skadebehandlar hjelper kunde med å registrere yrkesskade

Meld avbestilling med reiseforsikring i kredittkort

Dette gjeld for deg som har reiseforsikring via kredittkort hos SpareBank 1, Sparebanken Møre, LOfavør, BN Bank og Coop Norge, og der reisa du avbestiller er betalt med kredittkortet.

Skjemaet sender du direkte til Fremtind Forsikring.


Viktig!
Gjeld berre for avbestillingar du gjorde i 2024. Avbestilte du i år må du velje 2025.
 

Når skal eg melde avbestilling?
Du kan bruke skjemaet når du kun har reiseforsikring via kredittkortet og skal melde avbestilling som oppsto i 2024. For andre skadesaker enn avbestilling skal dumelde sak.

Er flyreisa kansellert av flyselskapet?
Om saka berre gjeld erstatning av flybillettar fordi flyselskapet har kansellert reisa, så må du rette kravet mot flyselskapet. Dette vil ikkje vere dekka av oss. 

Kva må eg ha klart før eg startar utfyllinga?
Vi vil trenge informasjon om betalinga for å behandle saka di. Vi vil mellom anna spørje om kven du har betalt til, kor mykje du har betalt og når du betalte. Finn derfor fram kredittkortet du har betalt med, og kvitteringar som stadfestar betalinga.

Hugs at du må sjølv avbestille billettar og reservasjonar hos flyselskap, reisebyrå, bilutleige og overnattingsstader eller andre arrangørar.