Informasjon om
SpareBank 1s aksjefond

Våre tre aksjefond blir forvalta av vårt eige forvaltarteam – med den solide forvaltningsfilosofien vår i botn.

Far viser son noko på mobilen. Foto.
Aktivt forvalta
Fonda er aktivt forvalta av vårt prisvinnande forvaltarteam.
Fokus på verdiselskap
Vi investerer i selskap som har vist evne til å tene pengar over tid.
Tydeleg investeringsfilosofi
Investeringsfilosofien vår har lege til grunn i over 20 år.

Våre aksjefond

SpareBank 1 er ein aktiv, ansvarsfull og langsiktig forvaltar.

SpareBank 1
Norge Verdi

SpareBank 1 Norge Verdi investerer i lønsame, norske selskap som er godt posisjonert for framtida.

SpareBank 1
Verden Verdi

SpareBank 1 Verden Verdi investerer i selskap over heile verda, slik at du kan ta del i den globale verdiskapinga.

SpareBank 1
Utbytte

SpareBank 1 Utbytte fokuserer på solide selskap som historisk har gitt god avkastning og solide utbytye til eigarane.

Fjellandskap med elv og hytte

Slik investerer vi

For å kunne gje god langsiktig avkastning, må vi vere konsistente i korleis vi jobbar. Det er nødvendig for at pengane skal vekse seg store i fond over tid.

Derfor ligg forvaltningsfilosofien vår til grunn for alle investeringane våre – slik han har gjort i over 20 år:

  • Aktiv: Vi investerer i selskap uavhengig av indeks.
  • Ansvarleg: Vi respekterer folk, aksjonærar, myndigheiter og natur.
  • Verdiorientert: Selskapa skal vere rimeleg prisa, og gje gode utbytte. Vi er ikkje glade i for mykje gjeld.
  • Langsiktig: Vi investerer ikkje i trendar, men gjennom trendar.

Høge krav til samfunnsansvar, berekraft og etikk

ESG står sentralt i oppgåva vår med å skape og ta vare på verdiar for kundane våre. Vi vurderer ESG-faktorar som ein del av selskapsanalysen, og bruker Sustainalytics som leverandøren vår av ESG-analysetenester.

Vi følger ekslusjonslista til Statens pensjonsfond utland, og investerer ikkje i kontroversielle våpen, tobakk, pornografi, pengespel, oljesand eller kol.

Vi har eit aktivt eigarskap i selskapa vi er investerte i, og går i dialog med selskap når vi meiner det er formålstenleg.

Fiskebåt (GettyImages)

Vårt forvaltarteam

SpareBank 1 Fondene blir forvalta av våre prisvinnande fondsforvaltarar, som saman jobbar for å oppnå best mogleg langsiktig avkastning.

Dei beste resultata blir ofte skapt når vi jobbar saman, og derfor er nettopp samarbeid ein viktig berebjelke i forvaltningskulturen vår.