Samtykke for bedrifter
For at bedrifta di skal få tilpassa råd og tilbod frå oss, må du samtykke til det. Det gjer du under Innstillingar i nettbank bedrift.
For at bedrifta di skal få tilpassa råd og tilbod frå oss, må du samtykke til det. Det gjer du under Innstillingar i nettbank bedrift.
SpareBank 1 består av fleire føretak som saman leverer dei produkta og tenester som banken sine kundar nyttar. Vi ber dykk om å samtykke til at føretaka i SpareBank 1 kan dele og nytte dei opplysningane de har om bedrifta, slik at vi kan tilpasse tenestene våre best mogleg og gi relevante råd og tilbod til bedrifta di. Opplysningane blir ikkje delt med aktørar og selskap utanfor SpareBank 1. |
Dagleg leiar samt styreleiar kan gi frå seg samtykke på vegne av bedrifta. Ved oppretting av nytt kundeforhold kan samtykke bli gitt av dei som er signaturberettiga i samsvar med firmaattesten i Brønnøysundregisteret. |
Her kan du lese den fullstendige samtykketeksten: Samtykket opphevar teieplikta slik at føretaka i SpareBank 1 kan dele og nytte dei opplysningane SpareBank 1 har tilgjengeleg om bedrifta. Dette inkluderer opplysningar som eksempelvis transaksjonar, behaldning, rekneskapsdata og opplysningar om korleis bedrifta nyttar SpareBank 1 sine tenester, eksempelvis i nettbank og digitale kanalar. Samtykke omfattar ikkje opplysningar om dei tilsette til bedrifta utover til bruk som kontaktpersonar, kundar, børssensitiv informasjon og heller ikkje helseopplysningar eller andre sensitive personopplysningar. Deling og bruk av opplysningar skjer både mellom banken og dotterselskapa til banken, mellom dotterselskapa, mellom banken din og banken sine produktselskap og mellom SpareBank 1 sine produktselskap. Sjå kva for nokre selskap dette omfattar. Opplysningane til bedrifta kan samanliknast og brukast til analyse, for å tilpasse råd og tilbod best mogleg og til å forbetre SpareBank 1 sine tenester. Opplysningane kan bli lagra i eit felles kunderegister, men vil ikkje bli delt utanfor SpareBank 1. Det blir ikkje delt informasjon mellom dei ulike bankane i SpareBank 1. Det er dei selskapa bedrifta har eit kundeforhold til som har ansvaret for å behandle opplysningane til bedrifta. Informasjon frå SpareBank 1 vil bli gitt til relevante kontaktpersonar i bedrifta. Bedrifta kan sjølv oppgi og endre kontaktinformasjon ved å kontakte banken. Kontaktopplysningane til dei tilsette vil berre bli nytta i bedriftsmarknadssamanheng. Personopplysningane til dei tilsette vil bli behandla i tråd med gjeldande personvernregelverk. Les meir om SpareBank 1 si behandling av personopplysningar. Bedrifta har rett til innsyn i opplysningane sine, og du kan når som helst trekke samtykket tilbake. |
Som dagleg leiar eller styreleiar i bedrifta kan du endre samtykket under Innstillingar i nettbank bedrift. |