Berekraft
Berekraft handlar om korleis selskap tar omsyn til miljø og sosiale forhold i drifta, så vel som korleis dei blir styrte, blir organiserte og blir administrerte. Det er derfor ein naturleg og viktig del av arbeidet vårt med å finne dei beste investeringane til fonda.
Her finn du dokumenta våre med informasjon om periodiske og pre-kontraktuelle opplysningar:
Slik integrerer vi berekraft i forvaltninga av fondet
I dette dokumentet blir det beskrive korleis fondet jobbar med å integrere berekraft i forvaltninga av fondet. Skildringane av ODIN sitt arbeid bygger på vedtatte retningslinjer, herunder ODIN sine retningslinjer for ansvarleg forvaltning av verdipapirfond og ODIN si retningslinje for bruk av stemmerett. Desse retningslinjene gjeld for alle fond under forvaltning i ODIN.
Dette fondet rapporterer etter artikkel 8 i Offentliggjøringsforordningen. Det vil sei at fondet fremmer miljøeigenskapar og sosiale eigenskapar gjennom investeringane sine. Fondet tar omsyn til eit breitt spekter av miljømessig og sosiale eigenskapar gjennom integrering av ESG-informasjon i analysar, aktivt eigarskap (dialog og stemmegiving) og ekskluderingar.
Fondet er aktivt forvalta og gjer grundige vurderingar før investering. Denne vurderinga inkluderer ein analyse av ESG-risiko. Fondet får ESG-analyse frå Sustainalytics. Dette er ei informasjonskjelde i analysen av berekraftsrisiko i selskapet, saman med informasjon frå selskapa, informasjon gjennom media og frå NGOS.
Fondet har klare kriterium for kva det ikkje skal investerast i herunder brot på FN Global Compact i tillegg til ei rekke produktkriterium (kontroversielle våpen, tobakk, termisk kol, oljesand m.m.). Fondet blir overvakt løpande for brot på kriteria når det gjeld utelukking av selskap. Denne analysen er gjennomført av Sustainalytics, og forvaltar vil bli varsla om risiko for brot på retningslinjene. Ved slike varsel skal forvaltar gjere ei vurdering av om det er mest formålstenleg med dialog for å påverka selskapet, eller om fondet skal selje seg ut av selskapet.
Etter investering blir investeringane følgt opp gjennom dialog og stemmegiving. ODIN får analyse før generalforsamling i frå ISS i tråd med deira ISS Sustainability Proxy Guidelines. Det er ei retningslinje som legg eit ekstra fokus på å fremme miljø- og sosiale eigenskapar hos selskapa, i tillegg til å sikre god selskapsstyring. Det er forvaltar som fører dialog med selskapa i fondet, og tar endeleg avgjerd på stemmegivinga til fondet på generalforsamling. Fondet rapporterer på dialog og stemmegiving i årsrapporten.
Dette fondet fremmer miljøeigenskapar og sosiale eigenskapar gjennom investeringane sine, men har ikkje berekraftige investeringar som mål.
Fondet tar omsyn til eit breitt spekter av miljømessig og sosiale eigenskapar gjennom integrering av ESG-informasjon i analysar, aktivt eigarskap (dialog og stemmegiving) og ekskluderingar. Der fondet har forplikta seg til ein minimumssandel berekraftige investeringar i samsvar med definisjonen i Offentleggjeringsforordninga [1], er dette oppgitt i prospektet til fondet.
Fondet tek omsyn til dei viktigaste negative påverknadane på berekraftsfaktorar (dvs Principal Adverse Impacts). I analysen av enkeltselskap blir prestasjonen til selskapet på desse faktorane vurdert og følgt opp løpande. Inntil vidare er det krevjande å samle inn data for fleire av indikatorane på grunn av manglande tilgjengelegheit på desse dataene. Fondet vil analysere selskap og rapportere på indikatorane med grunnlag i selskapsdata frå eit analysebyrå.
Fondet vil rapportere på dei viktigaste negative påverknadane på berekraftsfaktorar i sin årsrapport.
Fondet vel bort selskap knytt til bransjar som påverkar miljø og sosiale forhold negativt. ODIN sine retningslinjer for ansvarlege investeringar er forankra i internasjonale normer. Desse inkluderer:
- dei ti prinsippa i FNs Global Compact som er basert på
- FNs verdsfråsegn om menneskerettar
- ILOs Erklæring om grunnleggande prinsipp og rettar i arbeidslivet
- Rio-erklæringa om miljø og utvikling
- FN-konvensjonen mot korrupsjonFNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar
- OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap
- OECDs prinsipp for eigarstyring og selskapsleiing
[1]«berekraftig investering» ei investering i ei økonomisk verksemd som bidreg til eit miljømål, målt til dømes ved hjelp av sentrale indikatorar for ressurseffektivitet med omsyn til bruk av energi, fornybar energi, råstoff, vatn og jord, avfallsproduksjon og klimagassutslepp, eller innverknaden deira på det biologiske mangfaldet og sirkulær økonomi, eller ei investering i ei økonomisk verksemd som bidreg til eit sosialt mål, særleg ei investering som bidreg til å motverke ulikskap eller fremmer sosial utjamning, sosial integrasjon og arbeidslivsrelasjonar, eller ei investering i menneskeleg kapital eller i økonomisk eller sosialt vanskelegstilte samfunn, føresett at investeringa ikkje er til vesentleg skade for nokon av desse måla, og at investeringsobjekta følger god styringspraksis, særleg med omsyn til forsvarlege leiingsstrukturar, forholdet til dei tilsette, godtgjering til medarbeidarane og i tråd med skattereglane.
Fondet fremmar miljøeigenskapar, sosiale eigenskapar og god selskapsstyring gjennom at dette er viktige vurderingspunkt for alle selskapa fondet investerer i. Fondet bruker mellom anna følgande berekraftsindikatorar i vurderinga av selskapa fondet investerer i:
- selskapa sin ESG-score
- selskap med inntekt frå produkt som er utelukka
- selskap som bryt internasjonale normer som beskrive i retningslinjene
- karbonavtrykket til selskapa
Fondet er ein aktiv eigar og jobbar for å påverke selskapa gjennom dialog og stemmegiving. Dette er også indikatorar fondet rapporterer på årleg.
Gjennom eksklusjonskriteria til fondet vel ein bort selskap knytt til bransjar som påverkar miljø og sosiale forhold negativt. Ei rekke selskap blir utelukka som følge av ei heilskapleg vurdering av risikoprofilen til selskapet og framtidsutsikter der relevante ESG-kriterium speler ei viktig rolle. Fondet følger eksklusjonslista til SPU (Statens pensjonsfond utland), i tillegg til eigne eksklusjonskriterium nedfelt i ODIN sine retningslinjer for ansvarlege investeringar.
Forvaltar investerer fritt, innanfor rammene til mandatet, i det forvaltar meiner er gode og undervurderte selskap.
Fondet er indeksuavhengig – det blir ikkje lagt vekt på størrelsen på selskapa eller vekt i marknadsindeksane. Investeringsavgjerder blir gjort på bakgrunn av eigne grundige selskapsanalysar, som blir basert på ei rekke ulike kjelder, mellom anna bedriftsbesøk og samtalar med selskapsleiinga. Det blir gjort ei vurdering av ESG-risiko i alle selskapa i fondet som ein del av analysen i samband med kvar og ei investeringsavgjerd.
Følgande prinsipp ligg til grunn for vurderinga til fondet av god styringspraksis:
- FNs rettleiande prinsipp for næringsliv og menneskerettar;
- OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap;
- OECDs prinsipp for eigarstyring og selskapsleiing og andre relevante, internasjonale normer for eigarstyring og selskapsleiing;
Alle investeringane til fondet må etterleve krava til ansvarleg forvaltning nedfelt i ODIN sine retningslinjer for ansvarlege investeringar.
Selskapa som fondet investerer i, har enno ikkje begynt å rapportere i kva grad aktivitetane deira fell innanfor definisjonen av berekraftig i EU-taksonomien.
Fondsselskapet vurderer derfor at det på noverande tidspunkt ikkje er mogleg å gje påliteleg informasjon om kor stor andel av investeringane i fondet som vil vere i økonomiske aktivitetar som er miljømessig berekraftige etter EU-taksonomien, og rapporterer på bakgrunn av det at 0 % av investeringane i fondet er i samsvar med EU-taksonomien. Fondet har ikkje ein strategi for investeringar i tråd med taksonomien. Når datatilgjengelegheita blir betre, vil fondet vurdere å sette seg mål for andel investeringar i tråd med taksonomien.
For å følge opp prinsippet om «å ikkje gjere vesentleg skade» blir det stilt krav om at selskapa fondet investerer i overheld internasjonale standardar og konvensjonar og ikkje bryt med eksklusjonskriteria til fondsselskapet.
Fondsselskapet overvaker løpande dei miljømessige eigenskapane og sosiale eigenskapane fondet fremmar ved å kontrollere at fondet overheld ODIN sine retningslinjer for eksklusjon av selskap. Fondsselskapet får kvartalsvis rapportar frå eit analyseselskap som vurderer investeringane i fondet opp mot ODIN sine retningslinjer. Kontrollen gjeld for selskap og bransjar vi vel bort, og som vi meiner bryt med målsettinga om å fremme ei berekraftig utvikling. Les meir om dette nedanfor under overskrifta «Metodar».
Følgande berekraftsindikatorar blir brukt til å vurdere miljøeigenskapane til fondet og sosiale eigenskapar:
- omsetning frå aktivitetar knytt til produksjon og distribusjon av kontroversielle våpen, tobakk, termisk kol, oljesand m.m. Sjå fullstendig liste over utestengingar for fondet i Informasjon om berekraft i prospektet til fondet.
- overvaking av om selskap bryt med prinsippa i FN Global Compact
- løpande vurdering av utviklinga i selskapa sin ESG-score
- innsamling og vurdering av selskapsdata på dei viktigaste negative påverknadane på berekraft (PAI-indikatorane)
Fondet har løpande oppfølging på alle investeringar for å sikre at selskap med verksemd i sektorar som er ekskludert frå fondet, og/eller selskap som bryt med internasjonale normer og konvensjonar, ikkje blir eigd av fondet. Denne informasjonen om kvart enkelt selskap i fondet blir henta frå analyseselskapet Sustainalytics. Ved varsel om brot på ODIN sine retningslinjer av eit selskap fondet er investert i, blir dette flagga i den løpande oppfølginga av fondet, og ei intern vurdering og analyse av informasjonen blir gjort av ansvarleg forvaltar(ar) og ESG-teamet. Dersom informasjonen blir sett på som eit brot på ODIN sine retningslinjer, blir selskapet selt ut av fondet.
Vi hentar informasjon om selskapa sin eksponering mot ekskluderte verksemder og hendingar som medfører brot på internasjonale normer og konvensjonar, frå dataleverandøren Sustainalytics. Sustainalytics innhentar informasjon om selskapa sin eksponering mot ekskluderte verksemder frå offentleg tilgjengeleg informasjon i rapporteringa frå selskapa. Der informasjonen ikkje er tilgjengeleg frå selskapet vil Sustainalytics estimere selskapet sin eksponering.
Sustainalytics gjer også ei vurdering av medverknaden til selskapa til brot på FN Global Compact. Vurderinga bygger på informasjon frå media og interesseorganisasjonar og dessutan gjennom direkte kontakt med selskapa.
Fondsselskapet har ein løpande dialog med dataleverandørane sine for å sikre god datakvalitet og forbetra tilgjengelegheit på relevant ESG-data.
Som aktive eigarar søker vi å møte selskapsleiinga i selskap vi eig. Gjennom direkte dialog med selskapa tar vi opp ulike tema, mellom anna rapportering på berekraft, og som reaksjon på ei hending der vi ser på at det er særleg risiko for at det har skjedd eit brot med retningslinjene våre.
I dei tilfella der selskapa ikkje rapporterer eksponering mot ekskluderte verksemder sjølv, vil Sustainalytics estimere selskapet sin eksponering. Det er ein risiko for at denne estimeringa ikkje er rett.
Fondet tek omsyn til dei viktigaste negative påverknadane på berekraftsfaktorar (dvs Principal Adverse Impacts). I analysen av enkeltselskap blir prestasjonen til selskapet på desse faktorane vurdert og følgt opp løpande. Inntil vidare er det krevjande å samle inn data for fleire av indikatorane på grunn av manglande rapportering på desse indikatorane frå selskapa. Fondet vil analysere selskap og rapportere på indikatorane med grunnlag i selskapsdata frå Sustainalytics.
Ifølgje OECDs retningslinjer for fleirnasjonale selskap skal varsemdvurderingar forståast som ein prosess der selskap kan kartlegge, førebygge, avgrense og gjere reie for korleis dei handterer eksisterande og moglege negative konsekvensar av verksemda si.
Fondsselskapet har etablert retningslinjer for investering for å forhindre at fondsselskapet investerer i selskap som medverkar til brot på internasjonalt anerkjente retningslinjer. Det er prosedyrar for å sikre at desse blir etterlevde. Berekraftsrisiko og krav til berekraft er fastsett for kvart fond, og skal vurderast før investering. Det blir også gjort løpande kontrollar av selskapa sin etterleving etter investering. Viss eit selskap bryt desse retningslinjene etter investering skal det gjerast ei vurdering av det best eigna verkemiddelet for å påverke selskapet til å betre praksisen sin. Verkemidla som blir nytta er påverknad gjennom dialog eller utestenging av selskapet.
Fondet følger ODIN sine retningslinjer for aktivt eigarskap som omfattar stemmegiving, selskapsdialog og samarbeid med andre investorar. Vi stemmer på generalforsamlingar og deltar i valkomitear. Vi nyttar ISS Proxy Voting Service for å utøve stemmeretten vår på ein effektiv måte, og stemmer i samsvar med Sustainability Proxy Guidelines.
Fonda er aktive eigarar og søker å møte selskapsleiinga i selskap vi eig. Fonda tar opp ulike tema knytt til berekraft i selskapsdialogane, og er aktive pådrivarar mot selskapa for å betre rapporteringa på berekraft, auke ambisjonane på relevante berekraftsmål, og kartlegge ESG-risiko og moglegheiter i verksemdene.
Fonda kontaktar selskapa når det hender ei hending som mogleg utgjer ein risiko for brot på retningslinjene våre.
Fonda samarbeider med andre investorar viss det er meir formålstenleg å driva ein selskapsdialog i fellesskap enn åleine for å ha større påverknadskraft, til dømes gjennom UNPRI Collaboration Platform.
Fondet blir forvalta aktivt og bruker ein brei samansett indeks som ikkje tar omsyn til dei miljøeigenskapane og sosiale eigenskapane fondet fremmer.
31.12.2022
Første versjon av fondsspesifikk SFDR artikkel 10-erklæring på linje med tekniske standardar i SFDR-forordningen.
07.07.2023
Andre detaljar er sett inn for å vere på linje med det oppdaterte prospektet.
SpareBank 1 Fondene blir levert av ODIN Forvaltning. ODIN Forvaltning er heileigd av SpareBank 1 Forvaltning AS, som er eit føretak i Sparebank 1-alliansen.