspunkt opp gjennom åra, kan det hende at saldo på din Livkonto ikkje strekker til. Det same kan skje viss forsikringssummane har auka, medan avtalt innbetaling ikkje har auka eller ikkje har auka nok.

Vi måler jamleg om saldo på din Livkonto er tilstrekkeleg, og sender deg eit varsel om ekstra innbetaling når saldo er for liten og det er fare for at forsikringa kan opphøyre. Viss du vil kome oss i forkjøpet, så kan du sjølv gjere ein enkel sjekk: Belastar vi meir i risikopris og kostnadar per år enn det du betaler? Du finn fjorårets beløp i siste kontoutskrift. Hugs at risikoprisen stig for kvart år.

Viss du ser at vi trekker meir frå kontoen enn det du betalar inn, er det fare for at saldoen etter kvart kan bli for liten. Vi anbefaler då at du aukar den avtalte innbetalinga. Send oss ein mail på pensjon@sparebank1.no, eller ta kontakt med oss på telefon 21 02 50 50. Hugs å oppgje avtalenummer. Ta kontakt viss du vil at vi skal hjelpe deg.

Har du fått innvilga betalingsfritak fordi du er ufør?
Forsikringa «Betalingsfritak» inneber at SpareBank 1 Forsikring overfører eit avtalt beløp til din konto viss du blir sjuk. Det er ikkje sikkert at beløpet dekker heile risikoprisen i tillegg til dei kostnadane vi trekker frå kontoen kvar månad. Risikoprisen aukar kvart år med alderen på den som er forsikra, men det beløpet vi tilfører kontoen, aukar ikkje.

Vi anbefaler at du held fram med å innbetale etter betalingsplanen, slik at forsikringane ikkje opphøyrer.

Er forsikringa di for dyr?
Prisen for forsikringa aukar kvart år med stigande alder. Viss du meiner at forsikringa di har blitt for dyr, må du vurdere kva behov du har. Har du behov for å behalde alle dekningane på dagens nivå? Viss ikkje, kan du redusere eller sei opp éi eller fleire av forsikringsdekningane. Utbetaling dersom du blir arbeidsufør (eingongsutbetaling, uførerente og betalingsfritak) er normalt dei dyrare dekningane. Har avtalen regulering i takt med konsumprisindeksen, kan du be oss stoppe dette. Viss du ikkje har behov for nokon av forsikringsdekningane lenger, kan du seie opp Livkontoen. Då utbetalar vi heile sparesaldoen straks. Er du allereie ufør, og avtalen omfattar utbetaling ved arbeidsuførheit, bør du ta kontakt med oss viss du vurderer å endre eller seie opp avtalen. Viss avtalen har to forsikringstakarar, må begge skrive under på endring eller oppseiing.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }