Godt personvern - retten din, plikta vår

Ei av våre aller viktigaste oppgåver er å ta vare på personvernet ditt på ein god og sikker måte. Dette er avgjerande for at du skal ha tillit til oss. Slik har det alltid vore, men no får du endå fleire rettar.

Du har kanskje fått med deg at det har komme nye personvernreglar frå EU? Dei kallast GDPR, som står for General Data Protection Regulation. I Norge blir dette innført saman med ei ny personopplysningslov, som også inneheld eigne norske reglar.

Hensikta med personvernreglane er å passe på at personopplysningane dine blir innhenta, behandla og tatt vare på på ein god måte. Dette er bra for deg, men det kan òg vere vanskeleg å forstå kva dei nye reglane faktisk inneber. Derfor har vi prøvd å oppsummere det viktigaste her.

Kva er ei personopplysning?

Personopplysningar er alle opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson, til dømes namn, fødselsnummer, aktivitet på bankkonto inntekt, familieforhold og informasjon om helsa di. Det kan også vere vurderingar og analysar av deg som kunde, eller informasjon om åtferda eller forbruket ditt.

Rettane dine

Med dei nye personvernreglane følger ein del nye rettar for deg som kunde – og nye plikter for oss som bank og forsikringsselskap. Mellom anna har du rett til å få informasjon om kva personopplysningar om deg vi behandlar, og korleis vi behandlar dei. Du har rett til å få ein kopi av dei personopplysningane du har gitt til oss. Du kan også i ein del tilfelle krevje å få retta eller sletta mangelfulle og unødvendige personopplysningar. 

Kva bruker vi personopplysningane dine til?

For å tilby deg gode, grunnleggande bank- og forsikringstenester, som til dømes lån eller betaling til og frå kontoen din, treng vi personopplysningar om deg. Vi bruker også personopplysningane dine til risikovurdering av våre kunde- og låneporteføljer, og til førebygging og avdekking av straffbar handlingar. Dette er vi pålagt å gjere.

I tillegg ønsker vi å bruke personopplysningar til å gi deg den beste moglege kundeopplevinga, ved å tilpasse tilboda våre, produkt og råd til akkurat dine behov. Vi vil aldri dele dataa dine med andre, med mindre lova krev det eller du har gitt løyvet ditt.

Du kan lese meir om korleis vi tar vare på personvernet ditt her. Har du spørsmål er du også velkommen til å kontakte personvernombodet vårt.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }