I aksjesparekontoen kan du ha børsnoterte aksjar, børsnoterte eigenkapitalbevis, og børsnoterte fond (ETF-ar). Fonda må ha ein aksjeandel på 80 prosent eller meir.
Føresetnaden er at desse verdipapira høyrer heime innanfor EU/EØS.
Aksjar og aksjefond som ikkje høyrer heime i EU/EØS, kan ikkje bli plassert i aksjesparekonto. Dette treng du ikkje tenke på ettersom aksjar og aksjefond som ikkje kan flyttast, ikkje er tilgjengeleg i vår sjølvbetjente aksjesparekontoløysing i nettbanken og mobilbanken.