Remburs

Ei trygg betalingsform som blir brukt ved handel med utlandet. Remburs er vanleg for kjøp og sal over 20.000 kroner – der kjøpar og seljar ikkje kjenner til kvarandre.

Tryggleik for både kjøpar og seljar.
Seljar har garanti for at vara blir betalt.
Kjøpar betaler aldri noko før vara er send.

Fordelar med remburs

Remburs er ein trygg betalingsmetode for internasjonal handel som er anerkjent over heile verda.

Fordelar for kjøpar

  • Trygg betaling: Kjøpar betaler aldri før vara er send.
  • Oversikt Kjøpar veit alltid når vara blir sendt.
  • Vidaresal: Vara kan seljast vidare før den blir betalt.
  • Forhandlingskort: Lettare å forhandle om pris og kredittid fordi betaling er garantert.
  • Prioritert kunde: Kjøpar med remburs blir ofte prioritert ved få varer igjen på lager.

Fordeler for seljar

  • Sikker betaling: Banken til kjøparen garanterer at seljar får betalt.
  • Forutsigbart: Seljar veit når betaling kjem inn på konto.
  • Avgrensa risiko: Kjøpet kan ikkje annullerast utan godkjenning frå seljar.
  • Redusert kredittid: Reduserer tida det tar før seljar får betalt for vara.

Slik fungerer remburs

Remburs startar alltid hos kjøpar, men seljar kan også krevje at kjøper bruker remburs. Skal du til dømes selje ei vare til Kina, er du sikker på å få betalt når kjøpar bruker remburs.

  1. Kjøparen ber banken sin om å utskrive ein remburs.
  2. Banken til kjøparen sender rembursen til banken til seljaren.
  3. Seljaren leverer vara og gir nødvendig dokumentasjon, som faktura og fraktdokument, til banken sin.
  4. Banken til seljaren bekreftar at dokumenta er i orden og betaler seljaren.
signert avtale. illustrasjon

Trygg handel over landegrensene

Skal du kjøpe eller selje noko som har ein verdi over 20.000 kroner, er det vanleg å bruke remburs.

Remburs fungerer som ein bankgaranti ved internasjonal handel der det er kjøpar sin bank som garanterer at vara blir betalt. For at denne garantien skal gjelde, må seljar oppfylle alle krava i avtalen eller rembursen.

Det internasjonale handelskammeret, International Chamber of Commerce (ICC), har ansvaret for regelverket. På engelsk kallast remburs ofte for ein "Letter of Credit" (LC).

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }