Les meir om betalingsforsikring på kredittkort.

Hei! Denne forsikringe tilby vi ikkje lenger til nye kundar.

Informasjonen nedanfor gjeld for deg som allereie har betalingsforsikring for kredittkortet ditt.

kollektiv-par-pc-kos-bred
Blir du arbeidsledig eller sjuk, tar vi hand om inntil 10 % av gjelda i opptil 10 månader.
Ved kritisk sjukdom eller dødsfall blir uteståande gjeld på kortet sletta med inntil 150.000 kroner.
Du betaler for forsikringa berre dei månadene du har gjeld på kredittkortet ditt.

Om betalingsforsikringa

  • Registrer skade her viss du blitt arbeidsledig eller sjuk og treng å ta i bruk forsikringa. .
  • For andre typar skade kan du kontakte BNP Paribas Cardif på telefon 23 23 75 00 eller send ein e-post til forsikring@bnpparibascardif.no.

Kva dekker betalingsforsikringa? 

Forsikringa gir ei utbetaling på inntil 10 % av gjelda på kredittkortet i opptil 10 månader viss du er:

  • minst 25% % sjukemeldt i meir enn 30 dagar.
  • 100 % ufrivillig arbeidsledig eller permittert i meir enn 30 dagar samanhengande.

Ved kritisk sjukdom eller dødsfall blir gjelda på kortet sletta med inntil 150 000 kroner.

Prisar

  • 0,6 % av gjelda på kredittkortet kvar månad.
  • Forsikringspremien blir trekt automatisk frå kredittkortet.
  • Du betaler berre for betalingsforsikringa dei månadene du har gjeld på kortet ditt. Viss du ikkje har brukt kortet og ikkje har noko saldo, kostar ikkje betalingsforsikringa noko.

Priseksempel ved utsett betaling: Effektiv rente 23,9 %. Låner du 15.000 over 12 månader, kostar det 1.518, og du betaler totalt 16.518 kroner. Forsikringa er levert av Kredittbanken ASA i eit samarbeid med BNP Paribas Cardif. Les meir om Kredittbanken ASA.

Om betalingsforsikringa

Betalingsforsikring for kredittkort gir deg ei ekstra sikkerheit om du blir arbeidsledig/permittert, sjuk, opplever ei ulykke eller ved dødsfall. Ved arbeidsløyse/sjukdom som varer meir enn 30 dagar, betaler forsikringa inntil 10 % av det du skuldar kvar månad i opptil 10 månader. Ved kritisk sjukdom eller dødsfall får du godskrive heile den uteståande saldoen din, inntil 150.000 kroner.

Du kan når som helst melde deg ut av forsikringa i nett- eller mobilbanken. Forsikringa er gyldig fram til du er 67 år.

 

Korleis melde skade på betalingsforsikring?

Viss det gjeld arbeidsledigheit eller sjukdom, registrer skade her. For andre typar skade kan du kontakte BNP Paribas Cardif på telefon 23 23 75 00 eller send ein e-post til forsikring@bnpparibascardif.no.

Betalingsforsikringa blir levert av Kredittbanken ASA i eit samarbeid med BNP Paribas Cardif Försäkring AB og BNP Paribas Cardif Livförsäkring AB.

 

Kva lurer andre på?

Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no