Slik ivaretar Sparebank 1 Forsikring personvernet ditt

Vi tar personvernet ditt på alvor og jobbar kontinuerleg med å sikre at personopplysningane dine skal vere trygge hos oss. I denne personvernerklæringa kan du lese meir om korleis vi behandlar personopplysningane dine.

Personvernerklæringa er oppdatert 13.09.2024

Dame med pc i sofa som tenker på personvern

Kven er ansvarleg for personopplysningane dine?

Behandlingsansvarleg

SpareBank 1 Forsikring er behandlingsansvarleg og har ansvaret for personopplysningane dine som blir behandla i samband med våre pensjons- og forsikringsprodukt. Det vil sei at det er SpareBank 1 Forsikring som bestemmer formålet med behandlinga av personopplysningane dine og dei verkemidla vi nyttar til dette. 

Forretningsadresse Calmeyers gate 5, 0183 Oslo
Postadresse Postboks 340 Sentrum, 0101 Oslo
Telefonnummer (+47) 21 02 50 50
E-post pensjon@sparebank1.no
Organisasjonsnummer 915 651 321

 

For spørsmål om behandlinga vår av personopplysningane dine, kan du kontakte personvernombodet på e-post: personvern.forsikring@sparebank1.no

SpareBank 1 Forsikring er ein del av Sparebank 1-alliansen, som består av fleire bankar og føretak. Du kan lese meir om korleis bankane og dei andre føretaka behandlar personopplysningar, her.


Rettane dine

Her finn du informasjon om kva rettar du har når vi behandlar personopplysningar om deg.

Du har rett til å be om innsyn i kva personopplysningar vi behandlar om deg, og du har rett til å få ein kopi av desse opplysningane. I tillegg har du rett til informasjon om korleis vi behandlar opplysningane dine. Informasjon om dette finn du i all hovudsak i denne personvernerklæringa.

Opplysningar om mellom anna produkta dine, avtalar, kontaktinformasjon og transaksjonshistorikk er tilgjengelege i kundeportalen på www.sparebank1.no/minpensjon. Dersom du ikkje finn informasjonen du leitar etter, kan du sende oss ein førespurnad om innsyn. Vi kan be deg presisere kva opplysningar eller behandlingsaktivitetar du ønsker innsyn i. I dei tilfella du ikkje har pensjonsportalen tilgjengeleg, eller på annan måte ikkje kan lese elektroniske dokument, kan vi sende deg informasjonen på papir.

I visse tilfelle er det nødvendig å gjere unntak frå retten til innsyn. Dette kan vere der vi har lovpålagt teieplikt eller vi må halde informasjonen hemmeleg av omsyn til førebygging, etterforsking, avsløring og rettsleg forfølgning av straffbae handlingar. Tilsvarande viss opplysningar berre finst i dokument utarbeidde for intern saksførebuing og unntak frå innsynsretten er nødvendig for å sikre ei forsvarleg saksbehandling.

Dersom du er tilsett, tidlegare tilsett eller har søkt på ei stilling i SpareBank 1 Forsikring og ønsker å bestille opplysningar knytt til dette, ver vennleg og ta kontakt med HR-avdelinga. Det same gjeld om du på ein annan måte har vore engasjert av SpareBank 1 Forsikring for å utføre arbeid. 

Det er viktig at opplysningane vi har om deg er riktige. SpareBank 1 Forsikring kontrollerer derfor opplysningane våre om deg mot Folkeregisteret og andre kjelder. Dersom du meiner at opplysningane våre om deg er uriktig eller ufullstendige, har du rett til å be om at opplysningane blir retta eller blir oppdaterte.

Du har rett til å be om at personopplysningane dine blir sletta dersom

  • du trekker tilbake samtykket til behandlinga og det ikkje er nokon annan berettiga grunn til behandlinga
  • du fremmar innvending mot behandlinga og det ikkje er nokon berettiga grunn til å halde fram behandlinga
  • du rettar innvending mot behandling for direkte marknadsføring
  • behandlinga er ulovleg

I mange tilfelle må vi behalde opplysningar om deg, sjølv om du ønsker opplysningane sletta. Dette kan gjelde både medan du er kunde hos oss og ei stund etter at avtalen med oss er avslutta. I praksis betyr dette at du ikkje alltid kan krevje at vi slettar opplysningane dine. Dette kan vere fordi vi har ei plikt etter lov til å lagre dei, eller fordi vi må ta vare på dei berettiga interessene våre. På same måte kan det vere at vi må behalde opplysningane dine for å fastslå, utøve eller forsvare rettskrav. 

