Er det sikkert med nettmøte?

Ja, det er sikkert.

Har du fått invitasjon til møtet i nettbanken din eller mobilbank, er vi sikre på kven du er ved at du loggar inn og startar møtet der. Har du fått invitasjon på e-post og startar møtet utan å ha logga inn i nettbanken eller mobilbanken, vil vi forsikre oss om at vi snakkar med riktig person på annan måte.

Det er ein chatfunksjon i møtet. For å ta vare på sikkerheita blir denne berre brukt til praktiske spørsmål og ikkje personopplysningar, dokument og annan sensitiv informasjon.