Dei fleste av oss ønsker å leve meir berekraftig – vi veit berre ikkje heilt korleis vi skal komme i gang. Med Mitt klimaspor i mobilbank og nettbank kan du sjå kvar du har noko å hente!
Mitt klimaspor
Forbruket ditt etterlèt seg eit usynleg fotavtrykk. Dette kallar vi klimaspor. Reduserer du forbruket og dermed utsleppa dine, blir dette sporet mindre. I tillegg kan du spare pengar på å leve meir berekraftig – og dermed slå eit slag for miljøet og økonomien samtidig!
Klimasporet mitt er ei beta-teneste i nettbanken og mobilbanken. Her kan du sjå kor mykje klimagassar du slepp ut, basert på kva du bruker pengar på. Dette er ei god hjelp for å sjå korleis du kan leve meir berekraftig og dermed redusere klimasporet ditt.
Kva er eigentleg berekraft?
Berekraft handlar om å leve på ein måte som gjer at vi får det vi treng, utan å øydelegge for at framtidige generasjonar skal få dekte behova sine.
Tre område må takast vare på for at noko skal vere berekraftig: Miljø, økonomi og sosiale forhold.
Visste du at...
... ein vanleg hamburgar bidreg med klimagassar tilsvarande 25 kilometer bilkøyring?
... ein tur til frisøren generer 15 kg CO2?
... 72 % av befolkninga seier dei vil leve meir berekraftig?
Slik blir klimasporet ditt berekna
Tala du får sjå i mobilbanken/nettbanken er basert på analysar av klimagassutsleppa frå all aktivitet i den norske økonomien. Desse blir fordelte i kategoriar som "kle" eller "mat", og blir rekna om til utslepp per krone du har brukt. Dei representerer derfor det norske gjennomsnittet for ulike delar av forbruket. Kategoriane er relativt store – til dømes hamnar "frisør" under kategorien "personleg pleie", som også inneheld kosmetikk og velvære.
Utrekningane på utslepp i den norske økonomien blir levert av Asplan Viak, og blir tilpassa SpareBank 1 av Ducky AS.
Korleis kan eg redusere fotavtrykket mitt?
- Kjøp færre produkt og fleire tenester: Det er betre å kjøpe tenester som kino- eller teaterbillettar eller betale nokon for å reparere tinga dine, enn å kjøpe varer. Det er fordi det krev energi og materiale å produsere varer.
- Kjøp brukt der det er mogleg: Det kan bidra til å redusere fotsporet ditt, fordi du unngår produksjonen av ein ny vare og du forlenger levetida til vara.
- Kjøp varer av høg kvalitet som held lengre og kan reparerast: Om du først skal kjøpe noko nytt, er det lurt å tenke kvalitet framfor kvantitet. Sjå etter eit alternativ som varer lenge, og som er mogleg å reparere.
- Ta kollektivtransport eller sykle framfor å køyre bil: Transport er ein vesentleg del av dei fleste sitt fotavtrykk. Her gjeld det å ta beina fatt og gå eller sykle så langt det er mogleg, ta kollektivtransport og redusere talet på flyturar per år.
- Reduser matsvinn: Mat er òg ein stor utsleppspost. Du kan redusere matsvinn ved å ikkje kjøpe meir enn du klarer å ete opp, og ete meir plantebaserte matvarer.
- Reduser energiforbruket: Den siste viktige delen av mange sitt fotavtrykk er energi. Dette reduserer du med små og store grep; etterisolere huset eller installere varmepumpe, skru ned innetemperaturen ei grad eller to, eller dusj kortare.
Spørsmål og svar om Mitt klimaspor
Klimasporet er summen av klimagassutsleppa forbunde med forbruket ditt. Dette blir målt i kilo CO2-ekvivalentar (kgCO2e), som betyr at både CO2 og andre klimagassar som metan er inkluderte. Ein gjennomsnittleg nordmann har eit klimaspor på 11.198 kgCO2e i året. Nordmenn har det nest høgaste forbruket i Europa – berre slått av Luxembourg – og klimasporet vårt er derfor høgt i forhold til andre land.
Utsleppet av klimagassar kan vere direkte eller indirekte. Direkte er gassane som blir slopne ut som følge av handlingane dine – til dømes eksosen frå bilen. Dei fleste utsleppa i klimasporet ditt er indirekte, som vil seie at utsleppa skjer som ein del av produksjonskjeda før du kjøper eller bruker noko. Det kan til dømes vere gassar som blir slept ut under produksjonen av straum.
For å kunne sjå ditt klimaspor i mobilbank og nettbank må du gi oss samtykket ditt. Ønsker du å endre på det i etterkant kan du gjere det når du er inne på Mitt klimaspor. Klikk på "Sammenligning" og bla deg ned til du finn "Mine samtykker".
Global oppvarming blir skapt av gassar i atmosfæren, som fangar sollys på same måte som glas fangar varme i eit drivhus. Det er fleire typar gassar som skaper oppvarming, og desse kallar vi samla for klimagassar. Den mest kjente er karbondioksid eller CO2. Mengda av CO2 i atmosfæren har auka betydeleg sidan den industrielle revolusjonen, som følge av menneska sin bruk av av fossile brensel som olje og kol.
Ein annan viktig klimagass er metan, som til dømes kyr slepp ut gjennom fordøyinga. Metan skaper større oppvarming per mengde gass enn CO2, men har til gjengjeld kortare levetid i atmosfæren.
For å kunne måle ulike klimagassar opp mot kvarandre, gjer vi om mengda gass til kgCO2e. Dette er ei eining som tar omsyn både til kor kraftig ein type gass bidreg til oppvarming, men også kor lenge han blir i atmosfæren.
Førebels samanliknar Mitt klimaspor deg med gjennomsnittsnordmannen, som bur i ei hushaldning beståande av to personar og der hushaldsinntekta ligg på cirka 600.000 kroner per år. Vi ser på deg som enkeltperson, så om du gjer innkjøp som er meint for fleire, vil dette slå negativt ut på samanlikninga.
Det vil snart komme ein moglegheit til å samanlikne seg med andre typar hushaldningar.
Når du betaler for parkering kjøper du ein liten bit av det det kostar å drive ei bedrift som tilbyr parkeringsplassar.
Alle bedrifter har eit fotavtrykk. Dei kjøper til dømes straum til lokala sine, materiale til å lage produkt, og dei transporterer materiala. I tillegg kjøper dei tenestene av andre bedrifter, til dømes kurs, mat eller jobbreiser. Dette bidreg til bedrifta sitt fotavtrykk og blir tileigna produktet den lagar.
Førebels ser Klimasporet mitt på klimagassutslepp forbunde med det du forbruker av varer og tenester. Utrekninga blir gjort ved å gjere miljøutvida kryssløpsanalyser på analysar av heile den norske økonomien, som så blir kopla til enkeltpersonar gjennom data i SSBs forbruksundersøking. Forbruksundersøking tar dessverre ikkje for seg korleis nordmenn låner og investerer, slik at dei samla utsleppa ikkje kan koplast til enkeltpersonar med metoden som blir brukt. Vi jobbar med å utvikle fotavtrykksberegninger som tar for seg store investeringar, då desse òg er viktige i den store samanhengen.
Klimaspor basert på forbruk blir rekna som ein svært nøyaktig måte å sette tal på klimapåverknaden din. Det er likevel nokre feilkjelder i utrekninga:
- Klimasporet er basert på automatisk kategorisering, slik at det er mogleg at innkjøp hamnar i feil kategori.
- Kjøper noko på vegner av andre, som til dømes mat til heile hushaldninga, vil dette telje på klimasporet ditt. Eigentleg burde dette bli fordelt utover dei som et maten, så dette kan slå negativt ut.
- Betaler du ei jobbreise privat, vil dette eigentleg gå på bedrifta sitt fotavtrykk og ikkje ditt, så det vil òg slå negativt ut.
- Mitt klimaspor reknar berre ut fotspor basert på transaksjonane SpareBank 1 har tilgang til. Bruker du til dømes kort frå ein annan bank vil ikkje dette forbruket bli med i utrekningane.
- Tala er baserte på gjennomsnittet for den norske økonomien. Vi veit ikkje nøyaktig kva du har i handlekorga, vi veit berre kva gjennomsnittskrona som er brukt på butikken slepp ut.
Tenesta vil bli meir nøyaktig over tid, då det vil komme moglegheiter for å bidra med enkle opplysningar som forbetrar utrekninga.
Klimasporet mitt blir levert i samarbeid med Ducky AS. Ducky AS er eit norsk profit-for-good selskap som bruker forskningsbasert data til å berekne klimasporet til enkeltpersonar. Vi oversender ikkje data som identifiserer deg som person. Les meir om Ducky AS.