Du kan krevje at SpareBank 1 Forsikring avgrensar behandlinga av personopplysningane dine i bestemde situasjonar, til dømes viss

  • du meiner at personopplysningane ikkje er riktige eller at behandlinga ikkje er lovleg
  • SpareBank 1 Forsikring ønsker å slette, men du treng opplysningane på grunn av eit rettskrav
  • du har fremma ei innvending mot behandlinga, og den er basert på ei interesseavveging.

Vi vil framleis ha dei aktuelle opplysningane lagra, men all anna behandling av personopplysningane vil stansast mellombels. SpareBank 1 Forsikring kan begynne å behandle personopplysningane dine igjen viss det er aktuelt i samband med rettskrav, eller om det er for å verne retten til ein annan person.

For nærare vilkår og informasjon om avgrensing av personopplysningar, kan du sende e-post til personvernombodet: personvern.forsikring@sparebank1.no

Du har rett til å få ein kopi av personopplysningar som du sjølv har gitt oss i eit maskinlesbart format. I motsetning til retten til innsyn, gjeld denne retten berre personopplysningar som du sjølv har gitt oss og som blir behandla basert på samtykke eller avtale.

Ønsker du opplysningane dine utlevert, kan du sende e-post til personvernombodet: personvern.forsikring@sparebank1.no

Du har rett til å krevje at SpareBank 1 ikkje lenger behandlar personopplysningar om deg viss behandlinga er basert på berettiga interesser, med mindre det finst grunnar som går føre interessene dine eller for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.

Ønsker du å nytte retten til å protestere, kan du sende e-post til personvernombodet: personvern.forsikring@sparebank1.no


Dersom du ønsker å nytte deg av rettane dine, kan du sende e-post til personvernombodet: personvern.forsikring@sparebank1.no

E-post blir sett på som ein usikra kanal, så vi anbefaler deg å ikkje sende oss konfidensiell informasjon per e-post. Du får svar frå oss så raskt som mogleg og seinast innan 30 dagar. Dersom vi ser at saksbehandlingstida blir lenger enn 30 dagar, gir vi deg beskjed om det.

Viss du har gitt oss samtykke til at vi bruker opplysningar om deg, kan du når som helst endre det i kundeportalen på www.sparebank1.no/minpensjon. 


Personopplysningane vi samlar inn

Personopplysningar er opplysningar og vurderingar som blir knytt direkte eller indirekte til deg som person. Kva personopplysningar vi behandlar, er avhengig av kva pensjons- og forsikringsprodukt du har kjøpt.
  • Identifikasjon og personlege opplysningar som namn, fødselsnummer, D-nummer (mellombels identifikasjonsnummer), statsborgarskap og kopi av legitimasjon.
  • Kontaktopplysningar som telefonnummer, e-postadresse og adresse.
  • Finansiell informasjon som kunde- og produktavtalar, opplysningar knytt til arbeidsforhold (lønn og stillingsprosent, arbeidsstad), transaksjonsdata, investeringsval i samband med pensjonssparing, kontonummer, forsikringshistorikk.
  • Lovpålagte opplysningar som skattemessig heimstad, utanlandsk skatteregistreringsnummer, opplysningar i samband med finansiell rådgjeving, opplysningar i samband med arbeid mot kvitvasking og rapportering til offentlege styresmakter.
  • Særlege kategoriar av personopplysningar kan innhentast når det blir inngått ein forsikringsavtale. Då kan det til dømes vere behov for å innhente helseopplysningar. Det same gjeld ved krav om forsikringsutbetaling. Då kan det vere nødvendig å innhente helseopplysningar frå legejournal om noverande og tidlegare fysiske og psykiske lidingar, skadar, nedsett funksjonsevne, og opplysningar som kan synleggjere nedsett arbeidsevne. Behandling av helseopplysningar kan også inngå der det er nødvendig i utvikling av produktprisar, i analysar som er knytte til solvens- og soliditetskrav. 
  • Enkelte pensjonsforsikringsprodukt er tilbydd på bakgrunn av avtale med LOfavør AS. I desse tilfella behandlar vi opplysningar om fagforeiningsmedlemskap i LO.
  • Lydopptak kan vere opptak av samtalar.
  • Andre typar personopplysningar som sivilstatus, kjønn, og yrke.
  • På våre nettsider og i våre kundeportalar Min pensjon og pensjonsportalen, samlast det inn webåtferd dersom du har godkjent dette i cookie-innstillingane på nettsidene.

Frå deg

Dei personopplysningane som vi registrerer om deg, blir ofte også henta direkte frå deg. Som til dømes når du kjøper pensjonsforsikring, ved behandling av forsikringskrav, ved etablering av forsikringsprodukt eller når du elles nyttar deg av tenestene våre. 

Frå tredjepartar

I samband med kjøp av forsikring, endring eller fornying av forsikringar, kan vi også innhente informasjon frå andre (tredjepartar). Det same gjeld ved behandling av krav etter avtale (forsikringsoppgjer). Dette er nødvendig for å kunne tilby deg tenestene våre og overhalde lovkrav som vi er underlagt. 

Døme på innhenting av informasjon frå tredjepartar som offentleg tilgjengelege kjelder og register eller kjelder frå private verksemder kan vere:

  • Register som blir ført av offentlege myndigheiter (til dømes Folkeregisteret) 
  • Firmaregister
  • Kriminalitetsbekjempande myndigheiter
  • For å gjennomføre kundekontroll etter kvitvaskings- og finansavtaleregelverket innhentar vi informasjon frå offentlege myndigheiter som skattemyndigheiteme, Brønnøysundregistera og politiet.
  • Sanksjonslister (som blir ført av internasjonale organisasjonar som EU og FN og dessutan nasjonale organisasjonar som Office of Foreign Assets Control (OFAC))
  • Register som leverer informasjon om, til dømes reelle rettshavarar og politisk eksponerte personar
  • NAV, blant anna ved forsikringsoppgjer
  • Skatt, til dømes opplysningar om inntekta di dersom arbeidsgjevaren din har tenestepensjon i SpareBank 1 Forsikring
  • Arbeidsgjevar som har tenestepensjon hos SpareBank 1 Forsikring AS
  • Norsk Pensjon. Norsk Pensjon er leverandør av pensjonsopplysningar til SpareBank 1 Forsikring AS som er regulert i ein eigen avtale mellom Norsk Pensjon og SpareBank 1 Forsikring AS
  • Helseinstitusjonar/helsepersonell
  • Andre forsikringsselskap
  • Pensjonskontoregisteret AS
  • ROFF: Register over forsikringssøkarar og forsikra
  • Selskapa i SpareBank 1 Alliansen

Frå informasjonskapslar (cookies)

Les meir om vår bruk av informasjonskapslar (cookies).



Lovleg grunnlag for bruk av personopplysningane dine

Vi må alltid ha lovleg grunn til å bruke personopplysningane dine. Det finst fleire ulike lovlege grunnlag for å bruke personopplysningar i SpareBank 1 Forsikring.

Ved behandling av personopplysningar om dei private forsikringane dine og opptente pensjonsrettar vil formålet med behandlinga vår vere kundeadministrasjon, rådgjeving, fakturering og gjennomføring av forsikrings- og rådgjvingstenester i tråd med dei avtalane som er inngått med deg.

Vi behandlar personopplysningar for å oppfylle forpliktingane våre i samsvar med lov, forskrifter eller myndigheitsavgjerder.

Våre behandlingar basert på rettslege forpliktingar omfattar mellom anna:

  • Førebygging og avdekking av straffbare handlingar som kvitvasking av pengar, finansiering av terrorisme.
  • Sanksjonsovervaking.
  • Oppbevaring av opplysningar etter regnskapslovgjevning.
  • Rapportering til skattemyndigheiter, politimyndigheiter og tilsynsmyndigheiter. 
  • Statistikk, analyse, og risikoklassifisering
  • Andre forpliktingar som er knytt til teneste- og produktlovgivninga. Vi kan til dømes vere forplikta til å ha oversikt over tilsette som er omfatta av ein pensjonsavtale. Vi er forplikta til å registrere bevis på opptent pensjonskapital. Vi kan også vere forplikta til å innhente og behandle helseopplysningar om deg frå ein tredjepart, for å kunne sikra rettane dine gitt i medhald i lov og ivareta regulatoriske forpliktingar som vi har.

Vi kan bruke personopplysningane dine dersom det er nødvendig for å ta vare på ei berettiga interesse som veg tyngre enn omsynet til personvernet ditt. Den berettiga interessa må vere lovleg, definert på førehand, reell og sakleg grunngitt i verksemda vår.

Behandlingane våre basert på berettiga interesse omfattar mellom anna:

  • For at vi skal kunne gje tilbod, etablere, gjere kundeadministrasjon og fakturere tenestepensjonsavtalar når du ikkje er ein part i avtalen.
  • Når det er nødvendig for marknadsførings-, produkt- og kundeanalysar. Analysane dannar grunnlaget for marknadsførings-, prosess-, forretnings- og systemutvikling. Hensikta er å forbetre løysingane våre og tilby best moglege tilbod, produkt og tenester til kundane våre.
  • For å førebygge, avdekke, oppklare og handtere straffbare handlingar og bedrageri mot selskapet. Hensikta er å forhindre tap og auka premie.
  • Når vi skal gjennomføre sikkerheitstiltak. Hensikta er å sikre at personopplysningane dine, verdiane i selskapet og tilsette er verna mot tap, øydelegging eller uautorisert tilgang.

I nokre tilfelle vil behandling av personopplysningar baserast på eit frivillig, uttrykkeleg og informert samtykke frå deg som kunde. Til dømes kan det vere nødvendig med eit samtykke når det er nødvendig å behandle særlege kategoriar av personopplysningar (til dømes helseopplysningar), eller ved bruken din av Min pensjon (pensjonsoversikt) der det må innhentast opplysningar frå Norsk Pensjon for å kunne framstille ei heilskapleg oversikt over pensjonen din.

Dersom du har gitt samtykke til oss, kan du når som helst trekke desse tilbake. Trekker du tilbake samtykket ditt, vil behandlinga opphøyre, og personopplysningane som er knytt til samtykke vil slettast dersom det ikkje finst anna rettsleg grunnlag til oppbevaring. 

Dersom du ber om tilbod på eit pensjons- og forsikringsprodukt eller du krev utbetaling frå eit pensjons- og forsikringsprodukt, kan det vere aktuelt å behandla helseopplysningar om deg.

Enkelte pensjons- og forsikringsprodukt er tilbydde på bakgrunn av avtale med fagforeining. I desse tilfella behandlar vi opplysningar om fagforeinings-medlemskap.

Personopplysningsregelverket stiller strenge krav til behandling av særlege kategoriar av personopplysningar, som helseopplysningar og opplysning om medlemskap i fagforeining. Behandlinga vår av slike opplysningar er basert på samtykket ditt eller at det er nødvendig for å fastsette, gjere gjeldande eller forsvare rettskrav.


Dette bruker vi personopplysningar til

Formålet med å bruke opplysningane dine er mellom anna kundeadministrasjon og å oppfylle forpliktingane våre overfor deg. Vi bruker dei også for å gje deg informasjon, tilbod og oppfylle dei rettslege forpliktingane våre.

For å tilby produkt og tenester, samt for å oppfylle dei forpliktingane som vi har tatt på oss for gjennomføring av pensjons- og forsikringsavtalar (kunde- og avtaleadministrasjon) vil vi bruke personopplysningane dine for å oppfylle dei forpliktingane som vi har tatt på oss.

Vi vil ved vurdering av avtaleinngåing, og under avtaleforholdet registrere opplysningar om deg og andre personar som har tilknyting til avtaleforholdet, som til dømes favoriserte, forsikra og dessutan medlemmer i ein tenestepensjonsavtale.

Andre forsikringsleverandørar av same type avtale kan overta ei forsikring, til dømes dersom arbeidsgjevaren din flyttar tenestepensjonsavtalen frå SpareBank 1 Forsikring til ein annan pensjons- og forsikringsleverandør. I slike tilfelle vil SpareBank 1 Forsikring dele og elles behandle personopplysningar som er nødvendig for å gjennomføre flyttinga. SpareBank 1 Forsikring følger standarden til finansnæringa for overføring av opplysningar ved slik flytting.

Når du set fram eit krav om utbetaling vil vi ha behov for å behandle personopplysningar.

Opplysningar som vanlegvis blir behandla i slike tilfelle er skatteopplysningar og pensjonsoppteningsopplysninger frå arbeidsgjevaren din. Det er også behov for å behandle finansielle opplysningar, slik som kontonummer for utbetaling til korrekt mottakar. Vi er vidare ansvarleg for å innhente opplysningar for å avklare kven som er korrekt mottakar.

Blir det sett fram eit krav i samband med uførleik må vi i tillegg behandle helseopplysningar. Behandlinga er nødvendig for å vurdere krava og gjere korrekt utbetaling.

Vi behandlar personopplysningane dine for å fastsette, gjere gjeldande og forsvare rettskrav, til dømes dersom du er usamd i utfallet av ei forsikringssak hos oss. Sidan vi ikkje kan vere sikker på om eit krav vil settast fram, vert det lagra opplysningar for moglege framtidige krav.

SpareBank 1 Forsikring behandlar personopplysningar der det er nødvendig for å oppfylle krav frå myndigheitene og følge lovar, mellom anna dei som gjeld forsikringsføretak og forsikringsprodukt, tiltak mot kvitvasking av pengar og terrorisme, rapportering til offentlege myndigheiter, rettslege pålegg, sikkerheitskrav og svar på førespurnader frå offentlege myndigheiter.

SpareBank 1 Forsikring kan behandle personopplysningar til det formål å førebygge, avdekke, oppklare og handtere bedrageri og andre straffbare handlingar mot selskapet eller andre. I slike tilfelle vil vi kunne innhente informasjon og dele opplysningar med andre bankar og finansinstitusjonar, politiet og andre offentlege myndigheiter.

Vi er pålagt å rapportere mistenkelege opplysningar og transaksjonar til ØKOKRIM v/Enheten for finansiell etterretning (EFE). Ifølgje personopplysningslova og kvitvaskingslova har du ikkje innsynsrett i enkelte opplysningar vi har registrert så lenge ei etterforsking går føre seg.

Vi behandlar personopplysningane for å kunne gje deg relevant informasjon og marknadsføring. 

Vi bruker også personopplysningane for å informere om tenestene og produkta våre og dessutan å gje informasjon om verksemda vår.

Vi tar omsyn til om du har reservert deg mot marknadsføring i Reservasjonsregisteret i Brønnøysund.

Vi bruker personopplysningar til å gjennomføre analysar og utarbeide statistikk for mellom anna å vurdere risiko, kapitalforhold og lønnsemd, sette korrekte prisar og for å avgjere behovet for å utvikle nye eller eksisterande produkt og tenester. 

Vi har gjennomført tekniske og organisatoriske tryggingstiltak og jobbar kontinuerleg med å sikre at personopplysningane dine er verna mot tap, øydelegging eller uautorisert tilgang. SpareBank 1 Forsikring behandlar derfor personopplysningar for å sikre personopplysningane dine, verdiane i selskapet og tilsette. Døme på tryggingstiltak er drift av infrastruktur, logging på serverar og tilgangskontroll til bygningar og lokale.

Viss du søker på ei stilling hos SpareBank 1 Forsikring, vil vi behandle personopplysningar om deg i samband med søknaden. Det blir lagra opplysningar om deg, herunder søknaden, CV og annan dokumentasjon.


