Betalingsfristar i jula

Har du betalingar som mottakar skal få før julafta eller nyttårsafta? Kanskje du skal setje inn pengar på BSU før året er omme? Her ser du kva fristar som gjeld.

Julegaver

Før julafta

  • Siste frist for betalingar i mobilbank, nettbank og telefonbank er måndag 23. desember kl. 13:30. Betalingar etter dette tidspunktet vil vere på kontoen til mottakar fredag 27. desember.
  • For å få skattefordelen på IPS (Pensjonssparing med skattefordel), må pengane vere inne seinast måndag 23. desember kl. 12:00.
    Logg inn på Min Pensjon, og overfør pengar til IPS.

Vipps vil fungere som vanleg heile jula. Les meir på Vipps.no

Før nyttår

  • Siste frist for betalingar i mobilbank, nettbank og telefonbank er tysdag 31. desember kl. 13:30.  Betalingar etter dette tidspunktet vil vere på kontoen til mottakar torsdag 2. januar.
  • Siste frist for BSU-sparing i 2024 er måndag 30. desember.

Straksbetaling flyttar pengane umiddelbart – heile jula

Skal du selje noko og vil vere sikker på at du får pengane før du gir frå deg sofaen eller bilen? Eller treng du å overføre pengar til nokon som bruker ein annan bank enn deg? Då er det greitt å vite at med straksbetaling kjem pengane inn på konto med ein gong sjølv om de har ulik bank.

Du finn straksbetaling i mobilbanken under Meir og Betaling.

Betalingar til utlandet

Utanlandsbetalingar skal bli behandla før nyttår må vere registrert innan måndag 30. desember klokka 13.00. Det kan vere stor variasjon i når betalinga kjem fram til mottakar. Det er avhengig av mellom anna valutasort, land og praksis hos banken som skal få betalinga. 

For bedrifter.

Siste forfallsbehandling før jul er måndag 23. desember kl. 14.00. Neste behandling er fredag 27. desember. Betalingar som skal komme med før nyttår, det vil seie innanfor året 2024, må registrerast og vere ferdig godkjent innan tysdag 31. desember kl. 14.00

 

Kundeservice alle dagar i jula – privatkunder

Noko du treng hjelp til? Du kan ringe eller chatte med oss alle kvardagar mellom kl. 7–22. Laurdagar, søndagar og heilagdagar har vi opent kl. 10–18.

  • Julafta: kl. 7–18
  • Nyttårsafta: kl. 7–18
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }