Norske styresmakter har bedt alle norske bankar om å sørge for at kundeinformasjon og legitimasjon er oppdatert.
Saman førebygger vi kvitvasking
Vi treng hjelpa di!
La oss kalle dette ein felles dugnad for å avdekke og forhindre svindelforsøk: Med oppdatert informasjon er du betre verna mot ID-tjuveri, svindelforsøk og andre former for økonomisk kriminalitet. Vi treng derfor hjelp med ny legitimasjon og stille nokre spørsmål til deg.
Oppdater kundeinformasjon
Privatkunde
Oppdatering av kundeinformasjon blir gjort ved å klikke på knappen under.
Bedriftskunde
Oppdatering av kundeinformasjon for lag, foreiningar, aksjeselskap og enkeltpersonføretak.
Ny privatkunde
Du må opplyse om namn, fødselsnummer eller D-nummer og fast adresse. Du må også vise pass eller ha BankID frå annan bank. I tillegg må du opplyse om:
- formålet med kundeforholdet
- kvifor du ønsker å gjennomføre større transaksjonar
- kor pengane kjem frå eller kva dei skal brukast til
- du eller nokon nærstående har eit høgtståande verv eller stilling i utlandet
Ny bedriftskunde
For nye bedriftskundar gjeld det same som for nye privatkundar. I tillegg må du opplyse om:
- føretaksnamn, organisasjonsnummer og eigarforhold.
- det er privatpersonar, som åleine eller saman med nokon i nær familie, har direkte eller indirekte eigarandelar på meir enn 25 prosent, eller om nokon på annan måte kontrollerer verksemda.
- Representantar for bedrifta eller personar med disposisjonsrett over bedrifta sine midlar, må legitimere seg og dessutan dokumentere retten sin til å opptre på vegner av bedrifta.
Deg som allereie er kunde
Fleire av kundane våre kan bli kontakta av banken med beskjed om at vi treng ny legitimasjon. Årsaka er då at vi dessverre ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på identiteten til kundane i arkivet vårt. Du må derfor vere førebudd på å svare på spørsmål og framlegge gyldig legitimasjon om du blir kontakta av banken.
Som bank må vi kunne dokumentere overfor styresmaktene at vi gjennomfører nødvendige kundetiltak av alle kundane våre.
Lurer du på noko?
Legitimasjonskravet er skjerpa både i Norge og internasjonalt. Dette betyr ikkje at vi mistenker kundane våre, men føremålet er å forhindre økonomisk kriminalitet i møte med den digitale utviklinga. I samsvar med reglane for BankID må banken gjennomføre kontroll av pass for alle som har eller skal ha BankID.
Vi anbefaler at kundane legitimerer seg med pass. Med pass meiner vi: norsk pass, utanlandsk pass, norsk utlendingspass og norsk reisebevis for flyktningar.
Du treng ikkje pass for å vere kunde, men vi må ha ein gyldig legitimasjon. Har du ikkje pass kan du til dømes vise førarkort eller bankkort med bilde frå ein annan bank. For å få BankID er det krav om at du viser pass.
Skal du ha BankID må du ifølgje norsk regelverk legitimere deg med pass. Blir du kontakta må du derfor komme innom banken med gyldig pass viss du framleis ønsker å bruke BankID frå banken vår.
Dersom du bur ein annan stad i Norge kan du møte ved eit anna Sparebank 1-kontor. Finn næraste kontor på sparebank1.no. Oppheld du deg utanlands må du ta kontakt med banken.
Styresmaktene har bedt alle norske bankar om å ha kjennskap til korleis kundane bruker produkta og tenestene til banken – og denne informasjonen skal registrerast og oppdaterast jamleg gjennom heile kundeforholdet. Derfor stiller vi desse spørsmåla også til deg som har vore kunde i mange år.
Det er viktig at du svarer på alle spørsmåla slik at informasjonen vi har om deg er oppdatert og riktig. Dersom vi ser at det manglar svar frå deg, kan ein konsekvens bli at mobilbank, nettbank, kort og konto blir sperra inntil vi har registrert dine svar. Har du spørsmål? Kontakt Kundeservice på telefon 57 82 97 00