Behandling av personopplysningar

Nokon gongar deler vi opplysningar om deg med andre som har rett til å bruke dei, til dømes offentlege myndigheiter, leverandørar av pensjons- og forsikring eller selskap i Sparebank 1-alliansen. Når det finst eit rettsleg behandlingsgrunnlag, kan SpareBank 1 Forsikring dele opplysningar, til dømes kan det vere for å oppfylle avtalen vår med deg, rettslege forpliktingar eller ta vare på dei legitime interessene våre. Før vi deler personopplysningar, sørger vi alltid for at vi følger dei aktuelle avgjerdene om teieplikt som gjeld i SpareBank 1 som finansføretak. Viss du til dømes sender ei klage til Finansklagenemda, vil vi dele informasjon med Finansklagenemda slik at dei kan behandle klaga di. Nedanfor følger fleire døme på verksemder som vi deler personopplysningar med:

Bankane og føretaka i SpareBank 1 har teieplikt om kundeopplysningar. Som hovudregel gjeld denne teieplikta også mellom føretaka i SpareBank 1. Likevel kan føretaka i SpareBank 1 utlevere visse personopplysningar med kvarandre der det er tillate i lov. Dette kan vere: kontaktopplysningane dine og fødselsnummeret ditt, samt kva Sparebank 1-selskap du er kunde i og kva tenester og produkt du har inngått avtale om.

Bankane i Sparebank 1-alliansen er registrerte forsikringsmeklarføretak som mellom anna formidlar pensjons- og forsikringsavtalar for SpareBank 1 Forsikring AS.  Vi vil i slike tilfelle dele personopplysningar med den banken i SpareBank 1 som hjelper deg med rådgjeving om pensjon og forsikring.

Viss du nyttar Norsk Pensjon for å få oversikt over pensjonsavtalane dine, vil opplysningane dine frå oss komme fram her. 

Når vi administrerer ein tenestepensjonsavtale som du er med i via arbeidsgjevaren din vil det bli overført oppdaterte opplysningar om tenestepensjonen din til arbeidsgjevaren din.

Vert ein avtale som du er registrert i flytta, vil vi overføre opplysningane til avtalen til andre forsikringsselskap.

For at du, som har pensjonskapitalbevis, skal kunne flytte kapitalbeviset utvekslar vi opplysningar med Pensjonskontoregisteret. Det same gjeld dersom du vel å flytte Eigen pensjonskonto.

Forsikringsselskapa som er tilknytta Finans Norge og som sel livsforsikring eller andre personforsikringar der det er helsevurdering ved teikning, har eit felles Register over forsikringssøkarar og forsikra. 

Du kan lese meir om ROFF her

SpareBank 1 Forsikring er etter lov i mange tilfelle pålagt å utlevere personopplysningar til offentlege myndigheiter. 

Døme på slik utlevering er utlevering til skattemyndigheiter, NAV, domstolane, politiet, tilsynsmyndigheiter, Økokrim og offentlege nemnder. Registrerte personopplysningar kan bli utlevert til offentlege myndigheiter og andre utanforståande når dette følger av lovfesta opplysningsplikt eller opplysningsrett. 

Vi bruker tredjepartar til å levere tenester til deg som kunde. Dersom desse tredjepartane behandlar personopplysningane dine, vil desse vere databehandlarane våre. 

SpareBank 1 inngår databehandlaravtalar med alle verksemder som behandlar personopplysningar på våre vegner. Avtalen regulerer korleis databehandlaren kan bruke personopplysningar dei får tilgang til. SpareBank 1 vil berre nytte databehandlarar som garanterer at dei vil etterleve personopplysningslova og GDPR. 

I dag bruker SpareBank 1 Forsikring ulike typar databehandlarar, til dømes: 

  • SpareBank 1 Utvikling  – vårt eige IT- og utviklingsselskap som leverer tenester til heile Sparebank 1-alliansen.
  • Amazon (AWS) – der byggjer vi blant anna pensjonsintegrasjons-plattforma 
  • Microsoft  – til mellom anna Team-møter med deg, eller generell e-postkorrespondanse.
  • PostNord Strålfors - som er leverandør av kommunikasjonstenester både digitalt og på trykk

 

SpareBank 1 Forsikring ønsker først og fremst å berre nytte databehandlarar som held til i EU/EØS-området. Viss SpareBank 1 Forsikring nyttar leverandørar utanfor EU/EØS-området, vil vi forsikre oss om at følgande vilkår er oppfylt for å sikre at personvernet og rettane til kundane våre er godt tatt vare på:

  • Det finst eit godkjent overføringsgrunnlag for overføringa av personopplysningar til eit tredjeland, til dømes bruk av standardkontraktar (EUs standardklausular) som er godkjent av EU-kommisjonen, databehandlaren har gyldige bindande konsernreglar (BCR), eller EU-kommisjonen har vedtatt at det finst eit tilstrekkeleg beskyttelsesnivå i det aktuelle landet.
  • Beskyttelsesnivå for behandlinga av personopplysningane i eit tredjeland svarer til beskyttelsesnivå i EU/EØS, som følge av gitte tekniske og/eller organisatoriske tiltak.

Kor lenge tar vi vare på personopplysningane dine?

Vi lagrar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for dei formåla dei blei samla inn og behandla for, med mindre lov eller forskrift krev at vi lagrar dei lenger.

Så lenge det er nødvendig

Som hovudregel beheld vi personopplysningane dine så lenge det er nødvendig for å oppfylle ein avtale du har inngått med oss, eller i samsvar med krav til oppbevaringstid i lovar og forskrifter. Etter det blir dei sletta eller anonymisert.

I dei tilfella der oppbevaring av personopplysningane dine er baserte utelukkande på eit samtykke frå deg, og du trekker samtykket ditt tilbake, vil vi slette opplysningane så raskt som mogleg.

  • Tilbod som ikkje blir akseptert av deg er oppbevaringsperioden 6 månadar.
  • Dokumentasjon som er innhenta og utarbeidd for å førebygge og avdekke kvitvasking og terrorfinansiering: 10 år etter gjennomført transaksjon eller avslutta kundeforhold.
  • Opplysningar vi er pålagt å oppbevare i medhald av til bokføringslova og bokføringsforskrifta: opptil 10 år.
  • Oppbevaring med bakgrunn i opplysningar gitt i samband med pensjons- og forsikringsavtalen du er registrert i, er inntil 20 år etter at avtalen er avslutta. Grunnlaget for lagringsperioden er dei ytre rammer for foreldelse på grunn av moglegheita for framtidige krav som kan tilbakeførast til avtaleforholdet og behov for å forsvare seg mot andre moglege rettskrav.
  • Oppbevaring av opplysningar for å etterleve kvitvaskingslova er 5 år.
  • Opplysningar for utrekning av regulatoriske krav knytt til solvens- og soliditetskrav: inntil 50 år (Opplysningane vert oppbevart skilt med streng tilgangskontroll).
  • Backup av loggar: Vert oppbevart så lenge det er formålstenleg for den enkelte tenesta (Backup-loggane blir tatt vare på skilt med streng tilgangskontroll).

Slik bruker vi informasjonskapslar (cookies) og analyseverktøy

Det er viktig for oss at du føler deg trygg når du besøker nettsida vår, samtidig som vi kan yte vårt beste for å gi deg det du treng.

Les meir om cookies i personvernerklæringa til Sparebank1-alliansen.

 


Spørsmål og klagar

Viss du meiner vi bryt personvernreglane eller er misnøgd med behandlinga av førespurnaden din, oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss, slik at vi kan gje svar og avklare eventuelle misforståingar.

Kontaktinformasjon

Viss du lurer på noko om denne personvernerklæringa eller SpareBank 1 Forsikring sin behandling av personopplysningane dine, kan du sende e-post til personvernombodet personvern.forsikring@sparebank1.no 

Klage til Datatilsynet

Du har også rett til å klage til Datatilsynet. Informasjon om det finn du på Datatilsynets nettsider.


Endringar i personvernerklæringa

Med jamne mellomrom oppdaterer vi personvernerklæringa for å gje deg rett informasjon om korleis vi behandlar personopplysningane dine.

Her får du ei oversikt over endringar som blir gjort i personvernerklæringa. 

Endring Dato
Ordlydsjusteringar, endring i oppsett av informasjon, samt tilføyd  
einkelte bruksområde for personopplysningar i tråd med forretningsutviklinga.
September 2019:
Nødvendige justeringar og endringar i tråd med utvikling av tenestene våre og produkt og nettsider Mars 2023
{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }