Dokumentinkasso

Ei trygg betalingsform som blir brukt ved handel med utlandet. Dokumentinkasso er vanlegast å bruke når kjøpar og seljar kjenner til kvarandre.

Person som sitter med bokföring hemifrån
Trygg betalingsmetode for internasjonal handel.
Kjøpar betaler aldri før vara er send.
Seljar får ofte pengane raskare enn ved ei vanleg rekning.

Slik fungerer dokumentinkasso

Vi som bank er bindeleddet mellom kjøpar og seljar. Samanlikna med remburs, stiller vi ingen garanti for at vara blir betalt, men vi kan sende purringar til kjøpar viss betalinga ikkje kjem inn.

  1. Kjøpar og seljar blir samde om å bruke dokumentinkasso.
  2. Seljar lagar eit dokument om korleis betalinga skal skje, og sender det til banken sin. Banken sender det vidare til banken til kjøpar.
  3. Seljar sender vara.
  4. Kjøper får melding frå banken sin, og betaler for vara.
  5. Seljar får pengane for vara.

Greitt å vite

Blir vara sendt med bil eller fly, kan kjøpar hente den ut når som helst. Blir den sendt med båt, kan vara først hentast ut etter den er betalt.