Dekker forsikringa mista husnøkkel?

Ja, innbuforsikringa kan dekke låsbytte viss du har mista husnøklane dine eller dei har blitt stole, avhengig av situasjonen.

Forsikringa kan dekke kostnader til skifte av huslås viss det er sannsynleg at ein tjuv eller finnaren av nøklane kan identifisere kvar husnøklane høyrer heime. Skifte av felleslåsar i burettslag eller sameige er ikkje dekt av innbuforsikringa. Kopiering av nøklar blir heller ikkje erstatta, då nøkkelfiling både er ei rimeleg og tilgjengeleg teneste.

Det er ingen eiganendel ved bruk av innbuforsikringa til låsbytte ved tap av nøklar.
 

Har du blitt fråstole eller mista husnøklane?