Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje kjem inn i nettbanken. Sjekk først at du er på bedriftssida når du loggar inn, viss ikkje, klikkar du på bedrift oppe til venstre før du klikkar på logg inn.
Den vanlegaste årsaka til at ein ikkje kjem inn i nettbank bedrift, er at kundeopplysningane vi har på bedrifta ikkje er oppdaterte, og derfor blir nettbanken sperra. For å få opne nettbanken igjen må de oppdatere kundeinformasjonen under.
Dersom ein konto er i minus, altså at kontoen er overtrekt, kan også nettbanken bli sperra. Då må de setje inn pengar på konto, så kontoen kjem i pluss. Når det er gjort ta kontakt med oss på telefon 57 82 97 00, for å få opna nettbanken.
Gjeld problema BankID app'en eller kodebrikka finn du fleire tips her.