Ny måte å betale for fonda dine

Vi har endra måten du betaler for fondsparinga di på. Dette gjer vi for å tilfredsstille regulatoriske krav og for å kunnw tilby konkurransedyktige prisar. For mange vil det innebere at det vert billegare å handle fond hos oss.

Dette betyr endringa for deg

Endringa i prismodellen betyr at i staden for at alle kostnadar er inkluderte i forvaltningshonoraret til fonda, der banken får delar av forvaltningshonoraret i returprovisjon, vil prisen på dei fleste fond bli todelte – ein pris som forvaltar skal ha for jobben (forvaltningshonorar) og ein pris som banken skal ha for jobben som distributør og oppfølging av kundeforholdet ditt (formidlingshonorar).

  • Den nye betalingsmåten vil føre til at den totale kostnaden for fonda dine i mange tilfelle vil bli lågare.
  • Sparinga vil ikkje påverkast, men måten vi tar oss betalt på blir endra. Du vil få betre oversikt over kva du betaler til dei ulike aktørane.
  • Namnet på fonda kan endrast noko, men vil framleis vere kjent for deg. Til dømes vil ODIN Aksje C byte namn til ODIN Aksje D.
  • For å få nye prisar og handle fond må du akseptere ny kundeavtale.

Kva betyr endringa for deg?

Prosessen med å flytta fond starta i 2021, og i 2022 skal alle fond vere flytta. Vi har endra måten du betaler for fondsparinga di på. Fondsutvalet i mobilbanken og nettbanken er litt annleis. Namnet på fonda kan endrast noko, men vil framleis vera kjent for deg. Til dømes vil ODIN Aksje C byte namn til ODIN Aksje D. Du kan oppleve at enkelte fond ikkje lenger kan kjøpast. I ein periode kan du også oppleve at du har to fond med same namn og at det tar lengre tid enn normalt å få pengane i samband med kjøp og sal av fond.

Sjå ofte stilte spørsmål om endringa

Endringa vi gjer no kjem frå lovendringar i det europeiske regelverket MIFID II. Formålet med reglane er å gi betre vern for deg som investerer og sikre ein meir gjennomsiktig betalingsstruktur i investeringmarknadar.

Regelverket strammar mellom anna inn moglegheita for distributørar som oss å få returprovisjonar for sal av fond. Ein del av hensikta har vore å sikre at bankar, rådgjevarar og andre som sel fond ikkje har insentiv til å anbefale dyre fond (med høg returprovisjon) i staden for billege fond (med låg returprovisjon).

I tillegg ønsker vi å kunna vere konkurransedyktig på prisar.

Kort oppsummert har vi endra måten vi tar betalt for fond på. Dette gjer vi ved å innføre ein Nettofondsmodell som gjer at vi ikkje lenger får betalt av forvaltar for å distribuere fond. Ved å akseptere avtalen gir du oss løyve til å konvertere fonda dine til nettofond. Når fondet ditt er konvertert til eit nettofond får vi ikkje returprovisjon lenger, men kostnaden til banken skilst ut i eit eige formidlingshonorar som du betaler direkte til banken. Vi set ned prisen for formidling på fleire fond som gjer at fondsutvalet vårt i sum blir billegare for deg i den nye nettofondsmodellen vår.  

Ikkje alle fond er tilgjengeleg som nettofond, og for desse behaldningane vil vi framleis få returprovisjon, som i dag. 

I eit bruttofond betaler du eit årleg honorar for fonda dine. Dette honoraret blir delt mellom fondsforvaltar og banken som distributør. Honoraret til forvaltar kallast forvaltningshonorar. Banken får ei indirekte betaling frå fondsleverandøren som betaling for distribusjon, marknadsføring, kundeservice, skatte-rapportering, rettleiing og rådgjeving m.m. Dette honoraret kallast returprovisjon.

I eit nettofond betaler du berre forvaltningshonorar til fondsselskapet. Bankane eller distributørane må så legge på kostnaden sin som direktebetaling frå kunden for at dei tilbyr fondet i fondsutvalet sitt. Denne direktebetalinga kallast formidlingshonorar. Returprovisjonen som banken tidlegare fekk av Fondsforvalter fell derfor bort.

Formidlingshonoraret vil i mange tilfelle vera lågare enn den returprovisjonen vi tidlegare belasta via fondsforvalteren, noko som betyr lågare kostnad for deg som kunde. For enkelte fond kan det vere tilfelle der det er motsett, at kostnaden kan vere meir.

Kva avgift du betaler for fonda dine varierer for ulike typar fond.

Formidlingshonorar er eit honorar som blir betalt direkte til banken for tenesta bankane leverer når du sparer og investerer i fond. Dette honoraret erstattar returprovisjonen vi tidlegare fekk frå fondsforvalter. Honoraret blir berekna ut frå din samla fondsbehaldning.  

Formidlingshonoraret blir betalt ved at det blir gjennomført innløysing av fondsdelar. Dette blir trekt frå fondet med høgast behaldning. Det blir gjort automatisk og du treng ikkje å gjere deg noko sjølv. Formidlingshonoraret blir trekt etterskotsvis kvart kvartal. Du kan også velje at dette skal trekkast som eit beløp direkte frå ein konto du oppgir.

Forvaltningshonorar er ein årleg pris du vert belasta som betaling for distribusjon, marknadsføring og forvaltning av fondet. Dette honoraret blir delt i to mellom fondsforvalter og banken som distributør. Honoraret til forvaltar kallast forvaltningshonorar. Banken får ei indirekte betaling frå fondsleverandøren som betaling for distribusjon, marknadsføring, kundeservice, skatte-rapportering, rettleiing og rådgjeving m.m. Dette honoraret kallast returprovisjon. Formidlingshonoraret vi no innfører erstattar returprovisjon som inntekta vår frå fondsdistribusjon.

Prisendringa gjeld når du har akseptert ny kundeavtale og når fondet er endra frå bruttofond til nettofond. Dersom fondet ditt ikkje kan konverterast til eit nettofond, vil prisen vere lik som i dag. Har du fleire fond kan du oppleve ulik konvertering. I ein overgangsfase kan du også oppleve at du har to fond med same namn. 

Du vil få ein sluttsetel når fonda dine er flytta over til nettofond.

Fondsutvalet vert ikkje påverka av endringar i prismodell. Vi gjer kontinuerlege vurderingar av kva tilbodet vårt skal vere for at du skal ha eit best mogleg utval.

Nokon fond vil framleis berre vere tilgjengelege i bruttofondsversjon. Betalinga for desse fonda vil dermed følgja gammal betalingsstruktur som gjer at banken får returprovisjon frå fondsforvalter på akkurat dette fondet og ikkje direkte frå deg som kunde. Du som kunde betaler likevel eit honorar til banken indirekte via totalprisen du betaler til forvaltar.

På grunn av endringar i lovkrav, har vi gjort endringar som du må akseptere. Dette er i hovudsak godt nytt for deg. Dersom du ikkje aksepterer, vil det kunna avgrense kva fond du kan handle hos oss.

Endringa gjeld alle kundar, og det vil ikkje vere mogleg å velje mellom den gamle og den nye prismodellen.

Sparer du til barnet i namnet til barnet må også dei akseptere ny kundeavtale. Er barnet under 18 år, må begge foreldra (verjene) akseptere. Viss du sparer i fond til barnet ditt, i ditt eige namn, treng ikkje barnetå akseptere ny kundeavtale.

Du må fylle ut eit skjema per person. Har du åleineansvar må du lasta opp dokumentasjon på dette.

Viss du er verje for ein person over 18 år, som sparer i fond i sitt eige namn, må du akseptere ny kundeavtale, på same måte som for barn. Du må fylle ut eit skjema per person.

Her legg kvar bank inn eige prisdøme

Prisar for fondssparing

  • Her tilpassar bankane sjølv prisinformasjon

Spørsmål og svar

Andre sider for deg

Har du ikkje BankID?
Her finn du informasjon om korleis du gir aksept utan BankID for deg sjølv.
Ny kundeavtale - barn/verjemål
Her finn du informasjon om korleis du gir aksept for barn eller personar under verjemål.
Informasjon til deg som handlar fond og verdipapir
Avtalar og retningslinjer du må forhalde deg til.
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }