Pensjonssparing i urolige tider

2020 har som følgje av koronakrisa vore et svært turbulent år. Det har vore mykje usikkerheit knytt til varighet og omfanget av krisa, men dei fleste har no innstilt seg på at situasjonen blir langvarig. Med utgangspunkt i et dramatisk børskrakk har børsane i stor grad henta seg inn att og optimismen er smått tilbake.

Kva har skjedd?

Koronakrisa har til no blitt en av dei verste krisene vi har sett sidan «the great depression» på 30-talet. Situasjonen eskalerte raskt og skapte en stor usikkerheit i marknaden. Når ei slik uvisse får fotfeste og spreier seg, stoppar handelen opp og prisane på aksjar fell. Noko av dette skuldast strenge smittevernstiltak innført av myndigheitene i land med smitte, men det har òg resultert i dei største hjelpepakkane til næringslivet i historia. Likevel har krisa sett sitt preg på økonomien og det er forventa at myndigheitene i mange land vil ha fokus på å stimulere økonomien i fleire år framover. 

Kva skjer no?

Optimismen er smått tilbake og i den siste tida har markedet stege meir enn det har gjort dei siste 100 åra. Mange land, Noreg inkludert, har god kontroll på smitten og ein auka testkapasitet, som gjer at ein løpande kan vurdere å lette på smittevernstiltak. Det er òg fleire vaksinar og behandlingar som er i testfasen.  

Kva har vi lært?

Vi har fyrst og fremst fått bekrefta gammal lærdom. Det løner seg å sitje stille i båten når det svingar.

"Mange tenkjer at det er lurt å endre investeringsval og selje ut aksjeandeler til fordel for renter, men dette er noko vi generelt fråråder. Tanken er god, men vi ser at ein sjeldan treff riktig i marknaden, som resulterer i at ein sel billig og kjøper dyrt seinare", forklarar Lena Elisabet Sparr, leiar Kapitalforvaltning i SpareBank 1 Forsikring. 

Kva er viktig å hugse på framover?

Pensjonssparing er av natur langsiktig sparing og det er viktig å hugse på at ein urolig periode vil ha liten innverknad på ein spareperiode som skal gå over fleire år. Verdisvingningar i aksjemarknaden er heilt normalt og grunnen til at du får betre avkastning over tid. Dette tek vi høgde for i vår investeringsstrategi og i vår rådgjeving.

Spareprofilen du har valgt passar på at avtalt fordeling mellom aksjar og renter blir oppretthalde over tid. Dette betyr auka langsiktig avkastning fordi aksjar kjøpast billig (når kursane faller) og selgast dyrt (når kursane stig).

Verdiutvikling og referanseindeks

Under ser du utviklinga til porteføljene 100% Aksjar og Moderat 50%. Grafen viser at verdien kan svinge mykje i periodar og med ein høg aksjeandel er det ikkje uvanleg at verdien svingar opp mot 15-20%. Likevel ser ein at det gir avkastning over tid. Difor er det viktig å ikkje ha eit kortsiktig fokus, på eit produkt som har ein lang sparehorisont.

Verdiutvikling av porteføljen 100% Aksjar

Referanseindeksen er eit verktøy som blir brukt til å måle porteføljen sin prestasjon og består av eit representativt utval av selskap.

Illustrasjon referanseindeks aksjer

Verdiutvikling av porteføljen Moderat 50%

Referanseindeksen er eit verktøy som blir brukt til å måle porteføljen sin prestasjon og består av eit representativt utval av selskap.

Historisk avkasting for fond er ingen garanti for framtidig avkasting. Framtidig avkasting avheng mellom anna av marknadsutviklinga, kor dyktig forvaltar er, risikoen til fondet, og dessutan kostnader ved forvaltning og innløysing. Avkastinga kan bli negativ som følge av kurstap.


{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }