Kva betyr den nye finansavtalelova for deg som kunde? 

Ny finansavtalelov tredde i kraft 1. januar 2023. Hovudformålet med lova er å styrke rettane dine og førebygge gjeldsproblem.

dame-pc-datamaskin-tenker

Kvifor kjem det ei ny lov?

Finansavtalelova regulerer finansavtalar, til dømes avtaler du inngår med banken din. For Stortinget har det vore viktig å styrke forbrukarvernet i denne lova.

Eit sentralt punkt i den nye lova er at vi som bank, får utvida plikt til å rettleie og varsle deg som kunde. Dette stiller krav til oss om å kommunisere forståeleg og enkelt, slik at du kan ta informerte og gode val for økonomien din.

Betre forbrukarvern

Den nye lova regulerer fleire avtaler og tenester. For deg som kunde, inneber dette mellom anna:

  • Betre vern og lågare eigenandel dersom BankID-en din eller kortet ditt blir misbrukt.
  • Auka ansvar for banken ved svindel.
  • Digital kommunikasjon blir standardvalet, men med moglegheit for å reservere deg dersom du heller vil ha brev i posten. 
  • Bankane har no plikt til å avslå lånesøknaden din dersom den økonomiske situasjonen din ikkje er god nok.

Du vil få fleire meldingar frå oss

Den nye lova pålegg banken å sende deg fleire meldingar om ulike forhold, til dømes om renteendring. Desse meldingane får du i mobil- og nettbanken. 

Du får også eit varsel på SMS eller e-post om dei viktigaste meldingane frå oss. Vi ber deg då om å logge inn i nettbanken på vanleg måte for å lese meldinga der. Du får ikkje ei lenke til innlogginga.
 

Sjå opp for svindelforsøk

Vi vil aldri be deg om å oppgi personlege kodar og passord via e-post, SMS eller telefon.

Ver forsiktig med lenkar i SMS eller e-post som leier vidare til innlogginger, til dømes til nettbanken. Er du i tvil om meldinga kjem frå banken din, bør du kontakte kundesenteret til banken før du klikkar på lenker.

Avtalane dine med banken gjeld framleis

Avtalane dine gjeld framleis og blir fornya på same måte som tidlegare. Lova gjer likevel at du kan få meir informasjon frå oss. Når du inngår nye avtaler, kan det bli stilt fleire spørsmål til deg. Hensikta er å ta vare på deg som kunde.


Spørsmål og svar

Eit styrka forbrukarvern betyr betre informasjon og vern mot urimelege avtaler. Banken din kan ikkje gi deg dårlegare vilkår enn det som følger av lova. Du skal kunne forstå - og føle deg trygg på, det du skriv under på. 

Bankane får auka krav til å informere om  innhaldet i avtalen før du inngår avtalen. Dette vil du til dømes merke ved at vi nokre gonger stiller deg fleire spørsmål. Det kan òg føre til at du får fleire dokument eller skjema til signering enn tidlegare. Vi gjer dette for å

  • avdekke behova dine
  • sikre at du får nødvendig informasjon
  • forsikre oss om at du har forstått den viktigaste informasjonen

Den nye lova gjeld både nye og eksisterande avtaler. Dette betyr at dine eksisterande avtaler med banken framleis gjeld, men at avtaler og vilkår kan bli oppdatert. Du blir varsla om slike endringar.

Den nye lova pålegg oss å sende deg fleire meldingar og varslar om ulike forhold, til dømes om renteendring. Desse meldingane får du i mobil- og nettbanken.

Du får også eit varsel på SMS eller e-post om dei viktigaste meldingane frå oss. Vi ber deg då om å logge inn i nettbanken på vanleg måte for å lese meldinga der. Du får ikkje ei lenke til innlogginga.

Det er viktig at du les alle brev og meldingar frå banken. Hugs at vi aldri ber deg om å oppgi personlege kodar og passord via e-post, SMS eller telefon

Slik unngår du å bli lurt

Det betyr at vi kan bruke digital kommunikasjon når vi sender deg melding om kundeforholdet ditt. Viss du allereie har avtalt bruk av elektronisk kommunikasjon, som e-post og SMS, fortset  kommunikasjonen som før.

Dersom du ikkje ønsker elektronisk kommunikasjon, kan du reservere deg mot at meldingar og varslar blir sendt elektronisk ved å ta kontakt med banken.

Å førebygge gjeldsproblem står sentralt i den nye lova. Vi har no ein plikt til å avslå lånesøknadar dersom den økonomiske situasjonen din ikkje er god nok. Det blir gjort for å sikre at enkeltpersonar ikkje tar på seg gjeld dei ikkje evnar å betale ned.

I det gamle regelverket hadde bankane plikt til å fråråde kundar frå slike avtaler.

Reglar om pliktar og rettar ved bruk av BankID er no tatt inn i finansavtalelova. Du som kunde pliktar å bruke din elektroniske signatur, BankID, i samsvar med vilkåra i BankID-avtalen.

Du må ta alle rimelege forholdsreglar for å verne kodebrikke, personleg innlogging og passord. Dette betyr at du aldri skal dele passord og kode med andre under nokre omstende.

Dersom du oppdagar misbruk av BankID, bankkort eller kredittkort, må du varsle banken så fort som mogleg. Dersom du ikkje varslar misbruk så raskt som mogleg, kan du få eit større ansvar for tap.

Dersom du opplever svindel og har blitt trekt for beløp du ikkje har godkjent, er tidsfristen til banken for å betale tilbake beløpet blitt kortare. Med visse unntak har banken ei plikt til å tilbakeføre beløpet og eventuelle renter innan utgangen av følgjande virkedag. 

Din eigenandel er også redusert frå 1200 kroner til 450 kroner. Eigenandelen er framleis 12 000 kroner dersom du har vist grov aktløyse og ikkje verna dei personlege kodane dine og passord.

Du som kunde må dekke heile tapet dersom du har delt informasjonen med kunnskap og vilje. I slike tilfelle innfører den nye lova eit nytt vilkår: Du må ha forstått at dette kunne føre til ein fare for at kortet eller dei personlege kodane dine blei misbrukt.

Lova seier også at du ikkje kan haldast ansvarleg dersom banken ikkje har lagt til rette for at du kan varsle banken om hendinga, eller viss banken ikkje har kravd tofaktor-autentisering. 

Beviskravet til banken for at du som kunde har godkjent betalinga har blitt strengare. For tap ved misbruk av elektronisk signatur har ansvaret til banken også auka. 

Som kunde er det viktig at du set deg inn i forpliktingane og følger rådet frå banken.

Førre finansavtalelov var frå 1999. Det har skjedd mykje i den digitale kvardagen vår sidan den gong. Lova skal mellom anna styrke forbrukarvernet og førebygge gjeldsproblem. Med den nye lova trer også ei rekke nye EU-reglar i kraft.

Finans Norge nettsidene sine kan du lese meir om kva finansavtalelova inneber for deg som kunde. Lova kan du lese i sin heilskap på Lovdata.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }